Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#52687] Sorenskr. Lars Walter, Ullensvang (d. 1661) og ?sonen Lars Walter,Bergen/Førde?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Under tema #10337 kjem det fram at sorenskrivar Lars Walter i Hardanger miste livet ved drukning i 1661.Lars Walter tok i 1695 borgarskap i Bergen som kjøpmann, men vart sidan handelsmann i Førde og vart gravlagd i Førde Dom. Mis. (1.5.)1729, 67 år gamal (Lenke - øvste post på høgre side). Alderen peiker heilt tydeleg på fødselsåret 1661 eller 1662, so det er absolutt hald i teorien om at handelsmannen Lars Walter var ein son av sorenskrivaren og kan henda fødd ETTER at faren bleiv i 1661.Spørsmål 1:* Eg har oppfatta det slik at sorenskrivaren i Hardanger den gongen budde på Hesthamar i Ullensvang, og eg lurer på om nokon har tilgjenge til bygdeboki for Ullensvang, eller andre kjelder, som kan fortelja noko om huslyden til sorenskrivar Lars Walter, dvs. fullt namn og fødestad for Lars og namn og fødestad til kona hans?Kjøpmann Lars Walter gifte seg første gongen (dato ukjend) med Elisabeth Ludvigsdotter Paus. Ho vart gravlagd i Bergen 3.8.1697 etter barselseng med sonen Ludvig. Lars Walter gifte seg so att, truleg kring 1700, med Christiner Marie Hansdotter Alstrup, prestedotter frå Hafslo i Sogn, og dei fekk nok minst fire born i lag:- Jens Ørbech Larsson Walter, kjend som Jens Walter Ørbech, fødd kring 1702.- Elisabeth Kirstine Larsdotter Walter, truleg fødd kringf 1705.- Margretha Larsdotter Walter, oppgjevi døypt i Bergen(!) 9.9.1708 (eg finn ikkje denne dåpen!).- Pernille Lovise Larsdotter Walter, fødd kring 1710.So døydde Christine Marie kring 1712.Spørsmål 2:* Medan Lars Walter og første kona tydeleg budde i Nykyrkjesokni i Bergen, har eg i Bergen ikkje vore i stand til å finna korkje vigsli med andre kona Christine eller nokon av dei fire barnedåpane deira. Dette kan berre tyda på at1) dei budde i Domkyrkjesokni, der kyrkjebøker manglar, eller2) dei flytte til Hafstad i Førde kort etter 1700 (for Lars er ikkje i Førde ved FT1701!).Veit nokon kva år Lars Walter busette seg på Hafstad i Førde? Og kom han då direkte frå Bergen?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Lars Walter bodde på Stranden i Bergen, med skjøte 7. september 1698. Han synes å ha bodd i bergen til minst ca. 1715.Det ble skiftet etter hans andre kone Christine Margrethe Alstrup i Bergen 20. januar 1712. De hadde hatt barn til dåpen i Domkirken Lars 14. nov. 1700, Lisabeth Cahtrine 19. aug. 1702, Elisæus 10. aug. 1707, Margaretha 9. sept. 1708 og Pernille Lovise 25. juli 1710. Dessuten hadde de sønnen Hans, født ca. 1699, og sønnen Jens Ørbech, født ca. 1704.Lars Walter giftet seg tredje gang 22. april 1713 i Domkirken, Bergen med Anne Christine Volkvardsdatter Riisbricht. Han synes fortsatt å ha vært i Bergen da han 12. januar 1714 oppgav tap på 40 rdr i sjøskade. I sitt tredje ekteskap fikk han sønnen Falchor.Det ble skiftet etter Lars Walter på Hafstad i Førde 26. juni 1730.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for spennande opplysningar! I tillegg til opplysningar om bustad dukka det her plutseleg opp fleire nye born i denne huslyden. Elisæus må truleg vera avliden kort etter fødsli, for neste barn kjem berre eit drygt år etter, men Hans og Lars har nok levd opp. Skiftet etter Lars Walter frå Førde 1730 vil truleg ha fleire spennande opplysningar...?Elles vonar eg at einkvan kan supplera med opplysningar frå bygdeboki for Ullensvang eller andre kjelder for å klargjera opphavet til Lars Walter...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Brede

Hei - litt frå Førde bygdebok II under gården Hafstad (side 371):Bruk 1 Ytre Hafstad 1718 til 1731Lars Walter f.kr. 1662, d. 1729 på Hafstad. Gift 1. med Kristine Hansdotter Alstrup, d. 1712 - seks born. Gift 2. med Anne Kristine Folkvardsdotter Risbrich, d. 1739. Gjennom henne vart Walter eigar av Hafstad og kom hit i 1718.Born av 2. ekteskapet: FolkvardFra 1731 var eigar Ouden Widerøe, sorenskrivar. Gift med Maren Hansdotter Rue - 9 born. At sorenskrivaren busette seg her, hadde sikkert samanheng med at Walter hadde ført opp eit standsmessig våningshus på bruket. Huset hadde to stover med to små kammer, kjøkken med spisskammer, kjellar under eine stova og lem over heile bygningen. Her var fire omnar. Huset vart taksert til 36 rdl. i 1730.Odd Brede

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Lars Larsen Walter tok borgerskap i Bergen i 1695, og oppgav da å være født i Hardanger. Bygdeboka for Ullensvang har, bind 5, side 368 opplysninger om Lars Walter. Han kom dit som sorenskriver i 1650, og druknet i 1661. 'Enkja livde att i 'yderste fattigdom'. Ein son, Lars Larsson Walter, løyste i 1695 borgarskap i Bergen ...'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Folkedal

I Bu (1931:84) er finn ein Lars Walter under Hesthamar, men få opplysningar - 'n. 1656 skrivar. Drukna ved Valtersvå 1663'.I Kolltveit (1974:368) - band 5 I - heiter det at: Lars Walter kom som ettermann - etter Jens Søffrensen - i 1650 og budde på Hesthamar til han i 1661 drukna inne ved landet, der det enno heiter Waltersvåè. Enkja livde att i 'yderste fattigdom'. Ein son, Lars Larsson Walter, løyste i 1695 borgarskap i Bergen, flytte seinare til Førde i Sunnfjord, der han døydde i 1729 67 år gamal. Ettermannen til Lars var Jakob Busch.Olafsen (1907:288) skriv blant anna: Lauritz Walter nævnes som som Sorenskriver i et Diplom af 1652; ... Lauritz Walter døde i 1661; han skal efter Traditionen have gledet og faldt i Fjorden paa et Sted, som efter Ulykken kaldes Valterssvaai. Dette var Guds Straffedom over ham, heder det, da han vilde forandre Byttet mod Svartveit.I Kolltveit (1963:314) er noko meir omfattande enn i Kolltveit (1974:368), hentar truleg noko frå Olafsen og av segner. Enkja etter han skal ha døydde i 1697, 'formedelst fattigdom har hun intet kundet betalle', det Lars Walter stod til svars med som kyrkjeombodsmann i Kinsarvik - tidlegare kommune i no del av Ullensvang herad.I ei fotnote heiter det at 'Laurits Lauritsson Walter f. ca. 1662, tok borgarskap i Bergen 16. august 1695 og kjøpte i 1698 hus på Stranden, men fekk gard i Førde i Sunnfjord med andre kona si og flytte dit. Mange born. Han døydde i 1729.' (Kolltveit, 1963:315).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve og Jon for nye innlegg om opphavet til Lars Walter.Etter dette ser det dårleg ut med omsyn til å finna fødestaden og farsnamnet til sorenskrivar Lars Walter og namnet på kona hans.For det er vel ikkje andre kjelder tilgjengelege enn dei som Jon nemner...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.