Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Steinar Skogli

[#55961] Lagnaden til Metta Pedersdotter Offerdal, født Amla

Recommended Posts

Gjest Steinar Skogli

Mi tipp-tipp oldemor Metta Pedersdotter Offerdal, fødd i 1803, vart gift med Ola Jonson Offerdal i 1826 Han døyde i 1836, og etter den tid kan eg ikkje finna spor etter henne. Metta sine foreldre er Per Anfinson Amladalen, og Margreta Markusdotter. Ho hadde ei dotter, Synneva,fødd i 1822, med ein Hans Nilsen Offerdal. Denne Synneva vart gift med ein Per Andersen Fodnes, og dei skal ha reist til Amerika i, eller rundt 1847. Då skal dei vistnok hatt to born. Kan ikkje finna noko der heller, men er det kanskje nokon som har kjennskap til eit eller fleire av namna? Det kan vera mogleg at Metta reiste ti Amerika med dottera og familien.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ottar Solberg

Under utflytte i basen til Fylkesarkivet i S. og Fj. finn du Synneva og Per Andersen og to barn Anders og Peder som emigrerte til Amerika 2/4-1847. Dessutan emigrerte ei Metta Pedersdtr. Seim, f. 30/4-1803 til Amerika 21/4-1854 saman med mannen Anfind Anfindson Seim og sonen Ola Anfindson Seim. Kan dette vera Metta Pedersdtr. Offerdal som er gift på ny?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ottar Solberg

Metta Pedersdtr. vart gift i 1836 i Kaupanger, Sogndal med Anfind Anfindsen Høstager. Sjå nr. 17: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ottar Solberg

Det vart feil i innlegg 3. Det skal stå nr. 16, ikkje 17.Eg trur eg har funne familien Per og Synneva i census 1860 i Norway Township, Racine Co., Wisconsin: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Steinar Skogli

Tusen takk for nyttig informasjon. Vil jobba vidare med dette, så får vi sjå om det ikkje løyser seg!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.