Gå til innhold
Arkivverket

[#56489] To mulege gamle damer i Volda - kva seier bygdebok og lokalkunnskap om dei?


Gjest Aase R Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Eg finn pladsemandkone Johanne Fylsvik f.1834 i Volda ved folketellinga 1900. Så finn eg dette på DIS gravreg:Johanne Fylsvik 2806 1834 1307 1944 (Kilsfjord)Dette er ein vaksen alder dersom dødsåret stemmer - kan nokon bekrefte eller avkrefte dette for meg? Vidare finn eg i DIS gravregister Anne Petrine Ullaland 2009 1838 0911 1945 (Leirshaugen) - dette er ei eg ikkje utan vidare finn i 1900. Kan nokon hjelpe meg med henne og?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest ann- mary engum

Ved konfirmasjonen er det ført en måned feil på fødselsopplysningen.Det står at Johanne er født 28/7 1834,men det riktigeskal være 28/6 1834.Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Volda i Volda, Ministerialbok nr. 511A06 (1831-1850), Konfirmerte 1848, side 137. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15959&idx_id=15959&uid=ny&idx_side=-158>Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Sigurd Eliassen

I Per Årviknes: Volda-soga II, Volda 1971 side 381 er Anne Petrina nemnd under gnr. 40 Ullaland, Nilsbruket bnr. 1:'1862. Nils Olsson Hunnes vart g. 1862 m. Anne Petrina Knutsdotter Ullaland. Dei bygsla i 1877 av Nils Nilsson Farstad. Same året kjøpte dei bruket og vart sjølveigarar. Nils d. 1916. Anne d. 107 år gl. i 1945.'Der er eit bilete av henne på same side med bilettekst:'100-åringen Anne Ullaland'

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Mange takk for flotte opplysningar! Då står det berre att å dokumentere at Johanne verkeleg levde til 1944 og vart over 110 år -

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Sigurd Eliassen

Eg trur at dødsåret 1944 på Johanne skal vere 1914.I Per Årviknes: Volda-soga III, Volda 1973, side 222 står det følgjande under Fylsvikja gnr. 89, Leirosen bnr. 5:'1873 Svein Sjursson Bjørneset bygsla ein plass av br. 1 og 4 i 1872, g. 1873 m. Johanne Jakobsdotter ytre Høydal, d. 80 år gl. 1914. Svein d. 83 år gl. 1916. Dei hadde ei dotter Anne, f. 1865, g. 1903 m. Johannes Olsson Brune.'I 'Klokkarbok nr. 511C05 (1902-1920) for Volda i Volda, Døde og begravede 1914, side 301' vil du finne dødsinnføringa hennar. Dødsdatoen er oppgjeven til 14/7-1914.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.