Gå til innhold
Arkivverket

[#56032] Rasmina Elisabeth Ivard. f.1869 frå Haus i Nordfjord til Nordland - kvar?


Gjest Jan Sæthre
 Del

Recommended Posts

Gjest Jan Sæthre

Rasmina Elisabeth Ivardatter er fødd 7.4.1869 på ein husmannsplass i Haus i Nordfjord. Lenke (øverste linje) På eitt eller anna tidspunkt har ho flytta til ein stad i Nordland. Det er ukjendt til kva kommune.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Sigdestad

Her står foreldra hennar med etternamnet Endal, så dei budde nok der då Rasmina var fødd. I bygdeboka er faren Iver Johnsen med etternamnet Gjelde, så han er nok frå Levdalshjellen. Der er vidare tilvising med pil til 'Andre familiar' i boka, men dei er ikkje å finne der...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald L. Bakke

Etter mine notat var familien busette på Endal dei fyrste åra, men flytte seinare til Haus. Rasmine var fyrst gift med Ole Sivertsen d.ca 1890 og senare med Albert Pedersen.Kilde:Aase R. Sæther : 'slekta etter Kari Gregoriusdtr. Høynes og Rasmus Rasmusson Høynes '

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Sæthre

Eg hjelper ein person med å finne kvar det vart av alle som har budd på gardane i noverande Kjølsdalen krins, dvs. frå Lefdal til Reksnes. Eg har funne foreldra og fødsel til alle borna i originalkjeldene for Davik. Fleire av borna flytte til Fana/Haus i Hordaland, 2 stk reiste til Amerika og ei til Nordland. I FT 1900 for Davik er det berre foreldra og den yngste som er reg i Davik. Seinare flytter og foreldra til Arna sokn og døyr der i 1925 og 1930. Når det gjeld Mathilde som reiste til Nodland, så har eg og funne det første ekteskapet med Ole Syversen, men det 2. ekteskapet står registrert med Oluf Albert Johan Kristiansen. Denne personen står i FT 1900 for Buksnes reg som Albert Pedersen. Eg har lagt ut søk på denne 'namneforandringa'

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eit lite klipp frå boka mi - det ser ikkje så rotete ut der, altså!Frå s. 3 : Borna til Malene (Endal) og Ivar (Lefdalshjelle) HAUS i Eid: 31-1. Johanne Andrine f.10.03 1867 d.01.09 1953 Born: 9 - s. 15 g. m. Ingemar Jørgensen, til Skjolddal f.08.02 1867 d. 1953 31-2. Rasmine Elisabet f.07.04 1869 d.31.01 1964 Born: 9 - s. 15 g. m. Ole Sivertsen f. 1864 d. ca 1890 (1) g. m. Albert Pedersen f.27.05 1872 d.24.12 1942 (8) 31-3. Anna Marie f.27.05 1871 d.00.01 1956 Born: 1 - s. 15 g.1908 m. Mons Hauge f. 1874 d. 1935 31-4. Samson Albert f.26.08 1873 d.12.01 1957 g.1898 m. Anne Marie Kristine Olsen Ramsdal f.31.10 1875 d.19.07 1954 31-5. Nille Marie (NELLIE) f.05.12 1875 d.22.12 1947 Born: 7 - s. 15 g.1899 m. Karl Forsstrom f.10.09 1864 d.22.12 1943 31-6. Jonas Berent f.19.01 1879 d.17.03 1947 Born: 8 - s. 16 g.1908 m. Marie Fredricka Johanna Madsen f. d. 31-7. Mathilde Serine f.29.10 1881 d.00.08 1969 Born: 6 - s. 16 g.1904 m. Rasmus ANDREAS Jacobsen Snekkevik f.03.03 1879 d.26.01 1914 Johanne, Anna, Samson og Mathilde budde i (noverande) Bergen. Rasmine budde i Vestvågøy, og Nille og Jonas i Nebraska, USA. Dei eldste borna var fødde på Endal, og alle brukte ENDAL til etternamn då dei flytta ut (Jonas brukte IVERSEN).Du kan få meir om du sender ein epost.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Sæthre

Takkar for innspel. Eg må legge det eg har funne til no fram for ho som skal bruke det og så eventuelt kome tilbake dersom ho treng meir opplysningar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.