Gå til innhold
Arkivverket

[#53232] Systematisering av prestegjeld og kyrkjesokner?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Diverre(!) har me gjennom åri fått endra inndelingi i prestegjeld og kyrkjesokner som høyrer til dei ulike prestegjeldi. Desse grenseendringane har gjerne bakgrunn i endring av kommunegrenser eller fylkesgrenser og pågår stadig vekk; ei av dei siste var vel flyttingi av Ølen kommune (og prestegjeld) frå Hordaland fylke til Rogaland fylke. Likevel er dei skanna klokkarbøkene for Ølen framleis å finna under Hordaland fylke, der i alle fall eg vil forventa å finna dei!MEN, går me til Sogn og Fjordane, so vil ein oppdaga at klokkarbøkene for Joranger og Fet sokner i HAFSLO prestegjeld er katalogiserte under JOSTEDAL prestegjeld, og det same gjeld klokkarbøkene for Gaupne sokn i LUSTER prestegjeld. So vidt eg hugsar, vart prestegjeldsgrensene her endra på 1960-talet etter at dei tre kommunane vart samanslegne, so folk som vart fødde i dei nemnde soknene tidleg på 1900-talet har IKKJE noko med Jostedalen å gjera.Mange år seinare vart Rinde og Fresvik sokner av LEIKANGER prestegjeld overførte til VIK prestegjeld, men dei skanna klokkarbøkene for desse soknene er framleis katalogiserte under LEIKANGER prestegjeld, medan Vangsnes sokn, som mange år før vart overført frå BALESTRAND prestegjeld til VIK prestegjeld, er ''overflytte'' til VIK(!)Eg tykkjer desse ''vilkårlege'' inndelingane og overflyttngane gjer det vanskeleg for oss ''vanlege'' når me skal leita etter ei kyrkjebok, og det særleg i område der ein ikkje er lokalkjend. Ser ein t.d. på Nord-Trøndelag, vert det operert med Nedre Stjørdal, Øvre Stjørdal og Stjørdal (med Nedre Stjørdal sokn)... Og eg har fleire gonger lyte gje opp å leita etter rett bok i Møre og Romsdal...!Eg vonar å få kommentarar til dette frå ansvarleg hald. Kan ikkje t.d. soknene få liggja under dei prestegjeldi dei gjorde den gongen prokollane vart førte?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Warberg

Bøkene er lagt ut og gjengitt slik de er oppstilt i hvert enkelt statsarkivs kirkebokkatalog. De åtte statsarkivene har ulike prinsipper for sin katalogføring. Noen har, slik Lars E. er inne på, en konsekvent oppstilling av de sokneførte bøkene innenfor det prestegjeldet soknet tilhørte på det tidspunkt boken ble ført. F.eks. Statsarkivet i Hamar. Andre har ikke tatt dette hensynet og har heller valgt å stille opp bøkene innenfor det prestegjeldet soknet ligger til pr. dags dato. Som f.eks. Statsarkivet i Bergen. To statsarkiv; Kristiansand og Trondheim har valgt en annen standard igjen. Her er bøkene katalogført etter sokn, ikke prestegjeld. Bøkene fra Sørlandet og Midt-Norge har vi gjennom prosjektet lagt til prestegjeldstilknytning på, men de første bøkene som ble lagt ut i 2005-2006 kan ofte mangle prestegjeldsnavn. Vi har selvsagt vært oppmerksom på at disse inkonsekvensene ville volde brukerne unødig bry og skape unødig støy, særlig når bøkene har fått ett så stort omfang som nå, men har allikevel valgt å forsere utleggingen av selve bøkene fremfor å få dette på plass først. Snart er alle bøkene lagt ut, og vi vil da påbegynne en omfattende revisjon av ordningen og oppstillingen av kirkebøkene etter en nasjonal standard. Alle bøker skal fremstå med rett prestegjeldstilknytning. Og med det menes det prestegjeldet som boken ble avsluttet innenfor. Da vil f.eks. bøkene fra Joranger og Fet falle på plass under Hafslo prestegjeld og de fra Gaupne under Luster! Jostedal vil forsvinne helt, dette prgj er opprettet i 1967 og det er derfor i tidligste laget å legge ut noe herfra. Men, som sagt, nå setter vi først alle kluter til på å få ut bøkene, med den merkelapp de enn måtte ha.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.