Gå til innhold
Arkivverket

[#56635] Magnus Alfred Andersson og Olga Emilie Kristiansdtr. Øen (Dalsøya) i Fjaler


Gjest Torbjørn Hillersøy
 Del

Recommended Posts

Gjest Torbjørn Hillersøy

Er interessert i å få vite når dei vart gift og evt. born. Magnus (f. 1895) var frå garden Batalden i Kinn pr.gj.. Olga (f.1899) var frå Øen.Har hørt rykter om at dei seinare flytta til Hordaland.Er det nokon med lokalkunnskaper som veit noko om desse?Helsing Torbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Agnar Fitjar

Ekteparet er nevnt i bygdeboka for Fjaler bind 2 side 48.Magnus har der etternavn Langø.Det står også opplysninger om søsken til Olga.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

DIS-Norge - gravminner:Id Fnavn Enavn Pnavn Fdt Får Ddt Dår Bdato Bår Kj Merk F R Gnr Mtekst B Gravsted Kommune Kirkesogn1485636 Magnus Langø 1102 1895 1005 1974 1505 1974 C 15 32 Dale Fjaler Fjaler1485637 Olga Langø 2607 1899 1011 1975 1511 1975 C 15 33 Dale Fjaler Fjaler

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torbjørn Hillersøy

Takk for opplysningane Agnar og Gisle! Står det ingenting om born til Magnus og Olga i bygdebok for Fjaler bind 2?Torbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Gjest Torodd Kinn

Hei, Torbjørn!Magnus og Olga hadde ikkje barn saman. Magnus hadde vore gift med Jørgina Bertelsdtr. Ånnevik (1882-1934). Dei hadde tre barn: Bjarne Langø f. 1916, Alfhild Langø f. 1920 og Magne Langø f. 1922. Magnus og Jørgina budde på Olderøya, mellom Frøya og Bremangerlandet. Når Magnus gifta seg med Olga, veit eg ikkje, men dei budde iallfall i Dale i Sunnfjord.Eg er soneson av Magnus si syster Amanda f. 1896.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torbjørn Hillersøy

Hei Torodd! Hjerteleg takk for desse opplysningane! Dette var nytt for meg!Eg held på å skrive ei slektssoge for Batalden og eg er svært interressert i å få vite meir om kva som hende med borna til Magnus. Veit du forresten når Magnus og Jørgina vart gift?Eg er óg interessert i å få vite meir om Amanda og hennar familie også! I frå scanna kyrkjebøker har eg fått vite at ho hadde 3 born før 1920: Birgit, Mabel Alfreda og Torbjørg Marie. Fekk ho og Albert fleire born?Helsing Torbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torbjørn Hillersøy

Orsak! Det gjorde dei selvfølgeleg, sidan du er soneson hennar! Kan du hjelpe meg med dei yngre borna deira?Torbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Hei igjen! Nei, eg veit ikkje når eller kor Magnus og Jørgina gifta seg. Barna: 1. Bjarne g. 1948 m. Anna Refsnes frå Eid. Busett på Stårheim. Sju barn: Jorunn (1949), Kjellrunn (1950), Gunnvald (1952), Margit (1954), Einar (1957), Anne-Britt (1959), Arve-Kåre (1961). Eg trur både Bjarne og Anna er døde no, men det er ikkje mange år sidan. 2. Alfhild g. 1) m. Olav Helle frå Dale i Sunnfjord. Barn: Aud (1939). Alfhild g. 2) m. Peder Olsen frå Hetlevik på Askøy. Busett: Åsane (?). Barn: Otto (1949), Gerd (1951). Eg trur både Alfhild og Peder er døde for ei god stund sidan. 3. Magne g. m. Sella Enes frå Hardanger. Busett på Dalekvam. Barn: Reidar, Jofrid (1952), Inger. Sella døydde i 2008, og då var ho enkje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

... og så var det Amanda. Amanda Oluffa Marie Andersdtr., f. 1896, Store Langøya i Batalden, foreldre: Anders Madsson og Marie Olsdtr. Amanda g. 1) 1915 m. Albert Olai Tomasson, f. Kinn 1889 (slektsnamn Bjørnsen). Bustad: Kinn. Barn: 1. Birgit (1915-1915) 2. Mabel Alfrida (1916-2007) 3. Torbjørg Marie (1918-1998) 4. Birger Oddmund (1920-1941) 5. Arne Bjørn (1922-1993) 6. Otto (1924-) 7. Alberta Anni (1927-) Albert d. 1927. Amanda g. 2) 1931 m. enkjemann Jonas Absalonsson, f. Kinn 1868 (slektsnamn Kinn). Bustad: Kinn. Ingen barn. Jonas d. 1952. Amanda g. 3) 1957 m. enkjemann Daniel Gunnarsson, f. Misje i Fjell 1889 (slektsnamn Misje). Bustad: Misje. Ingen barn. Daniel d. 1968. Amanda flytta til Florø, døydde der 1977.Barna til Amanda og Albert: Mabel g.m. Sverre Salamonsen frå Kinn. Busett Rognaldsvåg, seinare Florø. Ingen barn. Torbjørg g.m. Ditlef Fester frå Ytre Reksta. Busett Ytre Reksta, ho som enkje i Florø. Barn: Erik Dagfinn (1941), Aud Elise (1947), Torbjørn Olav (1955). Birger Bjørnsen forliste med Blia i Nordsjøen, i Englands-farten under krigen. Arne Albertsen g.m. Marguerite Macdonald frå East Saltoun i Skottland. Busett: Skottland, East Saltoun, seinare Haddington. Barn: Astri (1944), Marguerita (1949), Arne (1954). Otto Kinn g. 1953 m. Tordis Henriksen frå Kinn/Reksta. Busett Kinn, no dels Florø. Barn: Gerd-Sissel (1955), Anne-Beate (1959), Torodd (1967), Stig Inge (1975). Alberta g.m. Edvin Gjertsen frå Rognaldsvåg. Busett Rognaldsvåg, seinare Florø. Ingen barn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torbjørn Hillersøy

Hjerteleg takk for alle desse opplysningane! Berre sei frå dersom det er noko du treng å vite om forfedrene til Magnus eller Amanda! Men du har vel samla det som er av opplysningar, tipper eg.Helsing Torbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torbjørn Hillersøy

Eg har endå eit spørsmål til deg!Kjenner du til Samson Bertinus Bendikson på Kinna (f.1898), som vart gift med ei Oleanna? Veit du når dei vart gift og kva borna heitte?Samson var forøvrig bror til Lars, som var gift med Olufine Amalie Tomasdtr. frå Kinna. Ho var syster til Albert. Men dette kjenner du sikkert til.Helsing Torbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Til (11) Berre hyggjeleg. Eg har forresten nokre tilleggsopplysningar som eg nøler litt med å leggje ut her. Du kan få dei per e-post. Adressa mi er kinning ÆTT online.no.Du har heilt sikkert mykje som eg vil vere interessert i, særleg om etterkommarane til forfedrane mine. I tillegg til Anders Madsson St. Langøya si slekt er eg interessert i slekta til Oline Olsdtr. Asholmen (FT1865) og Kristi Olsdtr. Litle Langøya. Dei var systrer av oldefar min, Henrik Olsson Kinn, frå Indrehus i Bremanger. Men dersom Batalden-boka di kjem snart, ...Eitt spørsmål likevel: Veit du noko om opphavet til Anne Nilsdtr. Batalden, g. 1810 m. Bertel Nilsson Batalden, f. Ullaland i Naustdal?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Så til (12):Eg veit ikkje når Samson og Oleanne vart gifte. Ho var frå Skatestraumen.Dei hadde to barn: Svein (1929-74), busett dels på Kinn, dels ein stad på Austlandet. Gift med Maud. Barn: Olga Marie (1950?), Bjarte (1951), Yngve (1956), Sølvi (1958). Odd (1933-), busett i Florø. Skild. Barn som eg hugsar: Randulf (1962), Oddbjørn (1965), Norunn (1967).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torbjørn Hillersøy

Mi e-post-adresse er t-hiller@online.no, men eg må jo seie at eg har fått det eg treng av opplysningar til bruk i slektsboka, og vel så det!Eg håper å få ut boka til jul, men eg sender deg opplysningar om dei du nevner til din e-post.Anna Nilsdtr. kom frå garden Berge i Opheim sokn i Voss pr.gj.. Ho vart fødd 1781. Foreldre var Nils Nilsson og Ingrid Kjellsdtr. Berge. G.m. Bertel Nilsson 1/7 1810.Syster til Anna, Ingeborg, vart gift med Gjert Olavson og busett på garden Tyvåg på Svanøya. Eine dottera deira; Elen Gjertsdtr., vart gift med Nils Bertelson; son til Bertel og Anna! Takk for nye opplysningar! Helsing Torbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Fantastisk at du kjende til Anne Nilsdtr.! Dette holet i anetavla har irritert meg i årevis. Men kor har du funne opplysningane som knyter identifiserer henne som Anne Nilsdtr. Berge?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torbjørn Hillersøy

Nei, ingen kommentarer! Det er dei same data som eg har.Det var Torger Yri si nettside som gav meg linken til Berge.Systera til Anne; Ingeborg, vart gift med Gjert Olavson Tyvåg (på Svanøy). Dottera Elen Gjertsdtr. vart gift med syskjenbornet Nils Bertelson, son til Bertel og Anne! Dei busette seg på Store Langøy under Batalden.Torbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torodd Kinn

Eg trur vi kan rekne det som temmeleg sannsynleg at Anne Nilsdtr. Batalden = Anne Nilsdtr. Berge, sjølv om ingen kjelder som vi har funne, seier det direkte. Indisium: 1) Broren Nils Nilsson Berge flytta ifølgje bygdeboka for Vossevangen til Kinn prestegjeld med kona Anne Hermundsdtr. Dei fekk sonen Herman i 1817 og budde då på Rise i Bremanger, på den tida del av Kinn. 2) Systera Ingeborg/-bjørg Nilsdtr. flytta til Tyvågen på Svanøya i Kinn. Vi veit frå vigselen at det er ho frå Berge på Voss. 3) Bertel Nilsson, mannen til Anne Nilsdtr. Batalden, var forlovar då Ingeborg Nilsdtr. gifta seg. Det ser ut til at tre sysken flytta frå Voss til Kinn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.