Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Torbjørn Hillersøy

[#53539] Inger Marie Jacobsdtr. frå Strinden i Stod pr.gj., hennar lagnad

Recommended Posts

Gjest Torbjørn Hillersøy

Lurer på kva som skjedde med Inger Marie etter 1900. Ho vart truleg fødd 1/1 1854 på garden Strinden i Stod pr.gj.,og foreldra var truleg Jacob Mathias Anfindson og Petronelle (Peternelle) Ovidie Andreasdtr.. Petronelle døydde truleg tidleg (før 1865)og Inger Marie vart truleg tenestejente på Snåsa. Seinare flytta ho truleg til Leka. Ho vart 1. gong gift med ein Klaus, og dei fekk 2 søner: Karoli og Harald. I 1886 gifte ho seg med Elias Madsson, og dei var busett i Namsos i 1900. Dei fekk 4 born: Sara, Ingvald, Axel og Peder.Men etter 1900 kan eg ikkje finne ut kva som skjedde med Inger Marie. Døydde ho like etter 1900?Er det nokon med lokalkunnskaper eller familieband til Inger Marie som kan hjelpe meg?Helsing Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.