Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#52920] Jens Olson og Kirsti Einersdotter Sogndalsfjæren - huslyden deira Solund/Bergen?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Etter fleire deltema om denne huslyden frå Sogndalsfjøra med røter frå Hafslo (Luster), ønskjer eg i dette tema å syna fram ei samla oversikt der det går klart fram kva eg so langt veit (og IKKJE veit) om dei:~~~~~~~~~~~~~~~~Kirsti Einersdotter (Solvi), døypt i Hafslo 14.12.1777, gifte seg i Hafslo 24.6.1799 med Jens Olson frå Sogndalsfjøra i Sogndal. Han var son av strandsitjar Ole Jensson i Sogndalsfjøra og kona Margretha Baardsdotter og vart døypt i Sogndal 13.8.1775. Jens Olson var smed, og han og Kirsti busette seg i Sogndalsfjøra i Sogndal der Kirsti d. hausten 1823. Jens Olson d. same staden 9.12.1839. Dei fekk ni born i lag:a. Ole Jensson, døypt i Sogndal 20.4.1800, vart gravlagd frå Sogndalsfjøra i Sogndal 18.1.1801. b. Ole Jensson, døypt i Sogndal 19.9.1801, d. ved drukning ved Tangenes i Solund, Gulen 13.9.1869. Ole gifte seg første gongen i Solund, Gulen 10.7.1825 med Johanna Andersdotter frå Indreøy i Solund, døypt i¤¤¤¤¤ (dato og stad for dåpen hennar? - 1800/1801? - frå Austgulen?)Ho d. i barselseng som husmannskone på Tangenes 27.4.1833. So gifte Ole seg 17.7.1834 att i Solund med Martha Arnesdotter frå Kolgrov i Solund, døypt i Solund, Gulen 30.9.1796. Ho d. som husmannskone på Tangenes 3.12.1861. Ole busette seg som strandsitjar og fiskar i Sandviki under Tangenes i Solund og fekk i alt sju born, fire frå første ekteskapet og tre frå det andre.c. Bertha Jensdotter, døypt i Sogndal 28.8.1803,¤¤¤¤¤ (n. 1823 – lagnaden hennar?)d. Margretha Jensdotter, døypt i Sogndal 23.10.1805,¤¤¤¤¤ (n. 1823 – lagnaden hennar?)e. Maria Jensdotter, døypt i Sogndal 1.1.1808, d. som kårenkje på Nesse i Solund 28.12.1885. Maria gifte seg i Solund, Gulen 19.9.1829 med enkjemannen Jens Jacobson, opphavleg frå Nesse i Solund. Han vart døypt i Solund, Gulen 18.4.1790 og d. som kårmann på Nesse 11.2.1875. Jens var husmann i Nessehaugen under Nesse i Solund og fekk i alt fem born, som alle var frå andre ekteskapet hans med Maria Jensdotter.f. Kirsti, kjend som Christina Jensdotter, døypt i Sogndal 17.11.1811, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1891!)Christina flytte i ung alder til Bergen der ho 14.6.1840 gifte seg med Tollef Olson frå Hatlestad i Fana, døypt i Fana 5.11.1815.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1891!)Tollef var skipstømmermann, og han og Christina budde i Bergen levetidi ut. Dei fekk fem born i lag.g. Synneva Jensdotter, døypt i Sogndal 12.12.1813, d. som smedenkje i Bergen 3.9.1881. Synneva flytte òg til Bergen der ho 2.9.1840 gifte seg med Knut Olson frå Margretajorven under Eggum i Borgund, Lærdal. Han var f. i Lærdal 4.10.1812 og d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1865!)¤¤¤¤¤ (yrke og bustad?)Dei fekk tre born i lag.h. Einer Jensson, f. i Sogndal 26.9.1816, d. som husmann på Gil ytre i Hyllestad 21.6.1862. Han gifte seg første gongen i Solund, Gulen 23.5.1844 med Kari Bendiksdotter frå Hersvik i Solund, f. på Risnes i Hyllestad, Askvoll 15.1.1818. Men Kari d. som husmannskone på Gil ytre i Hyllestad 15.9.1857, og Einer gifte seg 12.6.1858 att i Hyllestad med Kari Pedersdotter frå Eide i Hyllestad, f. i Hyllestad¤¤¤¤¤ (fødselsdatoen hennar?)1822. Ho d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – attgift 1864 med Anders Nilsson, f. 1831 på Hjelmen i Manger – flytte frå Hyllestad før 1875!)Einer var ei tid husmann på Kråkeneset i Solund, men flytte i 1853 med første kona Kari Bendiksdotter til plassen Gilshaugen under Gil ytre i Hyllestad. Der vart òg andre kona Kari Pedersdotter buande som enkje og sidan som attgift til ho med andre mannen i 1870-åri flytte til¤¤¤¤¤ (kvar flytte dei?)Einer fekk visstnok i alt åtte born, fem frå første ekteskapet og tre frå det andre.i. Anna Jensdotter, f. i Sogndal 10.7.1820, d. som legdelem på Leknessund i Askvoll, Solund¤¤¤¤¤ (dødsdatoen hennar?)1907. Anna gifte seg første gongen i Solund, Gulen 4.10.1851 med enkjemannen Ingemar Ingemarson, opphavleg frå Hersvik i Solund, døypt i Solund, Gulen 7.9.1800. Men Ingemar d. som kårmann på Vadsøy i Solund, Askvoll 20.2.1863, og Anna gifte seg 13.7.1870 att i Askvoll med enkjemannen Lars Jørgenson, opphavleg frå Steinsøy i Solund, f. i Solund, Askvoll¤¤¤¤¤ (finn ikkje i Askvoll eller Gulen!)1803. Han d. som kårmann på Steinsøy i Solund, Askvoll 19.10.1875. Ingemar var gardbrukar på Vadsøy i Solund, medan Lars var gardbrukar på Steinsøy i Solund. Anna fekk tre born, som alle var frå første ekteskapet, men Ingemar hadde òg seks born frå første ekteskapet sitt, medan Lars Jørgenson òg hadde seks born frå første ekteskapet sitt.~~~~~~~~~~~~~~~~Eg vil sjølvsagt vera svært takksam for alle tilleggsopplysningar som måtte dukka opp om denne huslyden og takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alf Strand

Lars Jørgenson Steinsøy vart døypt 16. juli 1805. Når det gjeld e) Maria Jensdtr. er det rette gardsnamnet Nessa.Dei budde på Nessehaugen, plass under garden Nessa. Eg skal komma att dersom eg finn noko om dei andre Jensdøtrene som du ikkje har opplysningar om.Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Alf for nyttige og verdifulle tilleggsopplysningar! Og eg vonar sjølvsagt at du kjem att med meir...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

f. Einar Jensen. Om han har eg notert 6 (med Kari) + 3 born (med Anna), samt 1 barn med Elie Andersdtr. (denne siste har du ikkje nemd i manuskriptet ditt).Kanskje Alf kjenner opphavet til denne Elie Andersdtr. Inderøen ?MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

i. Anna Jensdtr. Ho vart gift med Ingemar i Askvoll (ikkje Gulen).Den Ingemor som vart døypt 7.9.1800 Birknes er ikkje den samme som vart f. Hersvik:Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 16 (1798-1808), Fødte og døpte 1800, side 180-181.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11448&idx_id=11448&uid=ny&idx_side=-73>LenkePermanent bildelenke: LenkeNr. 40.************ Dette er den rette Ingemar, døypt 13.5.1800:Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Askvoll, Ministerialbok nr. A 9 (1776-1821), Kronologisk liste 1800, side 298-299.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

h. Einar Jensen.Andre kona hans og den ny mannen flytte til Askøy der vi finn dei att under Mindestrømmen Myren: [url="http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1247&kenr=009&bnr=0461&lnr=00>LenkeDer finn vi også dei to barna frå ekteskapet med Einar som levde opp.Vi finn dei att i 1900: LenkeKan dette vere Anders som dø: Lenke ?Og då må dette vere Anna som dø: Lenke.Kristian Einarsen g. seg: LenkeBrita Einarsdtr. gifter seg:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle for fleire svært spennande og nyttige innlegg.No oppdaga eg at eg hadde feil førenamn på andre kona til Einer Jensson Giil, og med rette namnet (Anna fann eg fødsli hennar i Hyllestad. Soleis er avsnittet om Einer no heilt komplett!Dotteri Britha gifte seg med Andreas Rasmusson frå Marifjøra i Hafslo. Dei utvandra til Amerika der Andreas (Andrew Robinson) ei tid var politimeister i So. St. Paul, MN. Dei fekk ei stor etterslekt, som er omskrivi i band VI av bygdebokserien for Luster.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×