Gå til innhold
Arkivverket

[#56524] Anne Margrete Jakobsdtr. født ca 1830 i Austre Moland


Gjest Egil J. Tveit
 Del

Recommended Posts

Gjest Egil J. Tveit

Ved folketelinga 1865 finn ein under garden Salterø i Østre Moland i Aust-Agder digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=6&filnamn=f60918&gardpostnr=372&personpostnr=2675&merk=2675#ovre Terje Johns. som husfader, 40 år gamal, født i Hvideseid. Kona er Anne Margrete Jakobsd., 35 år gamal født i Øster Moland. Dei har borna Jakob Andreas 1 år gamal, og Gurine Marie 4 år gamal, begge født i Øster Moland. Husfaderen er grei, han finn ein i Loupedalens Ættesoge for Kviteseid under Eidstoi nr. 31. Han heiter der Tarjei Jonson og er født i Vrådal i 1825. Ved folketelinga 1865 bur far hans og stemora på Holte i Vrådal. Etter Telemark to America s. 161 reiste denne Tarjei Jonson Holte med familie til Amerika i 1868, kanskje 1865. Spørsmålet er, er det nokon som kan hjelpe til med opplysningar om Anne Margrete Jakobsdtr. født ca 1830 i Austre Moland. Eg har bladd gjennom den skanna Ministerialboka for Austre Moland for åra 1829-1831 utan å finne noko. Mvh Egil J. Tveit

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil J. Tveit

Tusen takk, Ann-Mary.Det er henne. På ei oversikt over gravene på Concordia Cemetry i Minnesota står det rektignok at ho er født 28.04.1828. Der står det og at jentenamnet hennar var Skarie. Så vidt eg kan lese av kyrkjeboka så står det Jacob Stiansen Skare og Anne Margrete Thorsdtr. som foreldre. På folketelinga 1865 er Anne Margrete Torsdtr. f.1790 oppført som enke på Skare på Tromøya med ugift dotter Birte Margrethe Jakobsdtr.Mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.