Gå til innhold
Arkivverket

[#53382] Ole Hansson og Margrethe Hansdotter på Ulfsrud i Austre Aker 1860-åri - opphav?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg finn i kyrkjeboki for Austre Aker at Olaf var fødd 26.6.1862 av foreldri gardbrukar Ole Hansson på Ulfsrud vestre og kona Margretha Hansdotter (siste innførsli på denne sida: Lenke)Men eg finn ikkje denne huslyden i FT1865 på Ulfsrud...?Er det nokon med lokal kunnskap i Austre Aker som kan hjelpa meg finna:* Kvar gardar/plassar hadde Ole Hansson og Margretha Hansdotter opphav ifrå?* Og, vart dei buande på Vestre Ulfsrud eller kvar vart dei av?* Sonen Olaf skal ha utvandra til Amerika i 1880. Kan dette stadfestast?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Berit, Grethe og Rune for kjempeflott ''teamwork''.Det er neimen ikkje lett å følgja huslyder som driv med slik ''flytteverksemd'' kring Christiania. Ein skulle nesten tru dei leitte etter reint vatn....(!)Uansett, for å vera heilt sikre på opphavi til dei to foreldri, Ole Hansson og Margretha Hansdotter, hadde det vore kjekt å finna vigsli deira. Kan det tenkjast dei ogso gifte seg i Aker? So vidt eg hugsar, so manglar vigslene frå Aker hjå FamilySearch, og denne vigsli er ikkje å finna i FamilySearch...!?Eit anna spørsmål er om dei vart buande på garden Rød i Nes ogso etter 1865...? Finst det kanskje ei bygdebok som kan svara oss på det? Bygdeboki kan jo òg tenkjast å ha fleire opplysningar om opphavi til Ole og Margretha?Nok ein stor takk for hjelpi med denne huslyden so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.