Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Ørjan Kvaløy

[#56596] På orlogstokt til Bordeaux, ca. i 1812

Recommended Posts

Gjest Ørjan Kvaløy

Lærer, språkmann, historiker og bygdebokforfatter, Kristian Audne fra Leka, skrev en kladd til bygdebok for Leka, omkring 1920.Her har han bla. et par opplysninger jeg har fattet interesse for:To unggutter fra gården Kvaløy i Leka, ble utskrevet til millitærtjeneste rundt 1810-12. De havnet i marinen (som vel var vanlig i distriktet), de har kommet på et orlogsfartøy, og vært med dette fartøyet bla. på tokt til Bordeaux under napoleonskrigen. (Norge-Danmark var som kjent alliert med Frankrike).Disse to ungguttene var:1. Christen Gjertsen, f. 17912. Hans Christensen, f. 1789Begge fra Kvaløy, Leka.Over nevnte Kristian Audne var meget nøyaktig, og han tilbrakte mye tid ved statsarkivet i Trondheim, riksarkivet i Oslo, og han var visst i København også. Jeg har ingen grunn til å tvile på hans opplysninger. Han oppgir ingen kilder, så det store spørsmålet er da: Hvor har han funnet disse opplysningene?Kan opplysningene bekreftes/verifiseres?Den dansk-norske flåte ble røvet/ødelagt i 1807 av britene, så det høres jo litt merkelig ut. Noen skip slapp vel unna, nye skip ble bygd, men likevel skulle det vel by på et par utfordringer å komme seg fra Norge til Bordeaux i 1812?Finnes det i hele tatt noen kilder som opplyser om et slikt tokt?Finnes det mannskapslister, innrulleringslister ol. fra denne perioden, som kan opplyse hvor Christen og Hans oppholdte seg?Ørjan

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Sigdestad

Alle fartøya vart nok ikkje øydelagde eller røva:Den norske flåten i 1814 bestod av fylgjande fartøy:7 orlogsbriggar + 1 under byggjing, 1 skonnertbrigg, 8 skonnertar, 2 kutterar, 46 kanonsjaluppar, 2 mortersjaluppar, 51 kanonjoller, 9 transportfartøy og 1 armert barkasse.Kjelde: Sjømilitære samfunds marinekalender 1814-1934.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Takkar, Gunnar!Da kan vi konkludere med at eit slikt tokt var mogeleg, i alle fall i teorien. Vi får tru at det var eit skip av rimeleg bra storleik som drog i veg. Om eit skip har kommi seg frå Noreg (Danmark) til Bordeaux, må de vel ha passert gjennom Den Engelske Kanal? Evt. rundt Storbritannia. Med den mektige engelske flåta godt representert i desse farvatn, kan det virke vanskeleg.Eg har lest fleire bøker om denne perioden, mest faglitteratur, men altså ingen ting om noko orlogstokt til Bordeaux. Om det er ei faktisk hending, er ho vel så pass spesiell, at ho må ha vori omtala ein stad?ØK

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Ikkje urimeleg, men tar det ikkje i farten. Litteratur finst, har rimeleg god oversikt det som skjedde i norske farvatn men ikkje i dei danske. Og Napoleon heldt på i lengere tid og bygge opp ein invasjonsflote (Mot England) i Vliessingen i Nederlanda med bemanning av m.a. danske og norske sjøfolk.Han hadde også planar om å sende ein invasjonsflote frå Noreg; men kor luftige eller jordnære dei var, har eg ikkje sett noko om. Kanskje er her ein samanheng? Eg må få lot til å sove litt på det, treng litt tid til eit litteratursøk av det eg har tilgjengeleg. Har du namnet på fartyet og eller/kvar dei hamna? Til København?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Sorry, har ikkje nokon litteratur som omtalar eit slikt tokt til Bordeaux. Men det ville hjelpe på mykje i eit litteratursøk om ein har namnet på fartyet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Sigdestad

Eg ville tru at dersom dei var så langt som til Bordeaux i dei dagar, var dei mannskap på eit handelsfartøy. Dersom dei var innrullerte i marinen, var vel lågaste aldersgrensa der atskillig høgare enn ho er idag, eg ville tru mellom 23 og 25 år, utan at eg har dokumentasjon for det. Eg ser i marinekalenderen at den svenske fregatten 'Galatea' var på Middelhavstokt 1815-1816, men dei var vel neppe påmønstra der, sidan det står at det var berre ein del norske offiserar som var 'volontairer' ombord. Neste gong det var norske orlogsfartøy så langt, var 1821-22 då orlogsbriggen 'Fredriksværn' var på Middelhavstokt. Då hadde dei anløp i Gibraltar, Marseille, Toulon, Cadix, Tanger, Malaga og Mogador. Men det er vel heller ikkje noko i vegen for at det kunne ha vore så seint som i 1822?Bordeaux var gjestehamn for den norske marinen 2 gonger i løpet av 1800-talet, begge gongene av korvetten 'Ellida', på vintertoktet 1886-87 og 1898-99.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Er ikkje heilt samd med GS. Sidan Danmark-Norge var alliert med Napoleon, er det ikkje urimeleg at Kongen i København kunne sende eit orlogsfarty i hemmeleg eller spesialoppdrag til Bordeaux. Og var dei to lekaværingane t.d mannskap på eit kaperfarty, er moglegheitene for eit anløp av fransk hamn enda større. Mannskapa på ein orlogsmann kunne under Napoleonskrigane vere heilt ned i 12-13 års alderen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tom Erik Grannes

Hei..Rundt 1809 påla Napoleon Fredrik den 6. å stasjonere en dansk(/norsk) eskadre i Vlissingen. Mange nordmenn var offiserer og mannskap på disse fartøyene. Det er hverken umulig eller utrolig at et eller flere av disse var på tokt sydover som del av fastlandsblokaden. Har du prøvet om orlogsmuseet i København kan hjelpe deg?mvh teg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Takk for mange gode innlegg!Dette var nok eit skott i blinde, da eg har eit veldig tynt grunnlag. I og med historia er såpass spesiell, tenkte eg kanskje nokon har høyrt om henne. K.A. skriv spesifikt 'orlogsfart/orlogstokt' ikkje kaperfart. Men om vi seier kaperfart, finst det da noko i kjeldene om eit tokt til Bordeaux? Også her inne på forumet har det vel vori diskutert kaperfart i den aktuelle perioden, med utgangspunkt i Trondheim.Har vori i kontakt med marinemuseet, har bla. fått dette svaret: 'Frankrike bygde nye fartøyer som besatt – men manglet mannskap. Danmark hadde mannskap men ikke skip. Danmark fikk da bemanne 2 Linjeskip (Pultusk og Danzig) og 2 fregatter under fransk flagg. Lite populær tjeneste for dansker – som dog håpet få kjempe i hjemlige farvann, hvilket de ikke fikk. Senere ble disse besetningene beordret overført til andre franske fartøyer ved Brest. Om dette ble det en dragkamp som endte med at 2 danske sjefer ble arrestert (Rosenwinge og Holsten) – 28 jan 1809.Da det våren 1809 brøt ut krig mellom Frankrike og Østerrike – forlot omsider den franske arme Danmark. Men Napoleon ønsket å beholde de 2 danske besetningene – og i tillegg ha 2 nye. Og det fikk han – for at Danmark skulle slippe andre styrkebidrag – og de ble i fransk tjeneste til 1813. (Merk de tjenestegjorde ved basen Schelden. Selv om det var lite givende tjeneste – var det mange OFFISERER i Danmark og Norge som ønsket den – fordi det var få muligheter i Danmark/Norge, og fordi Frankrike betalte godt (ikke bare de verdiløse papirpengen men fikk i Da/No.). Blant mannskapet var den mindre populær – og i Kr-sand brør det engang ut mytteri blant mannskaper som skulle til Antwerpen for slik tjteste. Frankrike hadde stor respekt for danske offiserers dyktighet. Særlig langt kom kommandørkaptein J van Dockum – som ble fransk admiral og medlem og senere offiser av æreslegionen.'Dette skulle kanskje tyde på at det var ganske mange nordmenn i fransk teneste, og at dei mogeleg var i Bordeaux?ØK

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Sigdestad

Dette var interessant, Ørjan!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Til Ørjan: Marinemuseet sit inne med detaljkunnskap som eg ikkje har! Trur dette må vere løysinga, du får utfordre museet til å hjelpe deg med å finne fram aktuelle mannskapslister. Den norske kaperfarten er omtala i det grunnleggande verket av Joh. N. Tønnessen: 'Kaperfart og skipsfart 1807-1814'. Cappelens forlag 1955. Tønnessen omtalar svært grundig den 'sivile' kaperfarten'. Om eg ikkje har misforstått, dreiv også kanonbåtane og andre orlogsfarty kaperi når det høvde seg, men Tønnessen kjem lite inn på det. Her er mykje god lokalhistorie i denne delen av 'Vår nære fortid' - men beklagelegvis druknar svært mykje i støyen kring Grunnlova og 17. mai.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Gledeleg at min lille tråd vekker interesse! Kor Kristian Audne har vori etter denne informasjonen, veit eg som sagt ikkje. Det kan like godt ha vori i København. Eg førestiller meg at vi er på upløygd mark her, og at ein kanskje må gjennom milevis av hyllemetre av primærkjelder. Det har ikkje eg kapasitet til akkurat no. Mine opplysingar om emnet skriv seg frå avskrifter av ein kopi av Kristian Audnes originalmanuskript, og da berre små delar av manuskriptet. Eg skal ta meg tid ein dag til å studere materialet nærmare.Men eg har ein liten godbit til, ettersom interessa er vekt, og folk med dataljkunnskap har vori innom her, kan eg leggje inn ei ny etterlysning. (Eg hadde tenkt å starte ein ny tråd, men eg tek sjansen her):Over nemnte Christen Gjertsen f. 1791, Kvaløy, Leka, hadde ein eldre bror, Hans Gjertsen (1789-1854) (Han er min 2xtippoldefar) Hans hamna også i den dansk-norske marinen (han var orlogsmann) det er antyda at han også var innom Bordeaux, men den opplysninga er meir usikker. Det som er sikkert, og bekrefta av eit par uavhengige, skriftlege kjelder, (også familietradisjon) er at han etter krigen (1815-21) var jektmann og sjømann (skipper?), med utgangspunkt i Trondheim. (Mannskapsruller?) Han deltok da på noko som vel var nokså uvanleg for ein gutunge frå Leka først på 1800-talet: Han var med på tokt/fraktfart med ei seglskute frå Trondheim til Livorno i Italia. (med klippfisk?) Har nokon kjennskap til dette? Eg skriv 1815-21 fordi eg meiner det var etter krigen, og at det var eit sivilt skip. Hans kom heim til Leka i 1821, så det må ha vori før. Altså, kjenner vi til at ei norsk seglskute har reist frå Trondheim til Livorno ein stad mellom 1815-21?Da Hans kom heim, fungerte han som los i mange år. Han var kjent for å vera ein god sjømann, med god kjennskap til seglskuter og sjøfart generelt, samt med god lokalkjennskap. Hans Gjertsen spilte ei sentral rolle da skonnerten 'Janne Fredrikke' frå Bergen grunnstøtte ved Leka i 1848. Visstnok var det han som berga både skipet og mannskapet frå ein viss død.Ørjan

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.