Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Thor Böhmer

[#57037] Tordenstjerne, Solum i Skoger , Gullaug i Lier og Tokstad i Ringsaker

Recommended Posts

Gjest Per Nermo

(Else/98:) Du har selvsagt rett. Siste bisetning i mitt innlegg #96 burde istedet lyde '' , og at Aril, Joen og Ingeborg er fra et tidligere ? ''.(''Thore®, Gudbrand og de andre'' (dvs. Hans, Ingeborg, Sigri, Randi og Siver) er Lisbet Oudensdatter's ektemann og hans søsken ... !)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Nermo

(Thor/93:) Om nå Lisbeth Oudensdatter skulle være halvsøsken av Aril, Joen og Ingeborg Oudensbarn Skyberg så virker det for meg som hun egentlig burde være eldre enn dem, siden hennes 2. datter (Malene) får barn (Christen) allerede i 1751, mens Aril er f. rundt 1605/1610. Lisbeth _kan_ dog (med et nødskrik) være f. så sent som ca.1610 ...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ole Kristian Sveen

(90). Gudbrand Sogstad var Gudbrand Jensen Sougstad F.1584,80 år i Fogdemantallet 1664 for Ringsaker. Odelssk.1657 for Ringsaker: Gudbrand Sougstad i Lysbakken i Øyer Prestegjeld 2 skind.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jakup Skjedsvoll

Eg er for dårleg kjent både med gamle slekter og i geografien på Hedmarka til virkeleg å kunne yte noko positivt i denne debatten, men eg snakkar ofte med Ole Kristian Sveen på Furnes og eg prøver meg på ei lita oppsummering frå vår side. Dette innlegget byggjer i det vesentlege på drøftingar med han sist helg, på grunnlag av dei kjeldene han har funne fram til. Når det gjeld kjeldegransking, er mitt bidrag i det vesentlege Vedemgardane.Det er ein del som kan tala for at Lisbet Oudensdotter var frå Skyberg. Patronymet stemmer. Ho kan vera fødd til rett tid. Skyberg ligg ikkje langt frå Tokstad, og folk tok seg gjerne ektefelle i nærleiken denne tida, om ikkje alltid. Ho var av ”godt” nok folk til å kunne giftast til Tokstad. Oppkalling kan også tala for. På Skyberg er Ouden nemnt i skattelister frå 1612 – 1635, deretter Malene Skyberg fram til 1640. Det talar sterkt for at ho var enkje etter Ouden. Viss Lisbet var dotter til henne og Ouden, ville det vera normal oppkalling når andre dottera til Tore og Lisbet på Tokstad også heitte Malene (som nemnt også i innlegg 93). Og ikkje minst, eit slikt ekteskap kan kanskje gjeva forklaring på Vedem-godset som kom til Tokstad ein gong mellom 1624 og 1657.Vedemgodset er enda meir problematisk enn eg har vore klår over tidlegare (88). Når vi går til odelsmanntalet for 1624, har Mikkel Refling og Per Tørud framleis jordeige i Vedem, og nå er det sagt at det er i Øyer (sikkert med Tretten), men begge har 1½ skinn mindre enn i 1615. Ouden Skyberg har ikkje lenger jordeige i ”Wrem”, men rett etter han i odelsmanntalet står Amund Skyberg med 1 hud 4½ skinn i Vedem i Øyer, her også 1½ skinn mindre enn Ouden hadde i 1615. Amund Skyberg er ellers ikkje nemnt i skattelistene. Eg tolkar det slik at dei har vore brør eller svograr som har drive garden saman. I tillegg har også Torgjer Dæli 1 hud 3 skinn i Vedem i Øyer. Desse fire har dermed ei samla jordeige i Vedem, sagt å liggje i Øyer, på 5 huder 1½ skinn i 1624. Vedem på Tretten er i matrikkelen 1647 sagt å ha skyld på berre 3 huder. To av desse eigarane må derfor eige jord i ein annan Vedemgard, eller Vedem i Øyer må vera feilskrift for ein annan gard, viss det ikkje har vore eit vesentleg avtak i skylda for Vedem på Tretten mellom 1624 og 1647. (Kan hende er underliggjande øydegardar, som Lysbakken, medrekna?) Denne usikkerheita gjer det problematisk å draga sikre slutningar på grunnlag av jordeige som berre er sagt å vera i Vedem i Øyer. Ein må også kontollere om det gjeld jordegods i same garden når det dukkar opp att på nytt.Mykje talar likevel for at Lisbet Oudensdotter var dotter til Ouden Skyberg. Men eit par forutsetningar må vera oppfylte for at det kan vera tilfelle.Ho må for det fyrste ha fått med seg jordeiga i ”Weeom i Øyer” som Amund Skyberg åtte i 1624. Amund er nemnt i ei gjeldssak i Oppland lagtingsprotokoll i 1615, der ervingane til ein Nils Tjøstelsson er opprekna; ervingane er herr Bård på Biri, Ouden Skyberg, Amund Skyberg, Peder Morsing, Tollev Kvarberg og Ola Knutsson. Bård Nilsen var sokneprest på Biri 1603 – 1635, Ouden Skyberg hadde ein son Arild, truleg fødd like før 1600 og Tollev Kvarberg er ein stad sagt å vera 60 år i 1615. Desse tre er derfor mest truleg av same generasjon og dei oppgjevne ervingane utanom herr Bård er derfor mest truleg svigersøner til Nils Tjøstelsen. Ouden og Amund på Skyberg må derfor høgst truleg ha vore gifte med kvar si syster av Biripresten herr Bård. Om dei også har vore brør som dreiv Skyberg saman, har vi ikkje kjeldegrunnlag til å seia noko om.Lisbet har i tilfelle fått med seg det meste av jordeiga i Vedem til Tokstad, sjølv om ho i tilfelle hadde tre sysken. Vi har ikkje kjelder som fortel korleis det kan ha gått til. Ei moglegheit er at ho har vore innsett som eineerving til tante og kanskje onkel (Amund), som da ikkje har hatt livservingar sjølve. Dersom Amund og Ouden var brør og Amund døydde fyrst, ville jordeiga i Vedem også kunne gå i normal arvegang til barna til Ouden, og Lisbet kan ha kjøpt arvepartar av syskena. Det er ikkje nemnt jordeige i skiftet etter Arild Oudensson 15.12.1665, heller ikkje av det odelsgodset faren hadde i Jønsrud og Kjos (på Ring). Det viser at han eller faren i alle fall har selt odelsgods, og da gjerne til Lisbet, som hadde odel til godset og truleg hadde råd til å kjøpe. Jordeiga i Vedem kan derfor ha kome til Tokstad frå Amund Skyberg gjennom Lisbet dersom ho var dotter til Ouden Skyberg, men det er ikkje dermed bevist at det var slik.Eg ser at Torbjørn i ein annan debatt meiner at også Jønsrudgodset som Ouden åtte i 1615 og 1624 må vera kome til Tokstad. Det er to Jønsrud på Ringsaker og Tokstadfolket hadde alt i 1624 noko jordegods i Jønsrud, men så vidt eg forstår, var det noko meir ved skifta på 1660-talet. Ei mogleg forklaring kan vera at det også er kome med Lisbet, men eg trur ein her bør finlesa skifta på Tokstad for å sjå om dei kan fortelja kva for Jønsrudgardar det gjeld og eventuelt om dei fortel noko om kvar godset er kome frå.Den andre forutsetninga som må vera oppfylt, er at Lisbet må vera død mellom 21.10.1664, da ho skifta i live, og 15.12.1665, da det var skifte etter broren Arild. Det er sjølvsagt mogleg, men det er vel ikkje kjent når ho døydde. (Om arv etter bror, sjå innlegg 74 og 79).Så langt viser vel dette at Lisbet Oudensdotter kan vera dotter til Ouden Skyberg, men det står ennå att mykje før det kan seiast nokolunde sikkert, eller eventuelt avkreftast.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Thor Bøhmer

Disse Gudbrandsdølene er bra å ha sjøl i diskusjoner om slekt i Ringsaker! Innleggene er skrevet med en forskers naturlige skepsis!Det kan sikkert være mulig å finne mere informasjon, men da skal man være meget tålmodig og lese kildene med grundighet. Egentlig ville jeg vel kunne si at det hadde vært kjekt med flere skifter, men det er jo en ønskedrøm. Så vil det kanskje gi noe ved å lese rettsprotokoller, men det blir vel som å lete etter den kjente nåla!At det er viktige debatter ser en av antall lesere!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Thor Bøhmer

Det er ca 2,5 år siden vi startet denne debatten og flere har muntlig gitt uttrykk for at vi var på ville veger. Det skal bli spennende å se hvor mange år framover vi vil finne slektstavler hvor Lisbet benevnes Tordenstjerne!Eller som en sa 'Dersom hun ikke er av Tordenstjerne, hvorfor kalte hun seg det da?' Hun har i samtiden intet som knytter henne dit og den forbindelsen er død!!Men fortsatt var nok Lisbet av overklasse-slekt!Jeg for egen del kommer ikke til å bruke mere energi her nå. Men jeg lar debatten leve sitt eget liv. Takk for mange og gode innlegg!Om jeg burde foreta en oppsummering? Synes innlegget til Jakub passer bra der!Skulle det fortsettes en debatt med utgangspunkt i Tokstad, så ville det være interessant å se på mannslinjen. Den kan muligens ha vært der i 650 år, men en slik debatt må startes i en ny lenke. Jeg kommer neppe til å delta i den!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Thor Bøhmer

I Jacup sitt innlegg (106) diskuterer han en mulig tid for Lisbet Oudensdatters mulige død. Veldre bb som langt fra er en kilde, sier at hun døde i 1664. Dette kan jo være en sammenblanding med skiftet etter Tore Olufsen. Hva som evt skulle være dokumentasjon på hennes død er ikke lett å se!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.