Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Mariann Stokken

[#56447] Oppslag i bygdebok for Bremanger(Davik) evt. Vågsøy. S og Fj

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

Står det noko om kva tid Ole Rasmussen Skavøy(f.1904) og Alfhild Jenny Ellingsdtr.(f.1904) gifta seg og kvar? Han var frå Skavøy i Vågsøy og ho vaks opp hjå 'pleieforeldre' på garden Aasene(Josef og Serene) i Davik.Eg har leita 'høgt og lavt' etter giftarmålet deira, utan resultat, finn heller ikkje konfirmasjonen hennar, men det er gjerne avdi boka fortsatt er på krk.kontoret(ikkje utskriven)?Eg treng ikkje noko om etterkomarar eller forfedre, det har eg funne ved hjelp av kyrkjebøkene og etterkomarane, men dersom det er noko å finna om giftarmålet vert eg (og fleire etterkomarar) kjempeglad!!Venleg helsing Mariann. Skulle også gjerne visst kvar Alfhild vart fødd, har leita etter dåpsregistreringa utan resultat. Fann f.dato-dødsdato i gravstedsregisteret.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Sigdestad

Ho er ikkje nemnd under Åsane i Davik i Bremanger bygdebok, heller ikkje finn eg dei i Selje-Vågsøyboka under Skavøypollen, men eg snuse litt nærare på saka i morgon.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Takk for svar!Eg takkar også for viljen til å 'snuse litt' :-))Eg vonar du har betre luktesans enn meg, for eg har som sagt 'snust' mykje, utan resultat.Mogeleg grunn til at dei ikkje er nemnd i Skavøy, er kanskje avdi Ola(ikkje Ole, som eg skreiv i (1) ) ikkje overtok garden før i 1952-53, då far hans døydde.Alfhild og han vart skilt fleire år (kanskje 10 år) før det.Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest sol høydalsvik ulvestad

I 1900-tellinga for Davik finn eg Josef Olsen f. 1858 og Serine Pettersd. f. 1853 på g.nr. 19.1 Åsene Davik.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Takk for svar :-) Ja, eg kjenner til det, men eg skulle så gjerne visst kva tid dei gifta seg.Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Ja, det er ikkje Josef og Serene eg vil vita vigselsdato på(kunne nesten sjå slik ut frå svaret mitt i (5)), men Ola Rasmussen Skavøy og Alfhild Jenny Ellingsdtr.No har eg lagt inn eit spørsmål i Arkivforum, kanskje det er mogeleg å finna noko gjennom skilsmålspapira.Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Sæthre

Har funne fødselen til Alfhild Jenny i scanna kyrkjebok for Eid 1879-1906. Lenke heilt nederst. fødd 10.6.1904 Uægte Som foreldre står der. Tjenestepige Johanne Abelsdatter Oldeide der har oppgivet som Barnefader Skomag. Elling Jocobsen unggk.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Sæthre

Oldeide er ein gard i Bremanger, Roti og Bjørlo er gardar på Eid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

1000 roser til Jan!! eg skjønar ikkje dette, eg har leita, og leita, men har nok ikkje sett skogen for berre trær!Dette var supert! No manglar eg berre vigselsdatoen, så er eg nøgd :-))Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Sigdestad

Iflg. Bygdebok for Bremanger, er Johanne Abelsdtr. Oldeide, f. 1879, d. 1953, oppført som dotter til innerst på bruksnr. 2, Abel Pedersen (1829-1880) og Pernille Andersdtr (1834-1882). Johanne var gift i Flåm i 1909 med Guttorm Kristensen Fretheim, f. 1883, d. 1953.Eg har sett soknepresten i Davik på saka med å finne ut kva tid Ola og Alfhild vart gifte.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Hei takk så mykje til Gunnar også! Det frå bygdeboka kjenner eg til, og soknepresten i Davik lurar sikkert på kva som gjer at dette paret er så interessanne :-) eg har nemleg også vore i kontakt med han, men han fann dei ikkje.Det var sannsynlegvis avdi eg bad han leita i Ålfoten (etterkomarar sa at dei var ganske sikre på at dei var gifte der), og ikkje Davik. Hadde vore kjekt å funne den datoen og!Takk igjen!Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.