Gå til innhold
Arkivverket

[#53141] Ovedia Christiansdotter Rygg - fødd Noreg 1867 - utvandra 1885 - kven var ho?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ovedia Moe ''of Ziebach Co., SD'' døydde i Litchfield, MN 6.10.1943. Ho er oppgjevi fødd i Noreg 2.6.1867 og var dotter av Christian Rygh med mor ukjend. FT1910 fortel oss at ho utvandra i 1885 og vart gift same året med ein Carl Scott, fødd i Noreg kring 1858, utvandra 1884.Eg har freista FamilySearch og FT1865, men finn ikkje nokon som direkte passar med denne omtalen av Ovedia eller Christian Rygh.Er det nokon som kjenner til denne personen eller som kan hjelpa meg finna ut kvar i landet ho hadde opphavet sitt ifrå?Eller er eg òg interessert i å identifisera Carl Scott... Kva kan namnet hans ha vore i Noreg...?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunn Huglen

Nok et forslag med denne dåpen: LenkeDet var ganske mange med dette navnet likevel i Norge på den tiden.Ikke lett å finne ut av dettte. Fant ingen med oppgitt fødselsdato på denne kilden, men det kan vel tenkes kirkebøkene sier noe om dette?Gunn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gunn og Berit for fleire interessante innlegg.Det er ikkje so godt å seia om det kan vera ei av desse kandidatane som de kjem med. Fleire amerikanske kjelder syner heilt klart attende til juni måned 1867 eller til naus 1866, og ho må ha utvandra seinast i 1885. I 1885 finn eg ho i Madelia, Watonwan Co., MN:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~SCOTT, Carl 26 NORSCOTT, Oliva 18 NORELLEFSON, Seneva 70 NOR~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Etter litt leiting på FamilySearch finn eg, presentertr av ein brukar frå Sør-Afrika:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Carl SCOTT, son av Christoffer A. SCOTT og Martha Andrine LOBBEN, fødd i Eker, Norway 1859, døydde 1919, gift med:Vidia RYGH, dotter av August RYGH og Gunhilda M. WIEL, fødd i Drammen, Norway 1866, døydde 6.10.1943. August var igjen son av Christian Rygh!~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~FamilyASearch syner òg at parfolket Augustinius N. Rygh og Gunnhild Marie Olsen fekk fleire born på Bragernes, m.a.:Ovidia Nicoline, fødd 2.6.1867 og døypt 17.11.1867 LenkeEg kan ikkje finna utvandringi, men det er vel ymse som tyder på at dette er ''rett'' Ovedia...? Eller kva meiner de?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunn Huglen

Finner at det er mange Rygg-familier fra Drammen som utvandrer fra Kristiania i 1885, LenkeHar ikke funnet de samme navnene men det kan godt være slektninger.Mvh. Gunn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gunn og Carsten for nye gode innlegg. Då er utvandringi til Ovedia stadfesta, og det kan ikkje vera tvil om at dette er ''rett'' jente!I mellomtidi har eg søkt etter fleire detaljar om Carl Scott, og har funne det meste:Carl Christopherson var fødd på Ås i Øvre Eiker 11.1.1859 av foreldri gardbrukar Christopher Johnson på Ås, opphavleg frå Skot i Øvre Eiker, og kona Martha Andrine Larsdotter frå Lobben i Øvre Eiker.No er det berre utvandringi til Carl som manglar. Kanskje han òg utvandra eitt år før det som er oppgjeve i 1910, d.v.s. i 1883??Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Carsten, for den siste meldingi di! Jepp, du har nok funne rett person, og då ser eg etter kvart på dette problemet som heilt løyst. Svært bra!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.