Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Finn Oldervik

[#54265] Lucas Fredriksson Gram f. i Trondheim g. m. Else Olsdatter Lillevedda i Nærøy

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

Ved ein gjennomgang av kyrkjeboka for Nærøy i Namdals prosti i Nord-Trøndelag kom eg over eit giftemål, 9. juli 1756 i Nærøy; Lucas Fredriksson Gram frå Trondheim med Else Olsdotter Lillevedda.Dei to var fadrar til barnet til Erik Olsson Lillevedde seinare same året, men sidan er dei ikkje å finna i kyrkjeboka for Nærøy, noko som kan tyda på at dei har flytta derifrå.Lucas og Else er jo ikkje av dei vanlegaste førenamna på den tida, så når eg finn at ein Lucas Fredriksson med kone Else Olsdotter kjem til Bergfall, seinare til Lindås i Aure litt seinare, så har eg byrja å undrast på om det kan vera same paret. Samantreffet kan sjølvsagt også vera tilfeldig.Eg veit at den Else Olsdotter som var gift med Lucas Fredriksson på Lindåsen hadde tilknytning til ei borgarslekt på Jøstølen på Smøla, men i farten kjem eg ikkje på slektsnamn.Er det nokon som kjenner til slekta Gram og eventuelt om det er noko samband mellom Jøstølen på Smøla og Nærøy i ytre Namdalen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Om Else Olsdatter gift 1756 i Nærøy med Lucas Gram er den eg trur ho kan vera, så er ho dotter til Ole Andersson Kaasbøll på Jøstølen på Smøla og kona Barbro Sophie Nilsdotter Lem. Smøla Bygdebok II (Aashild Berg) s. 516 seier at Else var født ca 1738 og konfirmert 1756. Om ho er den same som gifta seg i Nærøy med Lucas Gram, så kan ein jo undra seg korleis ho alt same året som ho konfirmerte seg også rakk å reisa til Nærøy for å verta gift.Eg er svært usikker, men eg meiner at Just Tyrholm Wessel, halvbror til prestefrua i Nærøy var kapellan el. prest i Edøy (Smøla) nokre år nettopp kring 1756. (Seinare vart han vel sokneprest på Tynset). I tilfelle kan det forklara korleis Else Olsdotter Kaasbøll på Jøstølen fann vegen til Nærøy.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.