Gå til innhold
Arkivverket

[#54354] Kirkebøker, Lærdal


Gjest Odd Helge Brugrand
 Del

Recommended Posts

Gjest Odd Helge Brugrand

Slik eg forstår er det kun kyrkjebøker som tidligare var mikrofilma, som no er indeksert og ute på Digitalarkivet.Betyr det at bøker som er komne inn til statsarkiva siste 10-15 åra ikkje ligg i Digitalarkivet enno fordi dei ikkje vart mikofilma?Eg spør fordi det i min heimkommune, Lærdal i Sogn og Fjordane, vart kyrkjebøker fra 1870-åra ikkje innsendt før på 1990-talet.Veit nokon om ALLE kyrkjebøkene som er sendt til Statsarkivet fra Lærdal er inne i Digitalarkivet? mvh Odd Helge Brugrand

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Klokkerbøkene fra Lærdal er avlevert langt fram i tid, men flere av disse er IKKE mikrofilmet p.g.a. at de går for langt fram i tid.Et par av kirkebøkene (Borgund sokn og Hauge sokn) fra Lærdal er avlevert etter 1990, og de ligger allerede ute. Statsarkivet i Bergen kalte inn kirkebøkene 1990-1992, og alle disse er for lengst mikrofilmet.Det har vært innvendinger fra en del prestekontor om at de ikke ville levere fra seg kirkebøkene fordi de stadig hadde bruk for dem. Det faktum at de nå blir gjort tilgjengelige på internett burde fjerne dette argumentet. Vi venter derfor større velvilje neste gang vi kaller inn bøkene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Helge Brugrand

Hei, tusen takk for svar!Etter at eg la inn innlegget mitt sjekka eg sjølv med å krysskøyre prestegjeld- og sokneregisteret med Digitalarkivet:Eg fann ut at alle kyrkjebøkene fra Lærdal som står i registeret ligg inne i Digitalarkivet. So langt er alt vel for denne kommunen.Men når eg sjekka samtlege døypte, konfirmerte, gifte og gravlagde frå starten i 1711 til 1920-åra (ja, eg er ein stor pirk), fann eg ut at det manglar ei bok frå Tønjum sokn!Det er åra 1878-1896 som er borte frå dette soknet. Og det er truleg ei ministerialbok, ikkje ei klokkarbok. Denne perioden ligg ikkje inne i nokon av kyrkjebøkene som er registert i 'prestegjeld- og sokneregisteret' eller lagt ut på Digitalarkivet.Sidan du meiner Statsarkivet har mikrofilma alt som de har fått avlevert og som ikkje er klausulert, må boka enten ha gått tapt, eller so ligg ho på prestekontoret i Lærdal enno. Eller fins det muligheiter for at Statsarkivet i vanvare har gløymt å registrere og mikrofilme ho, slik at ho ligg i hvelva dykkar?mvh Odd Helge Brugrand

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Helge Brugrand

No er meir avklart: kyrkjekontoret i Lærdal trur dei har (ansvarleg er ikkje på jobb i dag) den manglande boka eg nevnte ovanfor. Den er ikkje sendt inn til Statsarkivet fordi siste føring ikkje er 80 år gamal enno. So då er i alle fall boka inntakt! Takk for merksemda.mvh Odd Helge Brugrand

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.