Gå til innhold
Arkivverket

[#54832] Dei gamle i landet -


Gjest Aase R Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Eg har, etter litt strev og knurring, lagt ut nokre dokument på Google Docs, med oversikter over dei eldste i kvart fylke/kommune. Dei som har lyst til å sjå på eit eller fleire fylke kan ta kontakt med meg på epost aasers@c2i.net , så skal eg sende ein invitasjon!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Dette dokumentet er blitt utvikla endå litt meir sidan sist - eg tek gjerne imot fleire gjester, enten på enkeltfylke eller på alle 19.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Aase R Sæther

Eg ser at eg ikkje har vore heilt tydeleg her - dokumenta inneheld både dagens situasjon og dei historiske eldste. Elles gjeld innhaldet i (2) framleis!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...
Gjest Aase R Sæther

Ein milepel blir runda med det aller fyrste: Eg har greidd å få full oversikt over alle her i landet som er fødde t.o.m. 1908 og som var i live eller ikkje registrert døde pr.01.01.2008. Gjester er framleis velkomne!Og så, i parentes, kjem det eit gammalt spørsmål snikande - kva gjer ein når ein har nådd eit mål, når ein har funne alt ein hadde tenkt å finne? Set ein seg ned og jublar og feirar eit par dagar? Eller sit ein og ser tomt fram for seg og lurer på kva ein no skal gjere på? Var dette alt, liksom? Er det eigentleg vegen som er det mest tilfredsstillande, og ikkje målet - ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Eg synes no du kan slappa av eit par dagar, samt kjenna etter korleis det er å vera nøgd med seg sjølv ei lita stund.No er det vel likevel slik at det oftast er vegen som er mest spanande, ikkje målet. I det minste gjeld dette slektsgransking. Det ville ikkje vore det same og fått alt saman ferdiggranska med svar på alle spørsmål ein måtte ha om si eiga og andre si slekt. Det vil alltid vera vera mest spanande sjølv å finna ut kva som løyner seg bak 'neste sving'.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Enig med deg, Finn, og om ikkje lenge skriv vi 2009, og då må eg ha 1909-årgangen klar ;-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.