Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Erling O. Hagerup

[#53527] Smedmeister Jørgen Johnsen Myrebøe, f. i Grytten 08.10.1810. Kven var far hans?

Recommended Posts

Gjest Erling O. Hagerup

Jørgen Johnsen Myrebøe gifta seg i Molde kyrkje 12.04.1852 med Olava Marie Johnsdatter. I kyrkjeboka er det opplyst at far hans var 'Pladsbruger John IVERSEN Myrebøe' (sjå ekteskap nr. 4).[url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2275&idx_id=2275&uid=ny&idx_side=-218>LenkeEg trur farsnamnet her er skrive feil, og at det rette skal vere John OLSEN Myrebøe. Dette fordi eg kan finne berre ein Jørgen Johnsen f. 08.10.1810 i Grytten. Denne Jørgen var først heimedøypt. Heimedåpen blei stadfest i Kors kyrkje 14.10.1810. (Foreldre: Jon Olsen Myrebøe og Ingelev Larsdatter, sjå kyrkjeboka s. 214.)LenkeEg har søkt i 'Raumadalsfolket' utan å finne nokon annan Jørgen Johnsen (Myrebø) f. 08.10.1810. Også der har eg funne berre ein Jørgen Johnsen Myrebøe,f. 08.10.1810, son av John Olsen Myrebø (nr. 4 d s. 22 og 5 l s. 24).Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Her er ihvertfall denne Jon og Engelew/Ingelev på Myrböe i 1801: LenkeJeg finner ingen Jörgen Iversen i ft 1801 for Grytten, så det er mye mulig at presten har skrevet feil. Det skjer jo det og!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Erling O. Hagerup

Takk for innspelet!Spørsmålet er då om det i tida mellom 1801 og 1852 kan ha budd ein plassbrukar på Myrebøe med namnet Jon Iversen, og som også hadde ein son Jørgen, og vidare at også denne Jørgen var fødd 08.10.1810. Ut frå ei statistisk vurdering vil eg tru at dette i alle fall ikkje er mest sannsynleg. Og eg har då heller ikkje funne noko som kan tyde på dette i 'Raumadalsfolket' som også har opplysningar om plassbrukarar - men utan at eg veit noko om kor fullstendig den kan vere for denne gruppa.Eg går ut frå at det er fleire som har nærare opplysningar både om Myrebø og nærliggande gardar, og eigarar og brukarar der i det aktuelle tidsrom, og som eventuelt kan fjerne all tvil, eller vise at det som står i kyrkjeboka for Molde er rett.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.