Gå til innhold
Arkivverket

[#53885] Forandring i debattprogrammet.


Gjest Jan Oldervoll
 Del

Recommended Posts

Gjest Jan Oldervoll

Eg har gjort nokre mindre forandringar, som først og fremst har med identifisering å gjera. Det har delvis med min eigen dovenskap å gjera, delvis med at altfor mange skriv feil epostadresse når dei lagar innlegg.Eg har no laga ein liten database over alle brukarar (som har laga innlegg og såleis har identifisert seg med namn, bustad og epostadresse). Dette fører til at du berre treng skriva epostadressa di når du enten loggar inn eller skriv eit innlegg; resten kan programmet fylla ut sjølv. I tillegg vil programmet også sjekka at adressa oppfyller ein del formelle krav som finst til ei epostadresse.Har du tenkt å skriva eit innlegg får du ikkje sjansen før du har identifisert deg. Er du ikkje pålogga får du ein knapp du kan trykkja opå for å få opp pålogginsgskjemaet. Der kan du skriva inn berre epostadressa di. Dersom denne epostadressa ikkje er kjent vil du få skjemaet attende. Det skuldast enten at du er ny brukar eller at du har skrive feil epostadresse. Er du ny, skriv du inn namn og bustad, elles rettar du epostadressa di.For brukarane blir det av og til eitt ekstra trykk, men samstundes slepp du skriva namnet ditt og bustad så ofte som du før har gjort. Og så sparer me oss vonleg ein del av arbeidet feil epostadresse skaper.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geir Thorud

Jeg er blitt påtvunget en ny epostadresse. Kan jeg, etter å ha logget på, trykke Logg på, endre epost adressen og da beholde kurven min?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Nei. Men om du sender meg ein epost der eg kan finna både gamal og ny adresse kan eg ordna det for deg. Men då vil den ny korga, om du har noko i ho, forsvinna.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Else B. Rustad

Jeg har fått 'nytt' navn ved omorganiseringen. Når jeg logger på med e-postadressen min, kommer navnet mitt opp som ElseB. Det burde vært Else B.Mvh Else B.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Grunnen til at det er slik er at du 19.5 oppratta eit tema og sa at du heitte ElseB. Rustad. Når eg no gjorde det mogeleg å logga på med berre epostadresse gjekk eg gjennom alle tema og plukka epostadressa frå den som hadde oppretta temaet og laga ein database av dette. Dermed vart du ElseB. Men du kan lett retta det sjølv. Når du skal laga eit innlegg vil det øvst oppe stå kva namn du er registrert med og bak der står det ein logg på-knapp. Brukar du den vil du få høve til å retta namnet ditt. Men no kjem eg til å gjera det for deg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Thorbjørn Granlund

Hei. Jeg har hatt ganske mange innlegg tilsammen i dette forumet, men har aldri før opplevd dette. Takk for hjelpen. Thorbjørn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.