Gå til innhold
Arkivverket

[#55744] Johannes Monsson Atteraas, f. Hyllestad 1876 - til Bergen og so kva?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Btgdeboki for Hyllestad, bd. II (side 71) omtalar huslyden til Mons Johannesson og Brita Bertelsdotter. Eitt av borni deira var:Johannes Monsson Atteraas, fødd i Hyllestad 25.12.1876, gifte seg i Bergen 18.2.1899 med Karen Susanne Larsdotter Smedegaard, fødd i Hafslo 8.2.1876. FT1900 syner Johannes som ''kolportør'' i Bergen, men han er samstundes nemnd busett i Stavanger, men då som ugift(!). Tre born er kjende:* Inger Malene (Smedegaard) Atteraas, dotter av Karen Susanne og Jens Severin Olson Krogenæs frå Gulen, var fødd i Hafslo 2.1.1897.* Bjarne Johannesson Atteraas, fødd i Bergen 20.4.1899.* Karl Johan Johannesson Atteraas, fødd i Bergen 21.6.1901.Etter fødsli til Karl Johan ser huslyden ut til å forsvinna frå Bergen, men kvar i all verdi vart det av dei?Kanskje nokon dreg kjensel på denne huslyden og kan hjelpa meg spora dei opp?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Jens Severin Olson Krogenæs var fra Kråkenes i Nord-Solund og dermed fødd i Askvoll pr.gjeld:Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 23 (1870-1880), Fødte og døpte menn 1876, side 33.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6857&idx_id=6857&uid=ny&idx_side=-33>LenkePermanent bildelenke: LenkeSjå oppføring mellom nr. 52 og 53. Karen dø i 1903. Mand: Agent Johannes AtteraasKildeinformasjon: Bergen fylke, Korskirken, Ministerialbok nr. E 5 (1884-1910), Døde og begravede 1903, side 234.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Sande

Tror det må være han som i 1921 ble gift med Lovise Hansdtr. Eide (29.12.1887-04.07.1977) fra bnr. 1 på Eide i Gulen. De bosatte seg i Åmdal i Gulen og fikk minst tre barn. Kan hende er disse barna for ung til at de bør omtales nærmere her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten, Gisle og Terje for spennande og nyttige innlegg. Det er utruleg kva de finn når ein leiter på rette plassane!Eg har no sete og gått igjennom dei nye opplysningane, og no sit eg att med følgjande problem:* Johannes Monsson Atterås gifte seg altso att i 1921 med Lovise Hansdotter Eide, men denne vigsli er, etter kva eg kan sjå, ikkje innført i klokkarbøkene korkje for Gulen eller Mjømna sokner. Er det mogeleg å finna ein nøyaktig dato og stad for denne vigsli?* Elles sit eg att med spørsmål om lagnadane til dei to eldste borni hennar Karen, Inger Malene og Bjarne, men eg har funne telefonnummer for to av borni som Johannes fekk i andre ekteskapet sitt og skal freista dei noko seinare. Kanskje dei veit å svara på dette...?Nok ein stor takk for framifrå hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle for ein interessant observasjon! Faktisk kjenner eg til dette barnet, for mori var frå Øvrebø i Gaupne (Luster) og er omskrivi i band IV hjå oss.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.