Gå til innhold
Arkivverket

[#56521] Oppslag bygdebok for Nordfjordeid


Gjest Mariann Stokken
 Del

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

Ved god hjelp i vedlagde lenke fekk eg vita kven som var far til Alfhild Jenny.LenkeOg ved hjelp av FamSearch fann eg ut at årstalet for hans fødsel(1864) oppgjeve ved dottera sin dåp, var 10 år feil!Så eg har no ved bruk av Dig.ark. og Fam Search funne forfedrene hans, men kvar vart han av seinare? Han budde i Bergen 1900, men har nok hatt seg ein tur heimom, sidan han vert far i til eit barn døypt i Eid 1904.Står det noko kvar det vart av Elling Jakobsen Bjørlo (f.1874) seinare?Dersom det er nolevande etterkomarar er mi e-post adresse: mastokkto(skriv 2)alfakrullonline.noAltså: opplysningar frå 1900 og oppover, ikkje bakover i tid!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald L. Bakke

Lette i full fart gjennom brukarlistene for Bjørlo. I Bygdebok for Eid-Hornindal står detingen ting om Elling Jakobsen det eg kan sjå. Denne bygdeboka (som var utgitt i 1953) har bare teke med dei som var bruklarar med ektefeller og i mange tilfeller manglar det årstal og andre opplysningar. Barna til den enkelte brukar er ikkje ført opp i boka så du må nok satse på at det er nokon som kjenner til Elling eller kan finne han ein stad.Mvh Harald

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Takk for svar til samtlege! Ja, Anders Jakobsen er broren til Elling, og ja, det er gjerne Elling han reiser til.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Eg har no funne at ganske mange (alle?) syskena til Elling for til Amerika, men han finn eg ikkje.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anne Bjørlo Fiskå

Faren var husmann på Bjørlo. Far til Elling var bror av min oldefar. Elling hadde 8 søsken, 5 av dei reiste til Amerika. Han hadde ei søster Dina (Valdine)(ugift) som budde på Roti. Ein bror Ivar busette seg på Hamar. Ei anna søster var Martha Lovise f 1876. Har opplysninger om noen i Amerika og Hamar, men ikke på Elling og Martha. mvh Anne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Takk til Anne :-) Her er vel litt nytt for deg også då, for _her_ er iallfall Martha LviseTil Åse Har lista opp dei eg har funne som reiste: Martha Lovise f.09.03.1876 og Peder Matias f.05.08.1883 Reiste saman i 1903.Janikke f.08.02.1886 og Mathilde f.16.09.1890 reiste saman i 1909.Andreas f.14.08.1888 reiste(som Åse fann) i 1912.Namn/f.år fann eg i utreiste frå Bergen, så då var det ganske enkelt å finna dei krk.bøkene.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anne Bjørlo Fiskå

Hadde du henne? Petra Valdine Jørgine Jakobsdatter f 12.01.1878 g.m.Sivert Brekkhus fra Voss,gift i USA 1901. mvh Anne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Nei, eg hadde eigentleg ingen :-)Det var Åse som fekk meg til å leita etter dei :-)))Dette er ikkje mi slekt, men Ole Rasmussen Skavøy gifta seg med syster til mi bestemor(dei var begge fråskilde og godt vaksne).Det er eit par av hans søner som spurde om eg kanskje kunne hjelpa til med å finna ut av litt kring ein del av dette. Ting som dei aldri har visst.Mykje har eg funne ut av med god hjelp av dykk!!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Bergesen

Jeg ser at Elling Jakobsen Bjørlo dør i Eid 19/10-1910, jeg ser at datoen for gravlagt har jeg registrert 4/10-1910, det må vel være omvendt. Han er oppgitt å være født 20/7-1874, og oppholdt seg på Bjørlo da han døde. Rune

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Glimrande! No er eg snart i mål med denne jobben :-)Manglar berre datoen for giftarmålet til Ola R Skavøy og Alfhild (sjå lenka i (1) )Ser at krk.boka for Eid/Eid ikkje er skanna lengre enn til 1907. Står det noko i dine registreringar om han var gift/ugift då han døydde?Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Har sagt det før, men seier det igjen: eg tek ikkje betalt for det eg gjer, 'såg' plutseleg at eg hadde brukt ordet jobben i mitt forrige innlegg. Eg har slett ikkje dette som jobb på nokon måte, det er min hobby, ein utruleg spennande hobby!! ------------------------------------------Så: tusen takk igjen til Rune!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Rune Bergesen. Elling Jakobsen døydde 29.10.1910 og vart sannsynlegvis gravlagd 04.11.1910. Du har nok skrive 10 istadenfor 11.Anne: God idè å spørja på Arkivforum om kva det stod i skiftet :-) (Anne sende meg e-post der ho spurde om eg kunne gjera det) Så fekk eg/me endå ein bekreftelse på (ikkje det at eg var i tvil altså, men...)at det var rett. Det stod i krk.boka då dottera vart døypt at han var skomakar, og i FT1900 er han Hornblæser, i familien seies det at han skulle vera musikar, så no har alle fått rett :-)))Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.