Gå til innhold
Arkivverket

[#56942] Ole Sørenson Frønningen, fødd i Sogndal 1791 - kvar vart det av han?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Husmannsfolki Søren Bottolfson og Kirsti Olsdotter budde på Sagi under Frønningen i Fresvik, Leikanger og fekk fleire born, inkl.:* Ole Sørenson, døypt i Sogndal 10.7.1791, budde i 1801 hjå foreldri sine på Frønningen, men vert sidan borte.Eg har søkt etter Ole i basane til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og ogso i Bergen, men eg har so langt ikkje lukkast finna att denne karen nokon stad, so no kastar eg ballen vidare...Eg takkar so mykje på førehand for alle tips kring lagnaden til denne guten.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle for fleire spennande og interessante innlegg!Eg har studert opplysningane om Ole Sørenson, og, jau, eg trur du har rett, Gisle; mykje tyder på at det er Ole Sørenson frå Frønningen som etter kvart busette seg på Råke i Solund, sjølv om han ikkje var heilt ''dugeleg'' med namneoppkallingane av borni sine...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hei på deg, Gisle!Jau, Kirsti Olsdotter er fødd på Mo i Hafslo av dei foreldri som du nemner, men dåpen er ikkje innskrivi i kyrkjeboki. Eg har lagt fødselsåret hennar til kring 1753, men alt kring 1761 flytte ho med foreldri sine til Åberge i Sogndal.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Takk,Då er det ikkje ho som skjuler seg bak denne oppføringa: LenkeSer no av skifet etter foreldra at ho skal vere 10 år i 1764 (sk. dato: 22.3.1764).MVH Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.