Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#54663] Hans Halvorson Dalberg, f. Volda 1785 - 1819 Fana - 1821 Gyldenpris, Askøy - so?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Hans Halvorson Dalberg, fødd på Dalberg i Volda og døypt der 17.4.1785 som son av gardbrukar Halvor Olson og Ragnhild Hansdotter (Lenke), gifte seg i Fana 12.4.1819 med Synneva Lassesdotter frå Alme i Hafslo og døypt der 23.11.1794. Eg har funne to born etter dei:a. Halvor Hansson, fødd på Sælen i Fana 13.5.1819b. Lars Olai Hansson, fødd på Gyldenpris, Askøy (Laksevåg) 11.3.1821Problem:* Er det nokon med tilgong til ei bygdebok for Volda eller med lokal kunnskap same staden, som kan fortelja meg kvar Halvor Olson og kona Ragnhild Hansdotter hadde opphavi deira?* Kjenner nokon lagnaden til Hans Halvorson (Dalberg) og kona Synneva Lassesdotter?* Kjenner nokon lagnaden til dei to borni Halvor og Lars Olai eller eventuelt lagnaden til yngre ukjende born?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden som ser ut til å berre ''forsvinna''?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kirsti Rye

Kanskje ikke så mye hjelp, men her er vielsen mellom Halvor og Ragnhild Permanent sidelenke: LenkeDalberg ligger i Dalsfjoden i Volda. Ragnhild kom fra Ulvestad.Jeg har desverre ikke bygdebøker fra dette området.mvh Kirsti

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kirsti Rye

Her er antakelig Ragnhild sin dåp i 1745 Permanent sidelenke: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Arne og Kirsti for spennande og nyttige innlegg.Det er vel ingen tvil om at du Kirsti har funne rette foreldri til Hans Halvorson, og det står vel berre att å stadfesta opphavet til faren Halvor Olson. Han var tydeleg gardbrukar på Dalberg då han gifte seg (som enkjemann!?) med Ragnhild i 1882, men om han var derifrå, veit me ikkje...Elles KAN det godt vera sonen Halvor Hansson som du Arne har funne i Buksnes i 1865. Eg ser at dotteri Karen Lavina er fødd utanfor ekteskap i 1851, og då heitte båe foreldri Læknes ([url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2636&idx_id=2636&uid=ny&idx_side=-73>Lenke). Dei venta heile ni år før dei gifte seg i 1860 (

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

I 1875 ser eg at Halvor Hansson og kona Maren hadde vorte sjølveigarar på Kyllingdalshalsen i Buksnes, og tre nye born var komne til, Hans (1866), Synneve (1869) og Frithjof (1872). I 1900 var so dei to borni Hans og Synneve busette på Halsen i Buksnes ganske åleine, so truleg var foreldri avlidne...Elles stadfester ved førenamnet til dotteri Synneve at Halvor var son av Synneva Lassesdotter frå Alme i Hafslo...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kirsti Rye

Halvor Olsen Åmelfot sin dåp Permanent sidelenke: LenkeSkal se om jeg finner noen annen Halvar Olsen. mvh Kirsti

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Randi Ingunn Selnes

Hei Lars! I Busetnadsoga for Volda, band 1 Dalsfjorden er det skrive s. 587 under garden Dalbergane (ligg utafor Dalsbygda på austsida av Dalsfjorden):Halvor Olson frå Massagarden, Indre Åmelfoten f. før. 12.04.1750, d. 23.05.1821, gift med Gjertrud Nilsdtr. frå Nedste-Hjellane (Dalsbygda) f. ca. 1732, d. før 01.01.1782, dei hadde 1 barn: Otte f. 1775.Halvor Olson gift neste gong 30.06.1782 med Ragnhild Hansdtr. frå Hansgarden, Ulvestad f. før 15.08.1745, d. 04.07.1805.Så er det opprekna 3 barn fra andre ekteskapet: 1. Jakob f. 1783 d. 8 dagar gammal. 2. Hans f. før 17.04.1785, d. ?, nemnt 1806. 3. Marte f. før 09.09.1787, d. 20.07.1856, døde som legdslem på Dalbergane.Dette viser vel at bygdebokskrivaren ikkje har funne meir opplysningar om Hans og hans familie. Grunnen er nok at han drog langt heimafrå for å vere på denne tida.mvh Randi Ingunn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Kirsti og Randi Ingunn for nye avklarande innlegg om opphavet til Dalberg-ætti. Då har eg fått dei opplysningane, som eg treng om den sida av ætti.Men eg sit framleis att med spørsmålet om kvar det vart av Hans Halvorson og kona Synneva, og ogso den andre sonen deira, Lars Olai... Og kanskje hadde dei fleire born?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Meir søking i dei skanna kyrkjebøkene for Buksnes syner at:* Halvor Hansson døydde som legdelem på Kyllingdal 12.5.1888, medan* Maren Anna Olava Andersdotter døydde som gardbrukarenkje på Halsen, Kyllingdal 3.11.1900.* Dei fekk i alt sju born.Soleis er avsnittet om Halvor komplett, men kvar skal me leita etter lagnaden til foreldri Hans og Synneva?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg har diverre ikkje enno vore i stand til å finna ut noko meir om lagnaden til Hans Halvorson (Dalberg), fødd i Volda 1785, og kona Synneva Lassesdotter, fødd i Hafslo 1794, etter at dei i 1821 på Gyldenpris (Laksevåg) fekk yngste (kjende) sonen Lars Olai. Eldste sonen Halvor hamna altso i Buksnes i Nordland, men kvar i all verdi kan foreldri og broren ha gjort av seg...?Alle gode tips er meir velkomne enn nokon gong!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×