Gå til innhold
Arkivverket

[#53339] John L. Larson, fødd Christiania 1871 - til Amerika i 1902 - ein skikkeleg nøtt?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

FT1920 for Minneapolis, Hennepin Co., MN syner m.a. denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~LARSON, John L. 38 Nor Nor Nor em. 1902, general store keeperLARSON, Marie 35 MN Nor NorLARSON, Jack M. 1/2 MN Nor MNLARSON, Doris C. 7 MN Nor MN~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Fødselsattesten for Jack Munroe Larson frå 1919 fortel oss at faren var fødd i CHRISTIANIA, Norway, og alderen frå januar 1920 peiker heilt tydeleg på at han er fødd mellom januar januar 1871 og januar 1872. Han utvandra i eller svært nær 1902.Er det mogeleg utifrå desse opplysningane å finna det norske opphavet til denne karen?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for eit fornuftig innlegg!NORMALT, er alderen i FT1920 for USA oppgjeven slik at me kan rekna oss attende til siste fødselsdag, og sidan teljingi vart oppteki i første del av januar 1920, kan ein ta 1920 og trekka frå alderen + 1.I dette tilfellet syner alderen på John attende til fødselsåret 1881, MEN, til tross for at alderen på dei to borni stemmer 100%, er Marie sin alder feil; ho var fødd 12.8.1877 og skulle soleis ha vore 42 år gamal, medan teljingi seier 35.Når det gjeld John Larson, so skulle han ''normalt'' vera mellom dei som i 1917/1918 vart registrerte i ''WW1 Draft Registration''-basen hjå ancestry.com, men denne basen begrenser seg til personar fødde mellom 1872 og 1900. Eg har søkt gjennom denne basen, og INGEN av dei John Larsons som budde i Hennepin Co., MN i 1917/1918 hadde ei kone (''næraste pårørande'') med namn Marie (eigentleg heitte ho Anna Marie)... Difor TRUR eg at ogso ''vår'' John var eldre enn den alderen som er oppgjeven....Eg veit ikkje om du, Carsten, vart klokare av denne forklaringi...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Ein viktig detalj frå Jack Munroe Larson's ''birth record'' datert 1.6.1919 er nett dukka opp:Faren John Larson fødd i Christiania, var då bartender, og alderen etter siste fødselsdag var 38 år, noko som på ny peiker på 1870 eller 1871 som fødselsåret hans!Men nøtten er vel framleis temmeleg vonlaus å ''knekka''...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg lyt visst ta opp att litt matematikk; 1880 eller 1881 ser sjølvsagt ut til å vera fødselsåret til John Larson i Christiania, om me skal tru på fødselsattesten frå 1919...!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Gjett om eg er imponert!? Eg hadde oversett denne John Ludvig i WW1 draft registration korti, men alt ser jo ut til å passa framifrå både med utvandring, yrke og reisemål....No vert det ''klappjakt'' på dødsfallet hans i Amerika. Han vart skild frå Marie ein gong kring 1930, men skal ha vore i live då Marie døydde i Sunnyvale, CA i 1951... Ho ligg gravlagd i Colma, CA åleine i ei einskildgrav! Båe borni busette seg i California...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.