Gå til innhold
Arkivverket

[#53077] Erik Torbjørnson, fødd i Hafslo 1789 - vart han gift i 1814 til Polden i Solund?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Erik Torbjørnson, døypt i Hafslo 25.2.1786, ''uægte'' son av Torbjørn Ellingson og Britha Eriksdotter, forsvinn frå Hafslo før 1801, men KAN vera identisk med ein Erik Torbjørnson som 10.1.1814 gifte seg i Solund med Anna Olsdotter frå Polden, fødd i Solund 1786 som dotter av gardbrukar Ole Rasmusson og Britha Johannesdotter. Tre born er nemnde:* Torbjørn Erikson (1814)* Ole Erikson (1817)* Rasmus Erikson (1820)Før eg går vidare med borni, er det nokon med lokal kunnskap i Solund som kan stadfesta opphavet til Erik Torbjørnson på Polden? Kan han vera frå Hafslo?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg rota visst skikkeleg til dette fødselsåret til Erik Torbjørnson. Rett fødselsår skal vera 1776!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune og Gisle for nye innlegg. No ser eg at dette spørsmålet har vore debattert før. Eg søkte i arkivet etter Erik TorbjørnsOn, men fekk ikkje tilslag og ser jo no kvifor....Då lyt me gå ut ifrå at det mest truleg er ''min'' Erik Torbjørnson som hamna på Polden. Eg lyt studera dei andre temai og kjem truleg attende med nokre detaljspørsmål om borni etter Erik og Anna!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

* Torbjørn Erikson (1814) - om han har eg kun notert at han dø i 1880 (truleg Utvær).* Ole Erikson (1817) - fekk ein son med Svanhild Matiasdtr. Nautøen (1817- etter 1865) i 1853. Han dø etter 1900 (kanskje Utvær). Svanhild hadde også eit barn andre forhold med barn utanfor ekteskap.* Rasmus Erikson (1820) - gift 1854 med Oline Petrine Hansdtr. Gåsvær (1833 - etter 1875). Rasmus d. 1868 (Yttrøy). 5 born. Oline fekk ein son i 1874 med Andreas Hemmingsson Henriksbø.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Ein sein, men like hjarteleg takk til Gisle for siste innlegget her frå 2007.Eg held no på med siste ''finpussen'' av denne delen av manuskriptet mitt og manglar framleis fleire detaljar om denne huslyden. Kansje kan nokon med lokal kunnskap hjelpa meg vidare?~~~~~~~~~~~~~~~~Erik Torbjørnson, døypt i Hafslo 25.2.1776, flytte i ung alder som tenestedreng til Nesøy i Solund der han vart konfirmert i 1793. Han gifte seg i Solund, Gulen 10.1.1814 med Anna Olsdotter frå Polden i Solund. Ho var dotter av gardbrukar Ole Rasmusson på Polden, opphavleg frå Gylta, og kona Britha Johannesdotter frå Polden og vart døypt i Gulen 6.1.1786. Erik og Anna tok over som gardbrukarar på Polden etter foreldri hennar, men Erik d. der som gardbrukar alt 10.6.1822. Anna gifte seg att i Solund 15.8.1825 med enkjemannen Knut Endreson, opphavleg frå Instefjord i Solund. Han var son av¤¤¤¤¤ (foreldri hans?)og f.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dåpen hans? – 1763?)Knut tok over styringi av bruket på Polden i Solund, men d. der alt 1.11.1825. Anna d. som kårenkje på Polden 19.1.1860. Ho fekk i alt fire born, tre søner frå første ekteskapet og ei dotter frå det andre:a. Torbjørn Erikson, døypt i Solund 24.10.1814, var i mange år tenestedreng hjå halvsøsteri Ædel på Utvær i Solund og d. der som husmann 10.1.1880, ugift.b. Ole Erikson, døypt i Solund 4.1.1817, var i mange år tenestedreng på Gåsvær i Solund, men d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – etter 1900!)likeins ugift.c. Rasmus Erikson, f. i Solund 20.1.1820, d. som innerst på Ytreøy i Solund 12.8.1868. Han gifte seg i Solund 28.12.1854 med Olina Petrine Hansdotter frå ein plass¤¤¤¤¤ (kva for ein plass?)under Gåsvær i Solund, f. i Solund 7.4.1833. Ho d.¤¤¤¤¤ (dato og stad? – e. 1875 då ho budde på Strand i Solund!)Rasmus og Olina var gardbrukarar på Nautøy i Solund og fekk fem born i lag, men Olina fekk òg ein son etter ho vart enkje.d. Ædel Knutsdotter, f. i Solund 28.6.1825, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)Ædel gifte seg i Solund 26.7.1856 med Ole Bertelson frå ein plass¤¤¤¤¤ (kva for ein plass?)under Tungodden i Solund, f. i Solund 14.10.1823. Han d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)Ole var fiskar, og han og Ædel budde som strandsitjarar på ein plass¤¤¤¤¤ (kva for ein plass?)under Utvær i Solund. Dei fekk¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer?)born i lag.~~~~~~~~~~~~~~~~Eg takkar so mykje for alle tilleggsopplysningar som måtte dukka opp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Hei! Her skal du få nokre tilleggsopplysningar: c) Rasmus Erikson, g.m. Oline Petrine Hansdtr. frå Gåsvær. Faren var truleg ikkje plassmann, heller strandsitjar. Borna til Rasmus og Oline: a) Ole Andreas f. 21/9 1856, utvandra til Amerika 28/4 1882 b) Helene Johanne f. 21/12 1858, utvandra til Amerika 22/4 1882 c) Elen f. 12/5 1860. Har ikkje fleire opplysningar. d) Peter Kristoffer f. 19/8 1862 e) Lars Møldrup f. 29/9 1864, g. 1886 m. Karen Dortea Jonsdtr. Gjørøy i Askvoll, f. 1861Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Lars,I ein debatt som eg ein gong starta skreiv Alf Strand følgande;'Det stemmer ikkje heilt at Ole Erikson Pollen ikkje hadde etterkomarar. Rett nok var han ikkje gift, men 20/12 1853 fekk han ein son med Svanhild Matiasdtr. Sonen fekk namnet Andreas, men vaks opp saman med mora og gjekk på folkemunne berre for 'Svanilden'. Han kjøpte seg gard i Avløyp, var kjend som ein flink fiskar og la seg opp pengar så pass at han vart rekna for ein halden mann. Han var gift, men hadde ikkje born.'

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Lars,Når det gjeld '...enkjemannen Knut Endreson, opphavleg frå Instefjord i Solund...', så stemmer det nok betre at han er (eller kan vere ein) son av Endre Sjursson Instefjord (Brekke) og Guri Knutsdtr. Kjellevoll (Gulen). Eg har ikkje fått sjekka dette, men Endre hadde iallefall ei dotter som havna i Tangenes, Solund. Eg kan evt. sjekke kva det står i BB for Brekke.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Eg har notert navn på 7 born for Ædel og Ole:- Bernt, Helene Johanne, Ludvig (dø ung), Alida, Ludvig, Elisabeth, Regine.Eg kjenner dessverre berre til Alida sine etterkommere (nokon av dei iallefall).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

I følgje bygdeboka døydde Ole Erikson på Utvær i 1904. Dei skanna kyrkjebøkene for Husøy sokn går ikkje så langt, så eg har ikkje fått sjekka datoen. Ole Bertelson og Edel Knutsdtr. var gifte 26/7 1856 og fekk desse borna: a) Bernt f. 10/9 1856 b) Helene Johanne f. 24/12 1858 c) Ludvig f. 30/4 1861, døydde 27/4 1864 d) Alida f. 2/2 1864 e) Ludvig f. 1/1 1866, d. 14/2 same året f) Elisabet f. 8/3 1868, d. 4/7 same året g) Regine f. 27/6 1870Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Ref. (12): Eg fekk dessverre ikkje sjekka BB for Brekke, men eg er heilt sikker på at Knut Endresson er frå Instefjord i Brekke.Takk til Alf for datoar!Er ikkje KB for Husøy etter 1896 avlevert slik at det kan skannast?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Alf og Gisle for nye spennande opplysningar om denne huslyden. Eg trur eg har fått med meg det meste, men sit i dag att med desse konkrete spørsmåli:~~~~~~~~~~~~* Knut Endreson var altso frå Instefjord i Brekke, men er det mogeleg å finna ein dåpsdato eller i det minste eit fødselsår for han - kring 1763?* Far hans Knut, Endre Sjurson, var altso gardbrukar (eller leiglending) på Instefjord, men veit nokon kvar han hadde opphavet sitt ifrå?* Dødsdatoen for Ole Erikson på Utvær i 1904? - kva yrkestitel har han ved dødsfallet?* Kona hans Rasmus, Oline Petrine Hansdotter (f. 1833), kom frå ein plass under Gåsvær - kva plass?* Dato og stad for dødsfallet hennar Oline Petrine Hansdotter, etter 1875?* Dato og stad for dødsfallet hennar Ædel Knutsdotter (Utvær etter 1900?)?* Dato og stad for dødsfallet hans Ole Bertelson (Utvær etter 1900?)?* Kjenner ein namnet på plassen under Utvær der Ædel og Ole budde?~~~~~~~~~~~~Eg ser at Ole Erikson, Ole Bertelson og Ædel i 1900 budde i lag på plassen under Utvær LenkeDersom det er slik at kyrkje- eller klokkarboki for Husøy sokn etter 1896 (jmf. innlegg #15) er innlevert, kan det kanskje vera ein tanke å be om dei tre dødsdatoane direkte frå Statsarkivet i Bergen? Eg trur eg gjer det...Nok ein gong ein stor takk for hjelpi med denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Etter at Yngve Nedrebø no har gjort oppslag i innkomi kyrkjebok for Husøy sokn i Solund er også dei tre manglande dødsdatoane komne på plass:~~~~~~~~Yngve Nedrebø, SAB / DA, 12.9.2010 15:58 (2)Ole Erikson, døypt i Solund 4.1.1817, d. på Utvær 19. februar 1904 som ugift fattiglem.Ole Bertelson, f. i Solund 14.10.1823, d. 28, okt. 1906 på Utvær som gift fisker.Ædel Knutsdotter, f. i Solund 28.6.1825, d. på Kalgrov 21. oktober 1913 som enke.~~~~~~~~Her følgjer so ein oppdatert ''status'' for denne huslyden i manuskriptet mitt:~~~~~~~~Erik Torbjørnson, døypt [Hafslo] 25.2.1776, flytte i ung alder som tenestedreng til Nesøy i Solund der han vart konfirmert i 1793. Han gifte seg i Solund, Gulen 10.1.1814 med Anna Olsdotter frå Polden i Solund. Ho var dotter av gardbrukar Ole Rasmusson på Polden, opphavleg frå Gylta, og kona Britha Johannesdotter frå Polden og vart døypt i Gulen 6.1.1786. Erik og Anna tok over som gardbrukarar på Polden etter foreldri hennar, men Erik d. der som gardbrukar alt 10.6.1822. Anna gifte seg att i Solund 15.8.1825 med enkjemannen Knut Endreson, opphavleg frå Instefjord i Brekke. Han var son av gardbrukar Endre Sjurson på Instefjord i Brekke og kona Guri Knutsdotter frå Kjellevoll i Gulen og vart døypt i Brekke 3.4.1763. Knut tok over styringi av bruket på Polden i Solund, men d. der alt 1.11.1825. Anna d. som kårenkje på Polden 19.1.1860. Ho fekk i alt fire born, tre søner frå første ekteskapet og ei dotter frå det andre:a. Torbjørn Erikson, døypt i Solund 24.10.1814, var i mange år tenestedreng hjå halvsøsteri Ædel på Utvær i Solund og d. der som husmann 10.1.1880, ugift.b. Ole Erikson, døypt i Solund 4.1.1817, var i mange år tenestedreng på Gåsvær i Solund, men d. som legdelem på Utvær i Solund 19.2.1904, likeins ugift.c. Rasmus Erikson, f. i Solund 20.1.1820, d. som innerst på Ytreøy i Solund 12.8.1868. Han gifte seg i Solund 28.12.1854 med Olina Petrine Hansdotter frå ein plass¤¤¤¤¤ (kva for ein plass?)under Gåsvær i Solund, f. i Solund 7.4.1833. Ho d.¤¤¤¤¤ (dato og stad? – e. 1875 då ho budde på Strand i Solund!)Rasmus og Olina var gardbrukarar på Nautøy i Solund og fekk fem born i lag, men Olina fekk òg ein son etter ho vart enkje.d. Ædel Knutsdotter, f. i Solund 28.6.1825, d. som enkje på Kalgrov i Solund 21.10.1913. Ædel gifte seg i Solund 26.7.1856 med Ole Bertelson frå ein plass¤¤¤¤¤ (kva for ein plass?)under Tungodden i Solund, f. i Solund 14.10.1823. Han d. som fiskar på Utvær 28.10.1906. Ole var fiskar, og han og Ædel budde som husmannsfolk på ein plass¤¤¤¤¤ (kva for ein plass?)under Utvær i Solund. Dei fekk sju born i lag.~~~~~~~~Det er ikkje so mykje som manglar no, men kanskje er det mogeleg å finna svar på nokon av desse siste spørsmåli òg?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Nokre kommentarar til innlegg 20: Garden som Erik Torbjørnson kom til i Solund, heiter Pollen. c) Oline Petrine Hansdtr. var fødd i Gåsvær. Plasset har ikkje noko eige namn. I praksis var faren fiskar. Dødsdatoen til Oline har eg ikkje funne, det ser ikkje ut til at ho døydde i Solund. Men i 1900 finn eg ei Oline Hansen på Fredriksberg i Bergen, f. 1832 i Sulen. Det kan vera ho. d) Edel var gift med Ola Bertelson frå eit plass under Tungodden. Plasset har ikkje noko namn i noko dokument. Edel og Ola var husmenn utan jord i Utvær.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle og Alf for nye spennande innlegg!Til Gisle: Eg følgjer eit fast mønster når det gjeld ''uekte'' born; dei vert systematisk omskrivne under mori; berre dersom dei openberrt vert oppalne hjå faren, vert dei nemnde der.Til Alf: Det er nok ''vår'' Olina som du har funne i Bergen, og ho er òg i Bergen i 1912:''Oline Petrine RASMUSEN, fødd Sulen 9.4.1830 - innflytt Bergen 1882 - budde 1910 på Enkehuset i Bergen - 1912 i Kong Oscarsgate 90''Då er det vel ho som døydde på Enkehuset 15.2.1914, 84 år gamal - let etter seg fire born som er namngjevne (Lenke). Mellom dei er Helene Bendiksen i Amerika...Med dei andre kommentarane som du Alf har komme med, er denne huslyden heilt ''komplett'' i mine papir!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle og Alf for nye spennande innlegg!Til Gisle: Eg følgjer eit fast mønster når det gjeld ''uekte'' born; dei vert systematisk omskrivne under mori; berre dersom dei openberrt vert oppalne hjå faren, vert dei nemnde der.Til Alf: Det er nok ''vår'' Olina som du har funne i Bergen, og ho er òg i Bergen i 1912:''Oline Petrine RASMUSEN, fødd Sulen 9.4.1830 - innflytt Bergen 1882 - budde 1910 på Enkehuset i Bergen - 1912 i Kong Oscarsgate 90''Då er det vel ho som døydde på Enkehuset 15.2.1914, 84 år gamal - let etter seg fire born som er namngjevne (Lenke). Mellom dei er Helene Bendiksen i Amerika...Med dei andre kommentarane som du Alf har komme med, er denne huslyden heilt ''komplett'' i mine papir!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle og Alf for nye spennande innlegg!Til Gisle: Eg følgjer eit fast mønster når det gjeld ''uekte'' born; dei vert systematisk omskrivne under mori; berre dersom dei openberrt vert oppalne hjå faren, vert dei nemnde der.Til Alf: Det er nok ''vår'' Olina som du har funne i Bergen, og ho er òg i Bergen i 1912:''Oline Petrine RASMUSEN, fødd Sulen 9.4.1830 - innflytt Bergen 1882 - budde 1910 på Enkehuset i Bergen - 1912 i Kong Oscarsgate 90''Då er det vel ho som døydde på Enkehuset 15.2.1914, 84 år gamal - let etter seg fire born som er namngjevne (Lenke). Mellom dei er Helene Bendiksen i Amerika...Med dei andre kommentarane som du Alf har komme med, er denne huslyden heilt ''komplett'' i mine papir!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.