Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Ørjan Kvaløy

[#56701] Slekta KRUSE i Ytre-Namdal

Recommended Posts

Gjest Ørjan Kvaløy

Denne slekta var godt representert i distriktet allereie på 1600-talet, med Alethe Hansdatter Hagerup (1642-1713), oldebarn av Otte Kruse i Trondheim. Så vidt eg kjenner til, var ikkje Kruse-namnet i bruk den tida, men rundt 1680, dukkar det opp ein ny Kruse i distriktet, Jens Jensen Kruse, (F. ca. 1644) Han hadde bla. sønnen Jens Jensen Kruse d.y (ca. 1711-1781)Nærøy bygdebok V s. 197 skriv: 'Den første vi kjenner av Kruse-ætta i Nærøy prestegjeld, Jens Jensen d.e kom til Storval for å være leilending på Christopher Tørrisens gårdpart. Årstallet kan vanskelig oppgis, men må stå i nærheten av 1680. I følge 1701-manntallet, var Jens Kruse da 57 år, og dermed født ca. 1644. Familien er godt skjult, men en sønn holdt til på Storval, og det er kjent at slekta sto sterkt i Vikna etter at handelsborger Hans Ottesen Kruse omkring 1660 kom til Frelsøya i Vikna. Det er også ei ættegrein i Leka.'Vidare hadde denne Jens Jensen Kruse d.e ei datter, Daaret (Dorothea) inngift på Nakling i Kolvereid. (NBB III s. 202) Vidare dukkar det opp en Jens Jensen Kruse på nabogården Horvereid. (Frå Storval, NBB III s. 141) Om Jens Jensen Kruse på Horvereid står følgjande: 'Ingeborgs oppgifte med Jens Jensen Kruse hadde større betydning for gårdens historie enn det da var mulig å spå om. Jens var nær slektning av landkræmmer Jens Olsen Kruse på Rossøya. Det heiter at ætta kom fra RØROS.'Det ser vel ut som Jens Jensen Kruse, f. ca. 1644 er stamfar til dei fleste Kruse'ne i Nærøy og Kolvereid. Det er også nemnt ei grein av slekta på Leka, utan at det er nærmare spesifisert.Hans Ottesen Kruse på Frelsøya er kjent. Han var vel son av stamfar, Otte Kruse i Trondheim. Gift med Luzie Olsdatter. Viknaboka III s. 320-21 fortel litt om denne familien. Det er nemnt 4 born:1. Oluf Hansen Kruse gm. Kiersten Larsdtr. Gren2. Maren Hansdtr. Kruse gm. Jens Pedersen Schanche3. Anna Hansdtr. Kruse gm. pastor Henrik Pedersen Munch, gm. 2 Mads Humle4. Otte Hansen KruseAlt dette er kjent stoff, både her på forumet og div. andre fora, inkl. ymse slektssider. Det eg ikkje kan klare å finne, er denne Jens Jensen Kruse f. 1644, og hans opphav, evt. forbindelse med Otte Kruse. NBB nemner at opphavet var på Røros. NBB nemner også ei sletsgrein på Leka, og det er her eg kjem inn (eg stammar allereie frå Otte via 2-3 sletsgreiner) I 1761 står det et bryllaup i Leka kyrkje, det er Hans Svendsen, Vågan (1732-1771) som giftar seg med Cecilie (Sissele) Jensdatter Kruse. Hennar opphav er ukjent, men ho var ikkje frå Leka. Eg har notert født ca. 1736. Med 3-4 Jens Kruse i nabokommunane (Nærøy/Kolvereid) skulle ein tru ho var dotter av ein av dei, men det har eg så langt ikkje greidd å konstatere.Cecilie Jensdatter Kruse hadde bla. dottera Elisabeth Hansdtr. Ho vart igjen mor til Jens Hansen Kruse (1794-1824), som eg stammar ifrå.Mine spørsmål blir da:1. Kor kom Jens Jensen Kruse f. 1644 ifrå?2. Var det slektskap mellom Jens Jensen Kruse og Hans Ottesen Kruse?3. Kor kom Cecilie Jensdatter Kruse ifrå, og kva var hennar slektskap med dei to over nemnte Krus'ar?Ørjan

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ørjan Kvaløy

Etter minimal respons på denne tråden, forsøker eg igjen med ei lita oppfrisking! Kruse-slekta skulle vera godt kjent, så det er merkeleg at ingen veit noko. Ventar i spaning!Ørjan

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.