Gå til innhold
Arkivverket

[#53201] Kapellan i Kolvereid, Michael Nissen Luytkis


Gjest Ørjan Kvaløy
 Del

Recommended Posts

Gjest Ørjan Kvaløy

Eg har fått i oppgåve å skrive ein introdukson til ein artikkel om Michael Nissen Luytkis, for 'Ytri-Halfa' - årboka til historielaget i Nærøy.Luytkis (1766-1827) var kapellan i Kolvereid 1793-1824. Han var gift to gonger, og hadde 6 born. Luytkis var ein aktiv mann i lokalsamfunnet, og dreiv bla. med: (I tillegg til prestegjerninga)- Leiar i bygdekommisjonen - Politikar - Kornhandlar - Bonde - Pengeutlånar - Postopnarmm.Han vart i 1818 valt inn på stortinget.Han flytta til Skogn i 1824, kor han døydde tre år etter.Eg skulle i første rekkje ha hatt eit portrett av Luytkis. I Kolvereid/Nærøy eksisterar det ikkje noko slikt. Kanskje i Skogn, Trondheim, eller i familien (privat)? Kanskje på stortinget?Kor er Luytkis gravlagt? Mogeleg i Skogn, eller i Trondheim (der han kom frå)? Finst det ein gravstein etter han?Andre opplysingar?Ørjan

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Knudsen

Jeg vet ikke hva som er riktig, men her står det at han var sogneprest i Kolvereid. Det står også bitte litte grann på side 376. Men dette har du vel kanskje allerede sett. Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Ørjan Kvaløy

Takkar for innlegget, Berit. Han skal sjølvsagt vera sokneprest. Opplysingane i lenken er vel stort sett dei same som i Nærøy Bygdebok III s. 18.Eg etterlyste eit portrett av Luytkis, og gravstaden hans. Er det nokon med kjennskap til Skogn og Skogn kyrkje som kan ha opplysingar om han er gravlagd der? Som også har opplysingar om det evt. er eit portrett av han i kyrkja? Vidare sat Luytkis på stortinget. Er det mogeleg det er eit portrett av han der? Har nokon kjennskap til portrett-tradisjonen ved vårt storting, og kor ein evt. kan finne opplysingar om dette?Da Luytkis mest truleg har etterkommarar etter seg i dag (som kanskje veit noko?) skriv eg namna på borna hans her. Han var første gong gift med Johanna Bech, 1762-1798, frå Hemne. Me henne fikk han 3 born:1. Mette Margrethe, f. 1793 i Trondheim2. Aletta Betty, f. 1795 i Kolvereid. (daud same år)3. Nicoline Johanna, f. 1796 i Kolvereid. gift med Christian Martin Eckhoff. (Sokneprest i Nærøy)M. N. Luytkis gift andre gong med Christiane Schierring, 1761-1837, frå Trondheim. Med henne fekk han også tre born:4. Anne Aletta, f. 1799 i Kolvereid5. Henriette Wilhelmine, f. 1801, daud i 1822.6. Charlotte Sophie, f. 1804, gift med Ove Christian Krog Bech. Nærøy Bygdebok IV s. 377 opplysar at Nicoline Johanna og C. M. Eckhoff hadde 8 born, det er alt.Ventar i spaning på meir info!Ørjan

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.