Gå til innhold
Arkivverket

[#53580] Ole Jensson og Siri Olsdotter på Byrstuen i Sør-Fron 1850 - til Amerika 1853/55?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ole Jensson Byrstuen og Siri Olsdotter Brænden gifte seg i Sør-Fron 21.6.1849 ([url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8919&idx_id=8919&uid=ny&idx_side=-225>Lenke - øvst på sida).Siri Olsdotter Brænden var fødd i Fron (Sør-Fron?) 29.1.1829 av foreldri Ole Olson og Kari Johannesdotter, som den gongen var plassfolk på Lien under Ols.... [dette greier ikkje eg å tyda...](Lenke - nedst på høgre side!). Her frå klokkarboki for Kvikne sokn - Olstoppen?? (Lenke) Foreldi gifte seg i Kvikne sokn 21.10.1826 (Lenke)Ole Jensson og Siri Olsdotter fekk ei dotter i Sør-Fron: Kari, fødd på Byrstuen 7.12.1850 (

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Jan Skriubakken

Kvikne ligg i Nord-Fron kommune. Kvikne og Skåbu er to bygdelag i ein sidedal til Gudbrandsdalen. Elva heiter Vinstra. Øverst oppe i Skåbu ligg Olstappen, eit heller stort vatn. Olstappen var òg namnet på ein gard, i dag heiter garden Veslom. Lia (Lien) var ein plass som i dag er nedlagt og slått saman med nørdre Lia, om eg les boka til Hovdhaugen rett (Gardar og slekter i Fron). Brænden (Brenden, Brenna) var eit heller vanleg namn, helst brukt om plassar eller mindre bruk. Eg vil tru at du finn denne Brenna i Kvikne eller Skåbu. I boka til Hovdhaugen finn eg ikkje nemnt nokon av 'dine folk'.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johannes Brandvol

Ole Jensson var født 12. oktober 1821 i Byrbotten. Foreldre var Jens Monsson Byrbotten 1789-1862 og Mari Olsdotter Braket 1795-1847. Ole vart konfirmert 17.juni 1838, bustad Monsstuen. (Monsstugu og Byrbotten er same bruket, og er nå saman med Braket og Byrstugu ein del av tettstaden Vinstra)Sigrid var født i 'Lien u Olstappen' i Skåbu. Far Ole Olson Lien, mor Kari Johannesdotter Brenden. Etter Hovdhaugens 'Gardar og slekter i Fron' kjøpte Ole Olsson ein part av garden Brenna i Skåbu i 1844. Han var klokkemakar. Reiste til Amerika i 1854.Ole Jensson og Sigrid Olsdotter fekk sonen Johannes 25. november 1849, og dottera Kari 7.desember 1850. Bustaden er da Byrstuen. Ole er nemnt som Værksarbeider(truleg Espedalen) Etter dette finn eg ikkje familien, truleg reiste dei til Amerika. Utflyttarlistene både i 'G&sl' og i kjørkjebøkene er ufullstendige.Ole Jensson hadde ein yngre bror Ole, født 17.mars 1835. Er det kanskje han som i 1860 er gift med Gjertrud?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.