Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Olav Momrak-Haugan

[#56610] Manglande registrering i 'Database med innlagt bilete'

Recommended Posts

Gjest Olav Momrak-Haugan

Eg la inn eit bilete på 1900teljinga for 0831 Fyresdal og på 294 Gnr 92/1 Midtgården. Biletet ligg på plass med all tekst, men no opplever eg ein gong til at dette ikkje vert registrera i 'Database med innlagt bilete'. Eg fekk raskt opp eit eller anna om at denne WEB sida var utløpt, den var ikkje gyldig lenger, eller noko liknande, det meiner eg at eg fekk sist og? Dette finn dykk nok ut av. Olav.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Olav Momrak-Haugan

Det som er nemnd ovanfor må vere ein enkel teknisk feil i serveren som er lett å rette på? Hadde eg ikkje sett etter på lista, eg synest det er så interessant å sjå på nye bilete frå andre etter kvart som dei kjem inn, hadde eg ikkje vore merksam på denne svikten. Kanskje det er ein del andre som ikkje er merksame på at det er slik for dei og? Dersom dette gjeld bare meg, og det er andre gongen, så veit eg ikkje om fleire bilete eg skal legge inn no i næraste framtid! Med beste helsing. Olav.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Olav Momrak-Haugan

Det er ein unødvendig og skuffande feil at 'Midtgården' enno ikkje er registrera i 'Databasar med innlagt bilete, sist innkomne på topp'. Men biletet og omtala ligg korrekt på garden, eg har gjort mitt arbeid og eg kjem ikkje til å kontakte fleire gonger. Lukke til vidare. Olav

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Olav Momrak-Haugan

Det er ein unødvendig og skuffande feil at 'Midtgården' enno ikkje er registrera i 'Databasar med innlagt bilete, sist innkomne på topp'. Men biletet og omtala ligg korrekt på garden, eg har gjort mitt arbeid og eg kjem ikkje til å kontakte fleire gonger. Lukke til vidare. Olav

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Du lyt nok venta lenger. Det er berre eg som kan retta opp i dette og eg prioriterer det som alle har nytte av. Som du kanskje har sett arbeider eg no med å utvikla system for å kunna søkja gjennom alle databasar. Det gjer i all den tid eg kan bruka på det, helg og vyrke. Det at dine bilete ikkje legg seg på plass i lista over nye bilete, er rart, fordi det stendig kjem inn nye. Og sidan det har skjedd meir enn ein gong er det noko meir enn ein tilfeldig feil. Det vil kosta meg nokre timar å finna ut av dette. Dei timane kan for tida brukast betre. Eg kan diverre ikkje gjera fleire ting samstundes.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Olav Momrak-Haugan

Hjarteleg takk for god informasjon, tidkrevjande for deg. Eg har lagt inn vel 50 stk. bilete totalt sett, utan problem, men ved det nest siste dukka dette problemet opp. På førespurnad vart det på ein blunk retta opp av dykk, det var difor eg trudde det var like enkelt denne gong og. Som tidlegare sagt synest eg det er eit sers interessant og viktig arbeid dykk gjer her, fylgjer interessera med, seier meg lei for ekstra bry og ynskjer deg og dine lukke til vidare. Olav

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

No skulle det vera i orden. Men eg klarte ikkje finna ut kvifor det gjekk gale.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Olav Momrak-Haugan

Igjen hjarteleg takk, men det er stadig bry med meg: Midtgården ligg ikkje i 0820 Lunde, men i 0831 Fyresdal! No skal eg halde fred ei stund. Ha det bra. Olav

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

No skulle det vera i orden også. 'Fred er ei det beste ....'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.