Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#56896] Else Milde (Axelsdotter?) Mørch frå Sund(?) - gift i Bergen 1727 - kven var ho?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Else Milde Mørch stod brur i Nykyrkja i Bergen 11.5.1727 då ho gifte seg med gullsmed Søren Pederson Teiste frå Hafslo i Sogn (1700-1753).Parfolket fekk to søner, Peder og Axel, og eg mistenker Else Milde Mørch for å vera dotter av ein Axel Jensson Mørch som skal ha butt i Sund og søster av Søren Axelson Mørch som 5.1.1722 gifte seg i Bergen med Sara Albertsdotter Hof.Er det nokon som har vidare kunnskap om denne huslyden? Var Else fødd i Sund og i so fall kva tid og på kva gard? Kva var faren sitt yrke, og kven var mori?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddvar Søreide

Dei var nok busett i dagens Sund kommune på garden Sund, der prestegarden låg. Faren Axel Jensen Mørch var klokkar og barna var mulig født i Sund, men det finnes ikkje kyrkjebøker fra Sund på den tiden. Du må i såfall prøve om det er kilder som fortell kortid han vart klokkar i Sund. Du kan også søke informasjon i tingbøkene, der faren Axel Mørch er nevnt mange ganger. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddvar Søreide

Det kom visst ei gammal lenkje inn. Her er de i 1701 Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddvar Søreide

La det være sagt eller skrive eg har ikkje funne Else som datter av Axel Mørch.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddvar Søreide

Dette er ei datter av Axel Mørch, så om du kan koble henne til Else så har du litt å gå etter. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Her blir Else Mille gravlagt 20.06.1781 i StJ. Hun var da 91år, trolig født rundt 1690.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Oddvar og Rune for spennande og nyttige innlegg.Me har ikkje noko prov for at Else verkeleg var dotter av klokkaren i Sund, men oppkallingi til sonen (Axel) er eit kraftig indisium. Elles kan me kanskje få hjelp av namni til døtrene til dette paret? Mor til Søren Pederson Teiste heitte Maren, og døtrene etrter Søren og Else hadde namni:* Maren (1727)* Adelus Lisbeth (1729)* Mette Marie (1731)* Lisbeth Marie (1736) (fødd etter at Adelus og Mette var avlidne)Hadde nokon av dei kjende borni etter Axel Mørch døtrer med namn som liknar på desse?Eg bør kanskje leggja inn eit spørsmål om dette problemet i Arkivforum for å sjekka Sollieds arkiv?Elles er det flott at du Rune har funne dødsfallet hennar Else i Bergen!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.