Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#52898] Tollef Olsen og Christine (Jensd.) - gifte i Bergen 1840 - Bergen 1875 - lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

FT1875 for Bergen by syner m.a. dette paret, busett på fattighuset i 17. rode nr. 52:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Tolleiv Olsen Over Etage m Husfader g Tømmermand Lemmer ved Fattighuset 1815 Hallestad Fane Sogn Fane 17-52Chrestine Olsen fød Jensdatter Over Etage f Kone g Lemmer af Fattighuset 1814 Sogndahlsfjeren Sogndal 17-52~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~FT1865 for 22. rode nr. 90 syner at Tollef Olsen var fødd i Bergen, medan vigsli deira frå 1840 oppgjev fødestad Torøy! Faren er oppgjeven vera Ole Johannesson Hatlestad.Eg finn ikkje fødsli hjå FamilySearch, men kyrkjeboki for Fana syner at Tollef er døypt der 5.11.1815.Eg finn derimot heller ikkje dødsfalli til dette paret i Bergen. Er det nokon med betre auge enn meg som kan hjelpa meg finna desse dødsfalli?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Eg har berre funne dei att i 1885 og 1891.1885-teljinga for BergenGateadr. Bustad merknad Personnr. Etasje Førenamn Etternamn Kjønn Fødd år Fødestad YrkeKong Oscarsgade 25 Søfarendes Fattighus 13 2 Tolleiv Olsen m 1813 Bergen Lemmer af de Søfarendes FattighusKong Oscarsgade 25 Søfarendes Fattighus 14 2 Krestine Olsen k 1812 Bergen Lemmer af de Søfarendes Fattighus**********Folketelling 1891 for BergenGate Husnr. Teljingskrets Husliste Personliste Hushaldstill. Førenamn Etternamn Kjønn Stilling Stand Fødd år Fødestad Nasjonalitet Yrke..[Kong Oscarsgade 25 4 15 89 2 Tollev Ols. M Lem i de Søfarendes Fattighus En 12 Sogdals Præstegjeld Lem i de Søfarendes Fattighus.]..Kong Oscarsgade 25 4 15 90 2 Krestine Ols. K Lem i de Sjøfarendes Fattighus G 12 Sogndals Præstegjeld Lem i de Sjøfarendes Fattighus.***********MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle for nytt spennande innlegg.Dette er underleg, for til tross for at parfolket då må ha butt på ''de Søfarendes Fattighus'' i mange år og rimelegvis døydde der, so er dei likevel ikkje registrerte som avlidne i Bergen.Eg vil senda inn eit spørsmål om dette i Arkivforum. For mange år sidan var eg borti eit liknande problem, og eg vitja dette fattighuset (NB: no heiter det noko anna...!) for å sjå gamle ''klient''-protokollar, som dei då framleis sat med...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Siren Eldøen

Kanskje dette er rette mann. Tømmermann Tollef Olsen f.1713 i Fana. Bopel Sjøfarernes fattighus. Skannede kirkebøker for Bergen. St.Jørgen. Klokkerbok A10 1886-1910.Døde og begravede 1894 s.67 nr.7

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Dette ser lovande ut :-)Men så var det kona hans - kvar vart det av ho? Eg har leita svært raskt i same KB fram mot 1908, men tilsynelatande ikkje noko spor.MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Siren og Gisle fr nye innlegg. Dette var uventa, men det syner at databasen for avlidne i Bergen ikkje er 100%... Likevel er det underleg at både mann og kone skal vera utegløymde...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×