Gå til innhold
Arkivverket

[#52902] Anna Jensdotter, f. i Sogndal 1820 - enkje på Steinsøy i Solund 1875 - lagnad`?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Anna Jensdotter var fødd i Sogndalsfjløra i Sogndal 10.7.1820 og gifte seg to gonger i Solund (Askvoll prestegjeld), først i 1851 med Ingemar Ingemarson (1800-1863) frå Hersvik; dei budde på Vadsøy i Solund, og so i 1870 med Lars Jørgenson frå Steinsøy som i bygdeboki for Solund er oppgjeven fødd i 1803, men som eg ikkje finn korkje i kyrkjeboki for Gulen eller hjå FamilySearch!Lars Jørgenson døydde i 1875 på Steinsøy, men bygdeboki har ikkje noko dødsfall for Anna, og heller ikkje finn eg dødsfallet hennar i nokon av basane for avlidne i Solund.Eg har to spørsmål her:* Kvar vart det av Anna Jensdotter etter 1875? Dato og stad for dødsfallet hennar?* Og er det mogeleg å finna ein dåpsdato for Lars Jørgenson Steinsøy i 1803? Kan han kanskje vera døypt i Askvoll?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle for interessante opplysningar. Eg ser eg hadde dødsfalet ti Lars Jørgenson frå før, men eg saknar DÅPEN hans. Du har ve ikkje den òg?Elles lurer eg på kva for ei kyrkjebok dødsfallet hennar Anna Jensdotter kan vera innført i. Eg finn ho ikkje korkje i Askvoll eller Vilnes sokner i Askvoll, men no veit ikkje eg kvar i Askvoll Leknessund ligg...? (Eg har aldri vore i Askvoll!)Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Dersom Anne dø i Leknessund i 1907 skulle ho finnast i KB for Hersvik sokn i Solund kommune (men denne er ikkje avlevert enno etter det eg forstår).Elles høyrde Leknessund (og Hersvik, Færøy, Steinsøy, Buskøy/Refsøy etc.) tidligare til Askvoll (Vilnes sokn) før gardane vart overført til Hersvik sokn då det vert oppretta.Dåpen til Lars J. har eg ikkje funne, men den burde finnast i KB for Askvoll, evt. konfirmasjonen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jon Sværen

Iflg Fylkesarkivet i SF er Anne Jensdtr f. 1820, busett på gard nr 1428-16, Eidet Søndre i Askvoll i FT 1900. Ho har tittelen: Familielem,e

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.