Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#53188] Johanna Paulsdotter, fødd i Trøndelag 1846/1847 - til Amerika 1865? - opphav?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Frå Wisconsin får eg opplyst at:Johanna Paulsdotter skal vera fødd i Trøndelag i oktober eller november 1846 eller 1847. Foreldri hennar heitte Paul Johnson og Jonette Torgersdotter.Paul Johnson vert oppgjeven fødd i Trøndelag 11.3.1810 og døydde i Buffalo Co., WI 2.12.1892.Eg forstår det slik at heile huslyden utvandra til Amerika i eller kring 1865!Eg har søkt lite vetta på FamilySearch, men finn ikkje nokon ''kandidat'' for Johanna; derimot finn eg ei mogeleg mor:Jonette Torgersdotter, døypt i Hegra (Øvre Stjørdalen) 1.10.1815 av foreldre Torger Johnson og Johanna Olsdotter. Det at mori heitte Johanna, kan jo tyda på oppkalling...Er det nokon med lokal kunnskap i Stjørdalen som kan hjelpa meg vidare med denne huslyden? Har eg funne rett mor?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Astrid Ryen

Det er kanskje disse i 1880 census: Household: Name Relation Marital Status Gender Race Age Birthplace Occupation Father's Birthplace Mother's Birthplace Paul JOHNSON Self M Male W 69 NOR Farmer NOR NOR Unetta JOHNSON Wife M Female W 65 NOR Keeping House NOR NOR Hannah JOHNSON Dau S Female W 31 NOR At Home NOR NOR -------------------------------------------------------------------------------- Source Information: Census Place Dover, Buffalo, Wisconsin

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Astrid og Carsten for nye innlegg.Jau, Astrid, du har funne den rette huslyden i Wisconsin, og du, Carsten, må jo ha truffe jenta, om ikkje ''spikeren'', ''midt på hovudet''! Eg hadde jo ei viss peiling på området, men med so mangelfullt skanna kyrkjebøker frå Nord-Trøndelag var det ikkje so godt å veta kvar ein skulle ta til med leitingi...No spørst det om det let seg gjera å finna:* Fødestadene til Paul og Jonetta?* Og utvandringi til denne huslyden?Nok ein stor takk for hjelpi med denne huslyden so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne J. Engmo

Johanna ble konfirmert i Øvre Stjørdal 1863 :(nr.16)Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten og Anne for nye interessante innlegg om Johanna og opphavet hennar.Med dette er utvandringsåret til denne huslyden kome på plass, men eg er noko forvirra med omsyn til bustad:* Eg oppfatta det slik at Johanna var fødd på Voldsgjerdet under garden Volden i NEDRE Stjørdal, meann* Løften synest vera ein husmannsplass under garden Volden i ØVRE Stjørdal, utskild som Meråker.Flytte dei frå Volden i Nedre Stjørdal til Volden i Øvre Stjørdal/Meråker eller...?Elles er det framleis eit spørsmål kvar Paul og Jonetta hadde opphavi (fødestadane) deira...?Nok ein stor takk for hjelpi med denne huslyden so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jostein Molde

Familien er omtalt i Stjørdalsboka, bind VI, del 1, s. 88 (Meråker). Her står det ingenting om hvor foreldrene er fra, så det spørsmålet står fortsatt åpent. Det står videre at de hadde også sønnen John, f. 11.09.1844, men om han utvandret eller døde før 1865, er ukjent.Om Johannas fødested er det vel det å si at plassen Løften befinner seg i Meråker, ikke i nedre Stjørdal. Voldsgjerdet er et annet navn på plassen.Vennlig hilsen Jostein Molde

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jostein for spennande og nyttig innlegg.Då er i alle fall fødestaden til Johanna og bustaden til foreldri hennar klarlagde, men det høyrest underleg ut at Stjørdalsboki ikkje fortel noko om opphavi til Paul og Jonetta...!?Kan henda lyt me venta på at dei siste kyrkjebøkene for Øvre Stjørdalen skal liggja føre i skanna versjon?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.