Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Ivar Fylling

[#56508] Hareid: Johanne eller Pernille Eriksd Hovlid?

Recommended Posts

Gjest Ivar Fylling

I Bygdebok for Ulstein og Hareid,bd V s 523 står dotter av Eirik Sørenson Hovlid; Pernille, gm. Ole Farstad. I 1801 tente ho hjå Ole Olson Grimstad, var ugift og 26 år. I folketeljinga 1815 er Ole Olsen Ytre Farstad, i Haram gift med Johanne Eriksd., 53 årEg trur at Johanne Eriksd., som i 1801 er 35 år og i teneste hos Rasmus Pedersen Ostnes var dotter til Eirik Søreson Hovlid, og at det var ho som vart gift med Ole Olsen Farstad 29.12.1801. Der var ei Johanne Eriksd. på Longva og, men ho var for ung til å bli 53 i 1815, og sidan Rasmus Pedersen Ostnes var sponsor, reknar eg med at det var tenestgjenta hans som var brud, og at ho var innflyttar.En annan indikasjon er at ved dåpen til Lars Eriksen Longvas første barn 20.4.1813 er 'Johannes Eriksen' Farstad blant fadderane, i avskrifta av kyrkjeboka. Eg har mistanke om at Johannes Eriksen er skrivefeil, av presten eller avskrivaren, for Johanne Eriksdtr., som i så fall var storesøster til Lars Eriksen Longva, f Hovlid. I 1815 var der ingen Johannes Eriksen på Farstad.Er det nokon som kan bekrefte dette?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Det er vel dåpen til Ingebor Maria 20.4.1813, her httdeboka visp://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16020&idx_id=16020&uid=ny&idx_side=-60 du viser til - og her står det visseleg 'Johanne Erichs d. Farstad'Bygdeboka viser til skifte etter Erik Sørenson Hovlid i 1811. Sannsynlegvis er det dette som er grunnlaget for dei fleste opplysningane om borna til Erik. Som du nettopp har sett, er det fort gjort å lese/skrive av feil - så du bør kanskje sjekke kva som faktisk står i skiftet. Men er der ikkje noka Johanne der, må du ha meir enn gode mistankar for å skrive henne inn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar Fylling

Takk for opplysninga.Når Johanne Eriksd. på Farstad er fadder for innflyttaren Lars Eriksens barn på Longva, og Hareid bygdebok skriv at Erik Sørensen hadde ei dotter (dvs søster eller halvsøster til Lars Eriksen) som vart gift med Ole Farstad, er eg nokså sikker på at Lars og Johanne var i nær slekt. Aldersopplysningane tyder på at Johanne er fødd ca 1762, Lars 30.1.1774, Pernille,ca 1775, Ingebor Anna 1.1.1780. Det er stor aldersforskjell. Kona til Erik Sørensen, Ane Pedersd., var ifølgje bygdeboka fødd ca 1751, så ho kan ikkje ha vore mor til Johanne Eriksd. Er det nokon som kan hjelpe meg med skiftet etter Erik Sørensen (4.67.1811?)?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.