Gå til innhold
Arkivverket

[#53530] Kyrkjesongar Torbjørn Olson Werken, f. Leikanger 1805 - til Bruset,Grytten 1845?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ættesogeboki for Leikanger (side 26) fortel om kyrkjesongar Torbjørn Olson Werken, fødd i Leikanger 1805, som med kona Gjøri Marcusdotter, fødd i Balestrand 1796, i 1845 flytte frå Leikanger til garden BRUSET i Grytten.Eg finn ikkje spor etter denne huslyden i Grytten 1865, og ikkje heller finner eg nokon gard med namn Bruset.Er det nokon med lokal kunnskap i Romsdalen som kan fortelja meg kvar det vart av denne huslyden?Eg veit at sonen Ole Torbjørnson, fødd 1831, gifte seg i Bergen i 1858 med ei jente frå Flekkefjord og sidan utvandra til Minnesota der han døydde i 1901.Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Osvald Rydjord

Det var tre huslyder fra Leikanger i Sogn som kom til Bruaset i 1845. Torbjørn Olsen Værken med kone og mange born, Mikkel Ellefsn Høium med kone og son og Knut Joh. Høium med kone og dotter. Dei siste drog sin veg etter kort tid. Torbjørn fekk skøyte. Torbjørn Olson og kona Gøri Marcusdotter hade borna:1 Carl, 1824-1895, tek over garden. Gift med enkja Marit Johnsd. Skare, 1819-1898. 6 born derav to til Amerika. Eldste dottera Jørgine overtek garden, og eg ser at ein av etterkomarane, Kennet Bruaset er ordførar i Voll i åra 1952-59.2 Anna, 1826-1865.3 Kristi, 1829, gift med Ole Jac. Nora.4 Ole, 1831.5 Hans, husmann i Brasethola gift med Kari Sørensdotter Hen, f 1834. Husmannsfolk i mange år, 7 born, men flytta så ut av sognet.6 Marcus, 1836.7 Katrine, 1840, gift til Bruasetbakken, 6 born.8 Guro, 1843, gift med bakar Ole Olbjørnson i Molde.Opplysningane henta frå 'Bygdaboka få Voll' s 503-504. Det er etterslekt omtala for både Carl og Katrine, og tek eg ikkje mykje feil er det mange etterkomarar der i dag og.Mvh Osvald

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Rune, Anne og Osvald for fleire interessante og nyttige innlegg. Problemet er løyst! Nok ein gong har (den moderne) skrivemåten av namnet lurt meg, men hovudsaki er tross alt at dei dukka opp. Det er sonen Ole i Minnesota som interesserer meg.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.