Gå til innhold
Arkivverket

[#52791] Anders Olson på Kjeset, Radøy i Manger (1713?-1782) - opphav og huslyd?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Det ser ut til å vera svært tunt kjeldemateriale når det gjeld kyrkjebøker frå 1700-talet frå Manger i Nordhordland, men kanskje finst det ei bygdebok som kan hjelpa meg ''oppklara'' denne huslyden:Anders Olson Haaland bygsla garden Kjeset (Kidset) på Radøy (Hordabø?) i Manger i 1742. Det at han på den tidi hadde namnet Haaland, kan tyda på at han var fødd på garden Håland i Manger, men kan dette stadfestast? Og, i so fall, kven var foreldri hans?Anders Olson gifte seg kring 1743 med Anna Aamundsdotter (1711-1777), som visstnok var mor til fem born, mellom anna desse to:* Trond Andersson, fødd kring 1744* Ole Andersson, fødd kring 1747Veit ein noko om lagnadane til desse gutane? Døydde båe i ung alder?Anna hadde òg sonen Aamund Andersson, døypt 3.6.1736, som 24.6.1760 gifte seg i Manger med Aleth Palmesdotter, fødd på Halland i Manger kring 1738. Aamund og Aleth tok visstnok over som gardbrukarar på heimebruket hennar på Halland i Manger der dei framleis levde i 1801.Finst det opplysningar om kva tid Aamund og Aleth døydde?Og, stemmer det at dei tok over heimebruket hennar på Halland?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Her er Aleth Palmesdatter fadder i 1765 [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=51&filnamn=Mangfoed&gardpostnr=664&merk=664#ovre>LenkeDu har vel også en del av barna til Aleth Palmesdatter og Omund Andersen, men her er de jeg har funnet:Thron, 1761 LenkePernille, 1762 LenkeOle, 1765 LenkePalme, 1766 LenkeAnders, 1768 LenkeAnne, 1774 LenkePalme, 1777

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune og Grethe for spennande og nyttige innlegg. Eg hadde oversett dødsfallet til Aleth, og når det gjeld dødsfallet til mannen Aamund, so har sikkert det funne stad i den perioden der gravlagde for Manger ikkje er registrert, d.v.s. mellom 1801 og 1816...?Elles lurer eg på: Finst det ei bygdebok for Radøy, eller er ho framleis under arbeid?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Celvin Ruisdael

Hei LarsSakser inn en opplysnng jeg nettopp fant. Dette er skrevet i januar 2007'Like før jul fikk jeg telefon fra A... V.... Han hadde vært i en bokhandel i Bergen og kjøpt den rykende ferske bygdeboka for Radøy. De hadde bare en og den fikk han. Jeg gleder meg til å studere den. Der finnes det mye om slekta vår. Den første utgaven dekker gårdene nord på øya. Blant annet gården Mjøs. Jeg vet at vi hadde slekt på den. Tjorehagen på Radøy, verdt et besøk' Hilsen Celvin

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Celvin Ruisdael

FAGBOKFORLAGET presenterer bygdeboka slik :Radøy gjennom tidene bind 1Anders Haugland Det første bindet av bygdebokverket for Radøy kommune omfattar gards- og ættesoge for eit område som strekkjer seg frå Soltveit til Listveiten, med andre ord den nordvestlege delen av Radøy.Her følgjer me gardsnummera frå 14 til 26. Dermed byrjar det neste bindet med gardsnr. 27 og 28 Kvalheim. Berre på den første garden, Soltveit, er 214 familiar omtala, på nær hundre boksider. For Soltveit og mange av dei andre «gardane» har utvikla seg til grender med mange fastbuande.Dette bokverket er ei soge, med vekt på det historiske stoffet. Her finn du både slekter og historiske fakta – og mange godbitar og interessante glimt frå ei faren tid.Anders Haugland (f. 1949) er frå Ølen og ættar frå Haugland på Radøy. Han er utdanna lektor med hovudfag i historie frå Universitetet i Bergen og har skrive bygdebokverket Skåneviksoga i seks bind (gards og ættesoge og allmenn historie) og elles tre bygdebøker og ei skulesoge for Ølen. Tidlegare har han vore ordførar i Ølen kommune og hatt arbeid ved den vidaregåande skulen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anders Haugland

Jo, det stemmer nok det som er skrive her. For det første: Anders Olsen Kjeset, som skreiv seg Haaland då han tok over Kjeset, kjem nok frå Håland i Manger. Han må vera son til Anna Johannesdotter og Ola Rasmusen Håland. Det finst ein skiftedesignasjon etter Ola Håland, frå 1737. Der er dei to mindreårige sønene Johannes og Nils nemnde. Men Anders var nok mellom dei myndige borna og kom dermed ikkje med.Anders Olsen var nok gift før 1743, kanskje kring 1735. Kvar har du dåpsdatoen (3.6.1736)frå, for sonen Åmund? Det vart halde skifte etter Anna Åmundsdotter i 1777 og Anders Olsen 30.3.1782. Born: a.Åmund f. 1736 (døypt 3.6.1736) , budde på Halland i Manger, gm. Alet Palmesdotter Halland. b. Peder, overtok halve heimegarden i 1774, gm Magnilla Ingebrigtsdotter. Skifte etter han i 1777. c. Ingeborg, budde på Kjeset, gm. Jakob M. Kjeset. b. Trond f.kr. 1744, ikkje nemnd i skiftet etter mora i 1777, d. ung. e. Ola f.kr. 1747, i militær mannskapsrulle omtala som død (ung), ikkje nemnd i skiftet etter mora i 1777, d. ungDet stemmer at Åmund si kone Alet Palmesdotter døydde i 1818. Veit ikkje kva tid Åmund d.Til slutt eit spørsmål: Kva gard i Hafslo var Anna Åmundsdotter frå?Med helsing Anders Haugland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anders for spennande innlegg!Anna Aamundsdotter var fødd på garden Kalhagen i Hafslo og var dotter av gardbrukar Aamund Trondson Kalhagen og Ingeborg Pedersdotter Bratt.Sonen Aamund vart døypt i Hafslo og var fødd utanfor ekteskap. Barnefar var Lars Lasseson frå Opheimshaugen i Hafslo, og so vidt eg kan hugsa, er Aamund ved eitt eller fleire høve kalla Larsson ogso etter at han flytte med mor si til Manger!Eg har eit par tilleggsspørsmål til deg, Anders:* Kjenner ein opphavi (fødestadene) til Ole Rasmusson og Anna Johannesdotter på Håland?* Er det rett å seia at borni Ingeborg (gift med Mons Ingebrigtson) og Peder delte heimebruket på Kjeset mellom seg?* Og til sist, var det heimebruket til Aleth Palmesdotter på Halland Aamund Andersson tok over då han gifte seg dit? Eller kanskje berre ein del av det?nok ein stor takk for hjelpi med denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kenneth Bratland

Legdslemmer i Manger 1756-1815 Sokn År Riksdalar Ort Skilling Merknad 1705 Mangers Præstegiæld 1811 2 0 0 Til den gamle Lægds-Lem Amund Andersen Hallands Begravelse Rolle Stilling Førenamn Etternamn Kjønn Gard 2381 Fattiglem gamle Lægds-Lem Amund Andersen m HallandsAmund Andersen Halland døde i 1811 og ble begravet på fattigkassen sin regning.Mvh.Kenneth Bratland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anders Haugland

Er dessverre ikkje ofte nok inne på denne debattsida, men i dag kikka eg etter og såg at du har stilt spørsmål til meg. Elles mange takk for opplysningar om Anna sitt opphav! - Eg kjenner ikkje opphavet til Ola Rasmusen, men derimot på kona Anna Johannesdotter. Ho var var frå Håland og dotter til Siri Rasmusdotter og Johannes Nilsen Håland. Anna og Ola tok altså over heimegarden hennar. Dessverre har eg ikkje så godt oversyn over delinga på Kjeset ennå, sidan eg ikkje er komen så langt at eg har skrive gardssoga for Kjeset. Det som er sikkert er at Peder tok over halve heimegarden i 1774, og det ser ut til at delinga vart permanent. Men eg er uviss på om det var Ingeborg og hennar ektemann som sat med den andre halvparten. Men uansett oppheldt ho seg der iallfall ei tid. - Ja, det ser ut for at Åmund tok over ein del av Alet si heimejord. Iallfall fekk han i 1774 bygselsetel på ein mindre del (12 merker smør og 8 kanner malt) enn det Palme Olsen fekk bygselsetel på i 1737 (1/2 laup smør). Men heller ikkje Halland har eg fullt oversyn over ennå.Beste helsing Anders Haugland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anders for oppklaring av desse spørsmåli. Med desse opplysningane har eg stort sett fått med dei detaljane som eg mangla.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.