Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Lars E. Øyane

[#53221] Erling Arthur Joseph Hedin, fødd i Christiania 1892 - utvandra 1911 - opphav?

Recommended Posts

Guest Lars E. Øyane

Passasjerlista for utvandrarar over Bergen hamn syner at ingeniør Erling Arthur Joseph HEDIN utvandra i 1911 til bror sin i Montreal, QU. Han er oppgjeven fødd i Christiania i 1892 og hadde framleis adresse Christiania i 1911.Eg finn ikkje denne karen i FT1900 i Christiania (eller nokon annan stad) og lurer på om einkvan i Brukarforum dreg kjensel på namnet eller kan hjelpa meg finna opphavet til Erling? Eg er særleg interesseert i:* Nøyaktig dato og stad for fødsli hans?* Fulle namn på foreldri hans med yrke og opphav for båe?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Solveig og Tommy for interessante og nyttige innlegg. Dette er riktig huslyd, men det syner seg no at eg har gripe tak i feil bror! Erling busette seg i Wilmington, DE, men det gjorde òg broren:JOSEF EMANUEL HEDIN, fødd i Christiania 5.8.1886 (og døypt i Paulus).Det som har gjort forvirringi total, er at Erling med mellombokstav J, utvandra over Bergen i 1911 i lag med Ida Angell Hanson, som kort etter gifte seg i Amerika med Josef!Det underlege er no at utvandringi til Josef Emanuel Hedin ikkje finst korkje i Bergen eller i Christiania, men truleg er han faren over FØR 1911 og har ''stått og venta'' på bruri si...Dei svenske opphavi til foreldri Johan Edvard Hedin og Kristina Bäckström vert vel ikkje so lette å finna. Dei gifte seg ikkje i Paulus i 1883 eller 1884, som ein kunne ha venta, men er det mogeleg å finna ut kva år Josef utvandra til Amerika?Eg takkar igjen for kjempebra opplysningar som har ført til bortimot oppklaring av denne huslyden for meg!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Hanne Ludvigsen

Jansdotter Bäckström, Kristina Sömmerska (ogift kvinna)f. 13/9 1857 i Grums, Värmlands län (Värmland)Utvandrad 10/10 1882 från Malsjö Västra, Grums, Värmlands län (Värmland) till Oslo fylke, NorgeKälla: Husförhörslängd, s. 213Emibas emigrationsakt: Grums S 1882 118Onormerade namnformer:

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Hanne Ludvigsen

På vestra Malsjø bor i 1890 Jan Larsson f 1835, med kona Maja Kaja Larsson f 1832. Barna er Eva Lovisa f 1866, Elis(sønn) f 1868 og Augusta Sofia f 1870.Alle født i Grums. Vet ikke om det er rette personer, men kansje noen kan skjekke det ut. Anne Lene kansje? Hanne

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Hanne for nye interessante innlegg. Du har med dette funne opphavet til Kristina Bäckström, og me sit soleis berre att med spørsmålet om Johan Edvard Hedin...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.