Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Lars E. Øyane

[#52899] Johanna Andersdotter, d. på Tangenes i Solund 1833 - kvar kom ho ifrå?

Recommended Posts

Guest Lars E. Øyane

Husmannskona Johanna Andersdotter Tangenes i Solund døydde på Tangenes 27.4.1833 etter barselseng. Ho gifte seg i Solund (Gulen) 10.7.1825 med Ole Jensson. Dei heiter båe Indreøy i 1825, men Ole var fødd i Sogndal i 1801, medan JJohanna skal vera fødd i 1800 eller 1801, men KVAR kan ho vera komi ifrå?Eg ser at ei Johanna Andersdotter vart døypt i Gulen 1.10.1800 av foreldri Anders Johannesson og kona Ales Johnsdotter på Nedre Austgulen i Gulen, men kan det vera ho? Austgulen ligg vel på ein heilt annan kant av bygdi...?Huslyden er omskriven i bygdeboki for Solund, band I, side 358, men der står ikkje noko om opphavet hennar!Eg vonar einkvan med lokal kunnskap i Solund kan hjelpa meg finna det rette opphavet til Johanna Andersdotter og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Gisle Hersvik

Hei Lars!Eg har litt tru på at det er den Johanna Andersdtr. frå Austgulen det er snakk om her (uten at eg kan gå heilt god for det). Ho budde i Nordre-Hjønnevåg i 1817 (konfirmasjon), sjå nr. 21:Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 18 (1816-1825), Konfirmerte 1817, side 241.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11450&idx_id=11450&uid=ny&idx_side=-204>LenkePermanent bildelenke:

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Gisle Hersvik

Her gifter foreldra til Johanne seg: LenkeEg har notert meg at Anders J. f. 1772 døde 5.6.1806 Husøy, medan Alis J. f. 1770 døde 1835 Inderøen.Vidare har eg at Alis som enke gifte seg oppatt i 1826 m. Ola Jonsson Ytrøy f. 1745 (d. ?)Då finnes det iallefall ei 'lenke' til Indreøy !!MVH Gisle

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Gisle; du har overtydd meg om at dette mest truleg må vera den ''rette'' Johanna, og ''puslespelet'' om denne ætti er eitt skritt nærare fullføring...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.