Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#55013] Clearing-sentral for spørsmål om emigrantar frå Noreg til USA og Canada?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Saman med immigrantforskarar i Amerika ønskjer eg å reisa spørsmål om det let seg gjera å produsera ei oversikt over personar eller organisasjonar i Noreg som sit med spesialkunnskap eller som har interesse av å studera utvandringi frå einskildbygder eller -kommunar i Noreg.På amerikansk side er det planar om å utarbeida ei liknande oversikt over personar eller organisasjonar der borte som har kunnskap om norsk innvandring til ulike townships, counties eller større einingar.Målet med ein slik ''clearing-sentral'' vil vera å kunna bidra til gjensidig oppsporing av opphav i Noreg hhv. lagnad i Amerika for flest mogeleg av utvandrarane våre.Eg ser for meg at me kanskje kan byggja opp ein eigen Web-side der det finst oversikt over ''interessentar'' både i Noreg og i Amerika og der alle vil ha høve til å ta kontakt alt etter opphavs- eller lagnadsområde? For mitt eige vedkommande kunne ei opplisting sjå slik ut:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Sogn og Fjordane:* Hafslo: Øyane, Lars E. (e-postadresse)* Jostedal: Øyane, Lars E. (e-postadresse)* Luster: Øyane, Lars E. (e-postadresse)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Og på amerikansk side:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Wisconsin:* Buffalo Co. - Modena twsh: Øyane, Lars E. (e-postadresse)* Dane Co. - Dane twsh: Øyane, Lars E. (e-postadresse)* Vernon Co. - Sterling twsh: Øyane, Lars E. (e-postadresse)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Kanskje er det andre brukarar av Digitalarkivet som har tankar kring dette eller eventuelt kan komma med forslag til praktiske måter å løysa dette på?Eg takkar so mykje på førehand for innlegg og tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Sværen

Godt år Lars !Det er eit godt forslag du har der, Lars, og den fortener å koma lenger fram 'i køen' på DA.Eg kan ta meg av Vik og Balestrand i SF.MEN forlaget ditt har ei 'haka': Å senda e-post-adr til USA, kor lang tid går det før e-posten er stappande full av Viagra-tilbod og andre liknande ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×