Gå til innhold
Arkivverket

[#56022] Ole Olson Hunstad i Hustad sokn, Bud (1817-1877) og huslyden hans?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ole Olson Hunstad i Hustad sokn, Bud, var fødd i Sogndal i Sogn 22.12.1817 og flytte til Hunstad i Bud som gardbrukar i 1845. Første kona Martha døydde på Hunstad i 1868, og Ole gifte seg att i Bud 14.7.1873 med Elen Andersdotter Karlsvik. Elen var dotter av Anders Ellingson og Marit Eriksdotter, vigde i Bolsøy 6.10.1816 (Lenke) der Anders nenast Boklsøy, medan Marit nemnest Rødbekk. Elen var fødd på Eikrem i Bolsøy 9.6.1822.* Er det nokon med lokal kunnskap i Bud eller Bolsøy som kan gjera greie for bustaden og yrket til Anders Ellingson og Marit Eriksdotter? Vart dei buande som gardbrukarar(?) på Eikrem i Bolsøy, eller flytte dei til Karlsvik i Bud?Ole Olson Hunstad døydde på Hunstad i Bud 25.11.1877, men eg finn ikkje Elen avlidi i Hustad sokn, Bud innan 1903.* Er det nokon som kjenner den seinare lagnaden til Elen Andersdotter (Hunstad)?Ole Olson Hunstad hadde dfire born, som ale var frå første ekteskapet. Eg kjenner lagnadene til dei tre, men sonen Olaus Olson (Hunstad), fødd i Bud 25.6.1846, var ilive på Hunstad i 1886.* Er det nokon som kjenner den seinare lagnaden til Olaus Olson (Hunstad)?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørg Hukkelberg

Hei Hunstad skal sikkert være Hustad. Ved vigselen i 1816 trur eg det står Bolsønes etter Anders sitt namn. Dette ligg i noverande Molde kommune. Det gjer og Røbekk. Bolsøy-boka ligg ute på internett Med helsing Bjørg Hukkelberg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørg Hukkelberg

Eg finn ein Olaus f. 1845 i Haram i Møre og Romsdal i FT 1900. Fødd i Bud og brukar Bud til etternamn. Yrke er kolportørBjørg H

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Reidar Sande

Denne Elen Andersdtr må vere enka etter Reier Halvorsen i Karlsvik indre i Bud. Ho blei enke i 1871. Det er litt uklart med faren til Elen. Anders Ellingsen er oppgitt som far da ho gifta seg 2. gong, medan det står skrive Anders Kystolfsen ved 1. ekteskap.Er det denne karen som kalte seg Ole Olsen Ølnes da han kom hit? Kan Ole Nielsen Ølnes vere faren og Ane Olsdtr mora? Men faren blir kalla Ole Mikkelsen ved Ole og Elen sitt giftemål i 1873. Eg føler meg noko usikker her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Det var kjekt å komma attende eter middagspausen og sjå at ogso andre var aktive på nettet! Hjerteleg takk til Bjørg og Knut Reidar for spennande nye innlegg! * Gardsnamnet Hunstad kontra Hustad. Eg har lese HUNSTAD fleire stader i kyrkjebøkene for Bud, men eg er ikkje lokalkjend; skal det vera HUSTAD? Eller er det kanskje HOSTAD?* Olaus Bud - kolportør i Haram 1900. Jau, kanskje det er ''vår'' mann, men er det mogeleg å finna prov for dette?* So til Elen Andersdotter. Kyrkjeboki for Bolsøy syner to jenter med same namn fødde same dag ([url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16058&idx_id=16058&uid=ny&idx_side=-12>Lenke), ei har Anders Ellingson Eikrem til far, medan hi har Anders Kystelson Lønsethagen til far. Og båe vart konfirmerte i Bolsøy i 1836 (Lenke). Og som om ikkje dette var nok, ved vigsli i 1851 i Bud mellom Reier Halvoerson og Elen Andersdotter er namnet hennar oppgjeve som ''Eikrem eller Lønsethagen'' (Lenke)! So heller ikkje presten har visst kven av dei det var...(?) Derimot finn eg ei Elen Andersdotter Lønset gift i Bolsøy 1849, 25 år gamal, men her heiter faren Anders Andersson! (

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Reidar Sande

Hustad er ei gammal storgard ute ved Romsdalskysten (Hustadvika) Den blei tidleg splitta opp i mange mindre gardar. Hostad,også der er det fleire bruk, ligg ca ei halv mil inn i landet frå kysten, nabogard til Farstadrødal,Vassenden og Kolmannskog, som nokon vil kjenne til. Hustad og Hostad blir ikkje ofte forveksla.Hunstad trur eg neppe er gardsnamn i dag. Om det var namnet på ein gard på Hustad, eller skrivefeil eller annan skrivemåte for Hustad (eller Huustad som og ofte er brukt), tør eg ikkje meine noko sikkert om. Eg trur du kan skrive det du har lese, altså Hunstad,kanskje det var det riktige der og då.Så til Elen Andersdotter. Det må vel vere sikkert at det er samme dama som blei gift to gonger. På Kalsvig indre i Bud var det neppe samstundes to enker med samme namn og alder fødd i Bolsøy.mvh Knut R Sande

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Osvald Rydjord

Foreldrene til Ellen Andersen Lønsetteigen kommer fra Dalset og Bakken i Rødven, Veøy. Ellen har 6 helsøsken og en halvsøster fra før Anders og Elen giftet seg i 1811. Jeg har Ellen Andersen, f 1822 i basen, men vet ikke hvor hun havnet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Reidar Sande

Eg ser eg har skapt forvirring: Her er Ole og Martha innflytta til Bud, nr 8 og 9. Nr 10 og 11 er også frå samme staden Ølnes, men treng ikkje foreldra til Ole av den grunn. Kanskje er dei i familie? Lenke Så til Elen Andersdotter. Eg fann ei Elen Andersdotter utflytta frå Bolsøy i 1851, utan at det skapte meir innsikt. Neste trinn var fadrane til borna til Elen. Det tredje bornet hennar hadde ein fadder Erik Andersen Sporsem i Aukra. Sporsem er ein god time roing frå Bud, og han viste seg å vere frå Eikrem i Bolsøy, fødd 1816 av foreldre Anders Ellingsen og Marit Eriksdotter. Det er derfor god grunn å tru at Elen og Erik er søsken.Knut R Sande

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Knut Reidar og Osvald for nye gode innlegg. Eg er samd med deg, Knut Reisar, om at det må vera Elen frå Eikrem som hamna på Hunstad (Hustad) i Bud, so då er den gåta løyst...!Men kva so med lagnaden til Elen? Og til sonen Olaus...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Kjell Ove Hattrem

Takk for mange nyttige opplysninger!Ad (5), av Knut Reidar Sande: Jeg har trodd at Elen gift med Reiert var datter av Anders Tjøstolvsson på Lønsetteigen. Hennes brordatter Berit Anna Hansdotter ble gift med Erik Trondsson på nabobruket (Kalsnesremma). (En av deres døtres faddere, Hallvor Hallvorsson Gule, var forlover ved bryllupet til Elen og Reiert, men det kan også forklares ved geografisk nærhet.)I familietradisjonen til Elens etterkommere het hun Årøhagen, ifølge Ole Bernt Gammelsæter. (Elen fra Lønsets bror Hans havnet på Årø, uten at det behøver å bety noe.) Gammelsæters tante skal ha fortalt at Elen hadde to brødre samt morbrorkone på Vestad i Bud.Ad (6), av Lars E. Øyane: Kanskje klokkerboken er mer pålitelig om Elen-ene:LenkeI ministerialboken har Elen fra Lønset fått feil mor, fødselsdatoen er forskjellig, og foreldrene er oppgitt bosatt i Lønsethagen (ikke -bøen). Presten i Bud har tydeligvis fått sine opplysninger fra denne boken ved vigselen.Den tredje Elen Andersdotter slo seg ned i Olsmedbakken i Molde med ektemannen Amund. (Merkelig nok er han fadder til Beret Annas bror, altså Elen fra Lønsets nevø.)Ad (9), av Knut Reidar: Under datoen i utflyttingsinnførselen fra 1851 står noe som ligner på ''Ekremhagen''(?). Hvis Elen fra Eikrem reiser til Bud, må vi vel tro at det er hun som blir gift med Reiert. Men det rare er at hun i ministerialboken for Bud 1842-51, s. 366, er registrert med vaksinasjonsattest datert samme dag som Elen fra Lønset -- og i Bud er vaksinatøren nevnt som ''Chr Grue'', noe som tyder på at hun har forevist selve attesten, ettersom ''Chr[isten]'' ikke er nevnt hverken i ministerial- eller klokkerboken for Bolsøy ved konfirmasjonen.Har noen av dere synspunkter rundt disse omstendighetene?--Så til (8), av Osvald Rydjord: Hjertelig takk, der kom du med svar på en gåte jeg har lurt på lenge: opphavet til Anders og Elen på Lønsetteigen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 10 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Ein sein, men like hjarteleg takk til Kjell Ove for innlegg frå januar!I kveld la eg inn eit litt annleis spørsmål kring lagnaden til Elen Andersdotter på Hunstad (sjå tema #65005), og siste funnet til Randi provar at det var Elen Andersdotter frå Ekreim som vart gift på Karlsvik indre og sidan på Hunstad. Ho døydde i 1896.No sit eg att med berre eitt problem npr det gjeld denne huslyden:* Olaus Olson Hunstad, fødd i Bud 25.6.1846, vert i 1886 oppgjeven vera busett i Hustad sokn i Bud, men eg kan berre ikkje finna denne karen korkje som gift i Bud eller som utflytt frå Bud. Kvar i all verdi er han vorten av??Kan det vera den ugifte ''kolportør'' Olaus BUD som i 1900 er busett på Rogne i Haram, oppgjeven fødd i Bud 1845??Eg finn ikkje Olaus avliden korkje i Haram til 1927 eller i Hustad sokn i Bud til 1919.Sit nokon med tips?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.