Gå til innhold
Arkivverket

[#52874] Aslaug Tarjeisdotter Brekke, fødd i Kviteseid 1843 - utvandra kring 1851/1855?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Frå Amerika får eg opplyst at Aslaug Tarjeisdotter Brekke skal vera fødd i Kviteseid 7.8.1843 av foreldri gardbrukar Tarjei Halvorson og kona Ingeborg Johnsdotter på Lie i Kviteseid. Heile huslyden skal ha utvandra til Amerika mellom 1851 og 1855.Eg har blatt gjennom emigrantlistene for Kviteseid, men dei inneheld uvanleg mange namn og er dels vanskelege å lesa; eg har ikkje funne spor etter dei der.Er det nokon med lokal kunnskap i Kviteseid som, eventuelt med hjelp av ei bygdebok, kan hjelpa meg med:* Kva år utvandra denne huslyden til Amerika?* Og kva er orsaki til at Aslaug hadde namnet Brekke, medan faren er sagd vera gardbrukar på Lie i Kviteseid?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Etter å ha bladd gjennom den skannede kirkeboka, kan jeg ikke se at Tarje og Ingeborg ble gift i Kviteseid mellom 1843 og 1851.vh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Elin og Rune for interessante innlegg.Det kan sjå ut som at opplysningane som eg har fått frå Stoughton, Dane Co., WI ikkje stemmer heilt. Det er ganske riktig ho som er fødd i 1843, men foreldri var jo tydeleg ikkje gifte med kvarandre.Og so var det utvandringi til Amerika, då... Eg ser at FT1910 opererer med utvandringsår 1880, noko me veit er feil, for ho gifte seg i januar 1866. So har FT1920 utvandringsår 1863, medan FT1900 opererer med utvandringsår 1854!Let det seg gjera å finna det nøyaktige utvandringsåret hennar?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gro Berit Sternang

Ingeborg og Aslaug finn eg ikkje i ættesoga for Kviteseid.Faren trur eg kan vera her LenkeAslaug finn eg heller ikkje konfirmert i Kviteseid.Ingeborg kan ha vore i tjeneste på 'Vestaae u. Brække' då Aslaug blei døpt, og er kanskje frå ein av nabokommunane.Mvh Gro Berit

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.