Gå til innhold
Arkivverket

[#53702] Adriana Giertsdatter døpt 30 mai 1717 på Leka NT


Gjest Terje E Skrolsvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Ørjan Kvaløy

I følgje den omtala diskusjonen på DIS, er Pedersdatter feil, ved ekteskapsinngåinga. Det skal vera Gjertsdatter. I linken eg publiserte over står det at Gjert Lind Hansen 'fekk barn med' Johanna Kirstina. Eg tolka det sånn at dei ikkje var gift. Var det fleire born? Vokste borna opp? Dei har kanskje budd på Kilan også, samstundes som Mille Johanne? Mille Johanne var da kanskje tremenning med Ribor Gjertsdatter? Ja, det kan jo vera ein samanheng. Kva med denne Gjert Pedersen? Har han noko samanheng med 'våre' Gjertsønnar og døtre?Ørjan

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ørjan Kvaløy

Apropos Gjert Olsen og hans søsken.Halvbror til Gjert, Torkild Olsen, døydde i 1709. (Lyngsnes, Vikna) Han hadde ikkje born, så arven vart delt mellom hans søsken. Dei er visstnok da oppramsa blant arvingane hans. (Eg har ikkje lest skiftet, berre eit referat frå Viknaboka III s. 139) Dette skiftet kunne kanskje ha vori verd ein studie? Der står det kanskje også kor søskena opphalder seg? Kanskje gjenstandar frå skiftet kan gi nokre svar?Borna til Ole Michelsen er i alle fall desse: (Som levde i 1709)Med første kone:1. Torkild d. 1709 2. Michel ca. 1644-1714 (overtok Lyngsnes etter broren) 3. Johan 4. Willich 5. Siri 6. Maren 7. MartaMed Maren Larsdatter:9. Nils f. ca. 1681. På Solsem, Leka, i 1701. 10. Gjert (ca. 1682-1742) 11. Ole f. ca. 1684. (Mogeleg på Leknes, Leka i 1742) 12. Gjertrud f. ca. 1685.Truleg har det vori fleire. Vi kjenner bla. Falentin frå Dragland, som ein mogeleg son. Ole Michelsen må ha døydd omkring 1690, og da var dei 4 siste borna mindreårige. Trur ikkje det finst skifte etter Ole Michelsen. Apropos hans fødselsår, Ved Manntalet i 1701, er sonen Michel Olsen oppgitt å vera 57 år, altså født rundt 1644. Ole var kanskje 25-30 år gamal da han fekk første son, Torkild. Han må da vera født omkring 1615. Vidare ser vi at det er over 40 års skilnad på dei første og dei siste borna hans.ØrjanOm desse veit eg lite. Michel, som overtok heimgarden på Lyngsnes, døydde i 1714. Hans to søner, Ole og Anders Michelsønner, overtok garden, og sat med han i over 50 år. Det er også desse to som er verger i skiftet etter Gjert Olsen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.