Gå til innhold
Arkivverket

[#53408] Mor til Jens Jonasson Leirvåg på Tustna på Nordmøre


Gjest Knut Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Knut Sæther

Ein av brukarane på Leirvåg på Tustna på 1800-talet heitte Jens Jonasson. Han var son til bonden Jonas Knutsson Mo på Linvågen, ein annan gard på Tustna. Faren var ein profilert person i si tid - mellom anna sat han på Stortinget ein periode. I samtida vart det spekulert på kven som var mora til Jens, for Jonas Knutsson kom nemleg heim med denne guten etter ein bytur, da Jens var i sjuårsalderen. Og kanskje var nokon usikker på om det var Jonas som var faren også, sjølv om Jens likna han av utsjånad.Denne informasjonen finn vi i gards- og ættesoga for Tustna, men det går ikkje der fram kven mora var. Forfattaren har opplyst til meg at ho var ukjent for han da han arbeidde med boka, og i åra som har gått etter at bygdeboka kom ut har han heller ikkje vorte kontakta av nokon som har kjent identiteten hennar.I samband med ei anna sak kom eg tilfeldigvis over eit skifte frå året 1800 som viste seg å vere etter mora til Jens Jonasson. Dette buoppgjeret fann stad på Valset på Ålvundeidet i Sunndal, og ho som var gått bort heitte Dordi Ingebrigtsdotter Skrondal. Ho hadde vore ugift, men i skiftet går det altså fram at ho etterlet seg ein arving - ein son Jens som budde hos faren sin Jonas Knutsson på Linvågen. Som formyndar for guten møtte for øvrig Peder Knutsson Mo, bror til Jonas.Dordi Ingebrigtsdotter var f. 1762. Ho var dotter til Ingebrigt Halvorsson og Gjertrud Jensdotter, som først var gardfolk på Furu i Sunndalen, og seinare på Mosbøen og Skrondal (Torsteinstuo) i Øksendalen. Familien er omtala i Sunndalsboka, men sonen til Dordi er ikkje nemnt der. Far hennar stamma frå Hagan i Sunndalen, mens mora visstnok var dotter til ein sersjant i Oppdal.Går vi nokre generasjonar tilbake i tid, ser det ut til at iallfall folk i Øksendalen har visst om at Dordi hadde ein son der ute ved nordmørskysten. Det viser seg nemleg at han er nemnt i slektsboka 'Øksendalen i eldre tid' som kom ut første gong i 1927. Men forfattaren har der kome i skade for å kalle han Jonas.Eg har også funne dåpen til Jens Jonasson. Han vart døypt i Øksendal kyrkje 1. søndag etter heilag tre kongars dag i 1789. Her er innførselen nedst på sida: Lenke Helsing Knut Sæther Kjelder:*Skifteprotokoll for Nordmøre nr. 18 1797-1802, mikrofilm HF 1810 utlånt frå Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal.*Ministerialbok for Sunndal 1752-1793.*Forseth, O.G., 1985: Øksendalen i eldre tid, s. 94. 2. utgåve. Kopi av 1. utgåve frå 1927.*Roaldset, Ottar, 1986: Tustna bygdebok bind 1, s. 175 og s. 393.Seljedal, Ivar, 1967: Sunndalsboka bind 4, s. 246-247.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.