Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Anne Huse

[#56055] Ole Christian J. Stub frå Ålesund - ønskjer opplysningar om han og familien hans

Recommended Posts

Gjest Anne Huse

Ole Christian J. Stub var son til Kristine og Johan Daniel Stub i Borgund, fødd i 1814.I 1865-tellinga er han og familien registrert på Myklebust i dåverande Haram, no Sandøy. Han var då tollbetjent.Kvar flytta han til etter perioden på Myklebust. Kven var kona hans, ho er kalla Anne Sinborg, fødd i Ålesund og 46 år i 1865.Kvar vart det av døtrene Matende S, 18 år i 1865 og Andrea G., 12 år ? Dei er oppgitt å vere fødde i ÅlesundMvh Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kirsti Rye

Hei.I 1900 er Andrea og moren i Ålesund Lenke Men jeg finner ikke verken Andrea eller søsteren døpt i Ålesund eller Borgund.mvh Kirsti

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kirsti Rye

Her er en Andrea Georgine konfirmert i Ålesund Lenke Men her er farens navn Mathias,så det er antagelig feil person i innlegg 2 da. Det kan jo være to Andrea Stub på samme alder.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Tollbetjenten på Myklebust i 1865 må ha vore Mathias Didrik Stub, som i 1840 (25 år gammal) ekta Anne Cimber Stevelinsdt Schielderup (alias Anne Sinbor) i Borgund.Dei hadde m.a døtrene Steveline Mathilde Stub (1848-99), alias Matende i 1865, og Andrea Georgine Stub (1854-).Det pussige er at Mathias Didrik Stub ikkje er funne innført som døypt i kirkebøkene for Borgund. Foreldra hans skulle vere Johan Daniel Stub (1781-1840), borgar i Fyllingen på Sula, og Kristine Margrete Christophersdt Abelset (1779-1819). Dette paret hadde sonen Ole Christian til dåps i Borgund i 1816 (ikkje 1814), og ein Johan Daniel i 1814 (det året Mathias Didrik skal ha vore fødd).Mathias Didrik og Anne Cimber hadde ellers barna Anne Høyer Stub 1840-1932, Johanne Kristine Stub 1845-1928 og Petri Tonning Stub 1850-71.Steveline Mathilde Stub var 1872 eller før gift med ein Jacob Andreas Hanssen, som var daud før 1875. Dei hadde datra Hansine Joakime Hanssen, fødd 1872 i Valberg i Lofoten.Alle disse opplysningane bør sjekkast mot kirkebøkene for Borgund.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Huse

Eg takkar bade Kirsti og Bjørn for rask reaksjon og for god hjelp. Eg har sjekka opplysningane opp mot kirkebøkene for Borgund som ligg på Digitalarkivet og gjeldande folketellingar, og alt ser ut til å stemme.Kan det tenkast at innføringa i kirkeboka i 1814 er feil, at det er namnet til faren som er blitt innført også som namn på dåpsbarnet ? eller kanskje i avskrifta ?Eg kan ikkje finne gjeldande kirkebok for Borgund mellom dei scanna bøkene.Mvh Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Hei Anne! 'Johan Daniel' er autentisk innført som døypt i 1814. Du finn det også i ei av dei scanna krkebøkene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hanne Heen

Hei AnneHer er konfirmasjonen til Mathias Didrik Stub i 1833 i Borgund. Det kan se ut som presten også har problemer med å finne dåpen hans da ingen fødselsdato eller alder er oppgitt. Men i følge dette skal han være født på Fyllingen i Borgund. Og vaksinasjonen skal være utført i 1819. Så da er jo også det en mulighet for å finne mer om ham.For meg kan jo det da muligens se ut som du har rett angående forveksling av navn på dåpsbarnet mellom far og sønn.Mvh Hanne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hanne Heen

HeiSer at linken min til konfirmasjonen ikke kom med. Så håper det lykkes nå, det skal være denne:LenkeMvh Hanne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Huse

Takk til alle gode hjelparar.Med det som er lagt fram frå dykk, kan eg nok gå ut frå at Bjørn hadde rett, og at det i folketellinga 1865 er oppgitt feil namn av ein eller annan grunn.Eg fann forresten at toldbetjent Matias Didrik Stub døydde i Ålesund 28. mars 1893. Fødselsåret er oppgitt å vere 1814.Mvh Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×