Gå til innhold
Arkivverket

[#55708] K(C)laus Gudmundsen, fødd 1865 - landbruksskuleelev Bergen 1882 - kven var han?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Maria Larsdotter Smedegaard frå Hafslo (1860-1924) fekk 26.9.1882 i Bergen sonen Ludvig Marenius Klausen. Som barnefar er oppgjeven:Klaus Gudmundsen, landbruksskuleelev, fødd 1865Eg har søkt i ymse folketeljingar, men er ikkje i stand til å identifisera denne barnefaren. Kanskje nokon har tips å komma med?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Iver Mosvold

Olaus ?? – Da må innføringen være i dåpsprotokollen være feil. Av alle de utydelige bokstavene er K den mest tydelige. Men jeg er sannelig ikke sikker på hvorvidt det står Klaus eller Klas.I tillegg stusser jeg over etternavnet GUDMUNDSEN. Slik jeg leser protokollen synes jeg det står en V eller E etter GUD. I alle fall synes jeg ikke Gudmundsen bør være eneste variant-mulighet for etternavnet.Denne 18-åringen i Kristiansund i 1865 kunne ha jo ha vært barnets (i 1882) far-far, hvis også han ble far som tenåring Lenke . (Men så veldig alvorlig ment var ikke forslaget.)IM

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anne J. Engmo

Men har du studert fødselstallene til foreldrene i dåpsprotokollene,kan årstallene ha blitt forvekslet slik at Klaus egentlig er født i 1848? Ser bare du skriver i innlegg 1 at Maria skal være født i ca.1860.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Iver Mosvold

Ludvig Marenius Klausen var påfallende lett å finne som konfirmert i Hafslo i 20/7 1892, (nr.10 Lenke ), men i den grad man ble klokere på farens navn er det bokstavert på nøyaktig samme måte som Lars har gjort det i innlegg 1.Men presiseringen av fødestedet ”Smedegård” i Bergen kan jo være av interesse.IM

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle, Iver og Anne for interessante innlegg kring dette problemet.Eg trur nok namnet til barnefaren er Klaus (eller Claus). Men kanskje farsnamnet hans er feil? Finst det kanskje oversikt over kven som på den tidi (1882) var jordbruksskuleelevar?Elles har eg frå dødsmeldingi til mori frå 1924: ''sonen Ludvig Marenius Klausen i live, men adresse ukjend''.So, me er vel like langt...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 11 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få ta opp att dette problemet frå januar som framleis står uløyst. Klaus Gudmundsen er oppgjeven vera LANDBRUKSSKULEELEV i 1882, og sidan han synest umogeleg å identifisera, kanskje det let seg gjera finna eit oversyn over landbruksskuleelevar frå 1880-åri? Kva landbruksskule kan det vera tale om, som ikkje ligg altfor langt unna Bergen? Var landsbruksskulen på Stend i Fana i gang alt då?Eg takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jon Sværen

Tipset frå meg kan væra bort i natta, men ein Claus UTAN navnet på far, med etternavn: Vedeler er født i 1861, og emigrerar til USA 27.2.1882 frå Bergen, 21 år, med tittelen ingeniør.Dersom Maria ikkje visste kven faren var, og ho kjente til denne Claus som alt var reist til USA ...... ??Eg er kjent med at alders-diffen er 4 år og at ein vært ikkje ingeniør på ein Landbr.skule. Men ingeniør alt 21 år gamal ...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.