Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Kåre Trefall

[#54678] Oppslag i militær rullar på Gulleik Larsson Flete

Recommended Posts

Gjest Kåre Trefall

Eg prøver å finna informasjon om militærtenesta til ein person buande i Arnafjord, Vik kommune i Sogn og Fjordane fylke, avtent ein gong i tida 1853 til 1860.Personen er:- Gulleik [Gullik, Gullak] Larsson Trefall [gamal skrivemåte: Træfald] f. 4/10 1832 på garden Trefall i Eksingedalen (Træfald i Exingedalen, Efanger (Evanger) sokn, Voss Prestegjeld) - Konfirmert 10/10 1847 i Arnafjord i Vik i Sogn som Gullak Larson Flete [gamal skrivemåte: Flæthe], foreldra bur no på garden Flete i Arnafjord, Vik kommune i Sogn og Fjordane. - Reiser til Danmark 26/4 1852 og er der omlag eitt år. - Gifter seg 20/6 1856 i Arnafjord med Anna Larsdotter Bungum, og fyrste barnet blir døypt 1/2 1857 som Lars Dahle, dei bur då på garden Dale i Arnafjord. - Emigrerer til Amerika 3/3 1860, som Gullik Larsson FleteAmerikansk kjelde fortel om Gulleik: 'Etter å ha avtent fem år i dei ståande styrkane i heimlandet sitt, beslutta han seg for å dra i veg til det lova landet på andre sida av Atlanteren, der ein ikkje er tvinga til å gje sine beste år i kongens teneste.'Avteninga skjer sannsynlegvis ein gong i tidsrommet 1853 (tilbake frå Danmark) til 1860 (til Amerika). Eg prøver å få bekrefta denne militærtenesta. Namnevariantar han kan væra innskriven med: Gullieik, Gullik, Gullak Larsson Flete [Flæthe], Dale [Dahle], Trefall [Træfald], fødselsår: 4/10 1832.I unionstida har eg funne at det på denne tida var verneplikt for menn frå landsbygda, og at utvalet skjedde ved loddtrekning. Kor lang vanleg vernepliktstida var på denne tida har eg ikkje funne, heller ikkje i kva alder ein blei innkalla. Sidan Gulleik tente i 5 år, tyder kanskje dette på at han verva seg. Eg har heller ikkje funne kva militæravdeling Gulleik ut frå geografi naturleg ville høyra til. Eg er ogso svært takksam for informasjon rundt dette.På forhand takk for hjelp, mvh Kåre Trefall, Kongsberg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×