Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Alf Steinar Nekstad

[#54826] Oldefar født i gamle Tustna Kommune, kven var faren eigentleg ?

Recommended Posts

Gjest Alf Steinar Nekstad

Freistar på ny å få hjelp med å finne ut av kven Ole Pedersen Lillgjerde var, eg klarar ikkje å finne noko fornuftig i folketeljingar.Min oldefar Andreas Olson Høvik Lenke født 11.01.1872 på ein plass under Høvik (Hevvikja) i tidlegare Tustna kommune. Foreldra var Hendrikke Halvorsdotter f. Treekrem og Ole Pedersen Lillegjerde. Han var født utanfor ekteskap, Hendrikke var aldri gift. Opplysningane er henta frå fødselen til Andreas i Kyrkjeboka. Er det nokon som kan hjelpe meg med å finne ut kven Ole Pedersen Lillegjerde var og kor vart det av han ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Nå har ikke jeg fjerneste anelse hvilket kirkesogn Tustna er. Men her er 2 gårder i MR som heter Lillegjerdet. Nr. 183 er i Borgund og nr.32 i Sunnelven. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alf Steinar Nekstad

Tustna tilhøyrde på den tid Edøy sogn, seinare Halsa sogn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Har du prøvd å jakta på oldefar og tippoldefar din i konfirmantlistene, Alf?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Fint Berit! Dette viser at Ola Pedersson framleis held til i Høvika, men i folketeljinga 1900 manglar Ola. Han kan då vera daud (om han då ikkje har flytta), og om ein finn dødsfallet/gravlegginga i kyrkjeboka, så kan ein også finna ut både kvar og når han er født.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Men han er ikke død der 1884-1898.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

No hende det at folk i Høvika vart gravlagde i Aure også, men eg fann han ikkje der heller, så det kan jo tenkjast at han har flytta og bur ein annan stad ved folketeljinga i 1900.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar Tyrhaug

Sønnen Andreas Høvik er jo flytta til Kristiansund og stifta familie, her i 1900: Lenke Og faren kan jo også ha blitt med dit, uten at han bor sammen med sønnen og familien hans.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Ormbostad

Har sett litt på dette, og leita etter Ole Pedersen Lillegjerde. Han er vanskeleg å finna, og det er født veldig mange Ole Pedersen her i fylket i det aktuelle tidsrommet frå 1840 til 1850. Det er få plassar som heiter Lillegjerde i nærområdet. Her i fylket er det to, ein plass på Hellesylt i Sunnylven, og ein på Lønset i Bolsøy. Den på Hellesylt trur eg er uaktuell. Det er dessutan ein par plassar i Nord-Trøndelag, men det og synes å bli for langt unna.Den på Lønset kan vera meir aktuell, men det er heilt uråd å fastslå noko sikkert. Her er det født ein Ole Pedersen den 25. juni 1842 Lenke Mora er husmannsdotra Ellen Andersdt. Lønsetteigen, og det er vel ikkje langt ifrå Lillegjærdet på Lønset. Faren er husmannsonen Peder Olsen Bragstad, ungkarl og soldat.Men eg finn ikkje at han er innflytta til Tustna, utflytta frå Bolsøy, død på Tustna, eller utflytta frå Tustna igjen. Men du kan sjå litt meir på denne personen, men det er vel helst truleg eit bomskot dette og. Mvh Harald

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alf Steinar Nekstad

Hei og tusen takk til dykk alle !Undrar om nokon av dykk veit om det finnest bygdebok for Bolsøy, som event. kan fortelja noko om denne Ole Pedersen f. 1842.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Ormbostad

Har no sett igjennom kyrkjeboka for Bolsøy frå 1856 og utetter for å sjå om han er konfirmert der, men finn han ikkje.Harald

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Ormbostad

Det ser heller ikkje ut til at det finnes gards- og ættesoger for det aktuelle området. Harald

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Erling Myrbostad

Hei, ei lita korrigering og kanskje avsporing.Henrikke Halvorsdatter er feil, det skal vel være Henrikke Andersdatter, regner med at det bare er ei feilskriving, siden faren heter Anders Halvorsen Kjervik (senere Treekrem). Jeg vet ikke om du er klar over at Henrikke hadde et barn til, med Kristian Halvorsen Lien. Hun het Fredrikke og var født 25.2.1879, senere gift med Peder Brattli og bosatt i Namsos. Henrikke kalte seg da Nauten, og arbeidet sikkert der. I FT1900 ser jeg at ho fortsatt er på Nautan, bor da som ugift dagarbeider på plassen Stranden (nå kalla Nordstrand)Erling

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Ormbostad

Og det er heimplassen min Erling.Mvh Harald Ormbostad

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×