Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#55690] Vernik Peterson, f. 1832 - husmann under Refsnes i Selje, men på kva plass?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Vernik Peterson og Anna Pernille Andersdotter fekk dotteri Anna Kristine, fødd 5.8.1867 på ein husmannsplass under garden Refsnes i Selje.Er det nokon med lokal kunnskap i Selje som kan fortelja meg på kva plass under Refsnes denne huslyden budde?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Vet ikke hvilken husmannsplass de bodde på, men kan det være samme paret som giftet seg i Selje 4.8.1867? Brudgommen het riktignok Verner og ikke Vernik, men med farsnavn Petersen… (se nr. 18) [url="http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070305690216.jpg>Lenke. Gårdsnavnet på brudgommen stemmer med opplysningene jeg har funnet i 1865 LenkeSer ut til at paret også hadde en sønn til dåpen i 1873 (nr. 107)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for interessante funn. No har eg òg leitt fram fødsli til denne Vernik, og ogso der er han kalla Verner, so det må vera ein skrivefeil i FT1865 og i seinare kjelder som gjeld dotteri frå 1867...Og det var jo interessant å sjå at Verner i 1877 var gardbrukar på Refsnes. Då fell spørsmålet mitt i grunnen bort, for det var bustaden deira eg var på jakt etter...Dette var bra, Grethe, å få avklart!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Petter Hoddevik

Hei Her kjem litt lokalkunnskap om Vernik.Refsnes Gard nr 3 og 5 Husmannsplassen 'Ura' ligg under garden Refsnes. Vernik var ikkje gardbrukar men husmann under broren Torbjørn på Refsnes 43/1. Vernik bygde huset og budde der all si tid. Han og kona er grevne på Ervik kyrkjegard.Vernik Petterson Honningsvåg 8/7 -1832 - 5/6 -1890 Vernik var husmann med jord og fiskar. Budde i 1867 i Årvik, der Verner var tjenestekarl. I 1875 er dei husmannsfolk i Ura. 4/8 -1867 *.Anne Pernille Andersd.Hoddevik 1833 - (Hoddevik 46/h )Barn: 1.Anne Christine f. 5/8 -1867 Utflytt Bergen 2.Peder Christopher Johannes f. 1870 - 20/2 -1870 3.Christopher Rasmus Mathias f. 7/8 -1873 - 25/4 -1882 UgiftI 1875 budde enkemann Rasmus Andersson (Skule Rasmus) hos Vernik. 'Skule Rasmus' var omreisande skuleholdar på Stadlandet og kom til Seljke ifrå Bergen som ung gut. Far til Verik, Petter Vernikson kom og til Stadlandet som ung gut ifrå Bergen. Han kalla dei 'By-Petter'. Det var fortalt at då 'Dalegutane' i frå Dalen i Årvik var i Bergen med byjekta for å selge fisk, kom By-Petter ned på kaia og ville ha teneste. Dalegutane tok han med til Årvik og dervoks han opp. Han gifte seg der ute og fekk etterkvart fleire barn, deriblant Vernik, Anders, Torbjørn. By-Petter og kona budde hos Vernik og delvis hos Torbjørn dei siste åra. Har du meir info om denne slekta er eg intressert i det. Mvh Jan Petter Hoddevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jan Petter for interessante opplysningar om opphavet til denne ætti.Her er dei opplysningane som eg har om dotteri Anna Kristine (frå Gards- og Ættesoga for Luster, det kommande band IX under gnr. 141, Alme:)''Jens Asbjørnson Moe, f. i Hafslo 21.7.1872, flytte alt i 1881 til Bergen der han 25.1.1902 gifte seg med Anna Kristine Verniksdotter Refsnes frå Refsnes i Selje. Ho var dotter av husmann og fiskar Vernik Peterson i Ura under Refsnes, opphavleg frå Honningsvåg i Selje, og kona Anna Pernille Andersdotter frå Hoddevik og f. i Selje 5.8.1867. Ho flytte til Bergen i 1883. Jens Moe var skomakarsvein, og han og Anna vart buande i Bergen der Jens d. 5.11.1916. Anna Moe d. same staden 28.10.1949. Dei var barnlause.''Eg har elles ein mistanke om at Vernik-ætti opphavleg flytte til Bergen frå Hafslo tidleg på 1700-talet.Eg vonar dette er til hjelp?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×