Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#54747] Andrew J. Anderson (1843) frå Sogndal til New York City g.m. Sue- lagnaden hans?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Andreas ''Andrew'' J. Anderson, fødd i Sogndal 23.1.1843, utvandra til Amerika med foreldri sine i 1846 og voks opp i LaSalle Co., IL, men flytte sidan til New York City! Han gifte seg i Manhattan Co., NY 25.5.1876 med Susan J. (I?) Lacey, f. i NY kring 1857.Andrew var auksjonarius og budde 1880 i Hoboken, NJ, men flytte sidan attende til New York g hadde i 1896 adresse: 34 South Oxford Street, Brooklyn, NY. Me kjenner til to born:* Edna Belle Anderson, fødd NY 26.11.1876, døydde i Los Angeles, CA 3.2.1940, var gift med misjonærprest Robert W. Andrews frå Newfoundland.* Charles Anderson, fødd NY 1878/1879, lagnad ukjend.Me veit at Andrew døydde ein eller annan gong mellom 1897 og 1926.Er det nokon med ekspertise på New York som kan hjelpa meg finna:* Dødsfalli til Andrew og Susan Anderson?* Nøyaktig opphav for Susan Lacey (Anderson)?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jan Peter for eit spennande og interessant innlegg. Det var godt å få denne fødsli på plass, men er det mogeleg å finna dødsfalli til Andrew og Sue?Med venleg helsing,Lars E. Øyasne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×