Gå til innhold
Arkivverket

[#52831] Slegen ihel i byvegen (Telemark e l Aust Agder)


Gjest Kjetil Sigvart Eidskard
 Del

Recommended Posts

Gjest Kjetil Sigvart Eidskard

Min tipp tippoldefar Vrål Olson Espestøyl var fødd 27.jan 1797 på Espestøyl som tidlegare høyrde til Gjøvdal ( nå Nissedal ). Ei nå avdøydd Anne K Askland (fantastisk lokal slektsgranskar ) skreiv til meg at 'Vrål blei slegen i hel i byvegen av Gunstein drepar'. Vrål's siste barn føddes 1835 og kona Sigrid Ellingsdtr er innført som enke i folketelling 1865. Dette gjev tidsramma for hendinga. KORLEIS KAN Anne K Askland HA FUNNE FRAM TIL DETTE - ho må nesten ha 'budd' på diverse arkiv -når ein ser alt ho har spreidd av slektstre over heile området Åmli / Gjøvdal. *** mvh kse ***

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjetil Sigvart Eidskard

Hei Berit - tanken din er nok god og naturleg. Men i dette tilfellet er det kanskje på folkemunne 'ryktet' har oppstått. Det blei truleg sagt at om han trengte pengar tok han dei på veg til byen - trong han varer tok han dei på heimvegen. Gamle folk som kan fortele om dette er nå burte. Men det at ein ikkje har funne han gravlagt nokon stad - støttar vel Amme K's teori. Eg får leite vidare. *** mvh kse ***

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gro Berit Sternang

Eg kom til å gå inn på dette temaet, og fekk sjå Espestøyl nevnt.Kan din tipp tippoldefar 'Vrål' vera bror til min tipp tippoldefar Telleiv f. ca 1782, g.m. Gunhild Halvorsdotter Haugestøyl.Mvh Gro Berit.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjetil Sigvart Eidskard

Hallo Gro Berit - sorry - med dei data eg har inne er dei seksmenningar - igrunnen merkeleg med så like navn . Eg har veldig mykje data rundt desse - ville gjerne ha di linje tilbake til din tipp tipp - og du kan spøre dersom noko anna av interesse frå distriktet. Vi er eit par tre stykker som sit med mye om Åmli- Gjøvdal- Fyresdal- Nissedal mm. Min email adresse er *** eidskard@frisurf.no *** mvh kse ***

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gro Berit Sternang

Eg var nok litt rask når eg trudde dei var brør, oppdaga etterpå at det var ein Vrål til på Espestøyl i 1801.Skal prøve å få sendt deg ein mail snart. mvh Gro Berit.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

(Kjetil/3:) I innlegg #3 talar du om to olike 'han'. I tredje setning om 'han' som trengte pengar eller varer (dette er vel Gunstein 'drepar', vonar eg), og seinare om han som ikkje er funnen gravlagt nokon stad. Kven er dette ? Gunstein eller Vrål ? Om folk visste at var drepen, visste dei vel óg kvar ? Og om det er kjend at han var drepen så vart han sjølvsagt gravlagt. Om Gunstein 'drepar' har fengje ei kristen grav er vel ei annor sak ...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Oddbjørn Johannessen

Hei Kjetil!Det er vel den Sigrid Ellingsdatter vi finner som enke i Molands prestegjeld (Telemark) i 1865 som er Vråls enke?LenkeJeg har ikke funnet Vrål gravlagt i Åmli/Gjøvdal. Har du lett i Moland?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Oddbjørn Johannessen

Presisering: Moland - dvs. Fyresdal.Når Mari Wraalsdtr. gifter seg 21/7 1859 i Fyresdal med Aslak Olsen, er faren hennes oppgitt som Wraal Olson Rui u/Kiland:Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjetil Sigvart Eidskard

*** til Per - å bruke pronomen 'han' var dumt av meg. begge dine antagelsar er rette - den fyrste var kanskje logisk - men den siste skulle stått Vrål istaden - beklagar -*** eg har ingenting handfast anna enn AKA har skrive ihelslegen i byvegn av Gunsein drepar. Og i tillegg umogeleg å finne han gravlagd gjer dette sannsynleg . Eg fann truleg bror av han Tolv Olsen gravlagd i 22.6.1835 som inderst på Kiland (hovudsetet her i grenda )Til Oddbjørn - heilt rett med Rui - eg sit nå denne helgja på Eidskar tildlegare husmannsplass u Kiland - Rui der Vrål budde er ein kilometer nord om her. Den dottera Mari du nevner gifte seg og budde på Skjeggerud rett over det lisle vatnet her. Sigrid Ellingsdtr kona til Vrål er fødd på Vehus i Åmli 1798 - ft 1801 er ho 3 år gml med foreldre og ei anna syster på Løddesøl Øyestad. Jamen farta dei vidt i den tida oxo. Nei denne Vrål er kanskje nedsøkt i ei tjønn - og då kjem ein ikkje i kyrkjeboka. Dette forumet er heilt fantastisk her fått veldig mykje hjelp herifrå - *** mvh kse ***

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Gjest Kjetil Sigvart Eidskard

Bendik Veum kom i 1943 med Fyresdal ættebok. Her er nok kanskje ein del fleire feil enn vanleg idag - men ein har vel nå mykje lettare tilgang til f.eks arkiv o.l. På side 349 har han skrive: LEIV KNUTSON FLATLAND VART IHELSLEGEN I ARENDALSVEGEN. Leiv Knutson var svigerson til Vrål Olson Espestøyl og i kykjeboka står dato for gravlagd og ingen merknad. Men Vrål Olson Espestøyl er forsvunnen frå jordas overflate. Denne tydelege feilen hos Bendik Veum tyder vel på at 'på folkemunne' er mykje nytta. *** mvh kse ***

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.